Statleg lokaliseringspolitikk

Den statlege lokaliseringspolitikken skal medverke til god fordeling av statlege arbeidsplassar. Desse arbeidsplassane bidreg til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet, og dei sikrar heile befolkninga god tilgang til statlege tenester. Sterke regionale arbeidsmarknader og kunnskapsmiljø gjev betre rekrutteringsmoglegheiter for offentlege og private verksemder, og fleire karrieremoglegheiter for arbeidstakarar. Dette bidreg til å styrkje vekst og verdiskaping.

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon (Kgl.res. 12.08.2022) fastset føremål for den statlege lokaliseringspolitikken, og vurderings- og prosedyrekrav i samband med lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.

Retningslinjene gjeld ved:

  • etablering av nye statlege verksemder og strukturendringar
  • omlokalisering av eksisterande verksemder og nedlegging av enkeltkontor
  • etablering av nye einigar under eksisterande verksemder

Den statlege lokaliseringspolitikken skal mellom anna medverke til at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane. Vekst i eksisterande verksemder, og som har ein regional kultur, skal i hovudsak skje utanfor dei største byane.

Ved oppretting av ny verksemd eller nye einingar, og ved utflytting frå Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane, skal vurderinga innehalde alternative stader for lokalisering. Minst tre alternativ bør vurderast, eit av alternativa skal vere i sentralitetsklasse 3 til 6. Unntak frå dette skal grunngjevast.

Fagdepartementa har det overordna ansvaret for at retningslinjene blir gjort kjende i underliggjande verksemder som er omfatta av retningslinjene, og for at retningslinjene blir følgde. Fagdepartementet skal varsle Kommunal- og distriktsdepartementet ved oppstart av prosessar.

Fagdepartementet gjer det endelege vedtaket om lokalisering av underliggjande verksemder, også nedlegging av organisasjonseiningar.

Forslag om å etablere eller å flytte statlege verksemder til Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane, skal alltid leggjast fram for regjeringa.

Det er også utarbeidd ei  rettleiing til retningslinjene for statleg lokalisering