St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

10 Avsluttande vurderingar

OSSE vil òg i tida framover ha ein viktig plass i europeisk tryggingsarkitektur. Sendelagsverksemda til OSSE og det praktiske arbeidet knytt til stabilitet, institusjonsbygging, fremjing av demokratiske verdiar og menneskerettar, er organisasjonen si styrke og bør utviklast vidare.

Arbeidet i 2001 vart likevel prega av ei uvisse rundt organisasjonen si framtid og kva denne rolla skal vere. Dei to føregåande åra representerte eit høgdepunkt i organisasjonen sitt virke fram til no, med sterkt aukande aktivitet både på Balkan (Kosovo), i Kaukasus og i Sentral-Asia. Etter russisk oppfatning bar OSSE preg av å vere ein reiskap for vestlege stormakter. Det vart vist lita forståing for og merksemd om russiske synspunkt. Rett nok gjekk Russland med på at OSSE si støttegruppe til Tsjetsjenia kunne vende attende etter over to års fråvere. Dette var eit positivt steg, men det endra ikkje det allmenne biletet av aukande russisk misnøye med utviklinga til OSSE.

To andre viktige tendensar medverka til å forsterke inntrykket av tvil omkring organisasjonen si framtid. For det første kom det i 2001 ingen klare signal frå den nye amerikanske administrasjonen om kva slags rolle ein i Washington ønskte å gje OSSE. For det andre opplevde ein eit stadig sterkare ønske frå EU-landa om å gje EU ei meir konkret rolle i krisehandtering i Europa, og da særleg på Balkan. Dette førde til ein gryande debatt om rolledelinga mellom EU og OSSE.

Uvissa innan OSSE varde fram til hausten 2001. Etter terroråtaka i New York og Washington endra atmosfæren seg noko. Tilnærminga mellom Russland og USA gav seg utslag i ein noko meir forsonleg tone, også i OSSE. Både frå USA, EU, Russland og andre medlemsland, som Noreg, vart det lagt vekt på å demonstrere at hendingane den 11. september representerte eit vegskilje. Åtaka i USA hadde understreka kor viktig det var at det internasjonale samfunnet søkte nærare saman for å møte den utfordringa terrorismen representerer. Denne nye tonen medverka sterkt til at utanriksministermøtet i Bucuresti fekk eit langt meir vellukka utfall enn ein frykta på førehand. Det herska ein vilje blant hovudaktørane til å leggje einskilde vanskelege stridsspørsmål til side. Det vart semje om ei rekkje dokument, mellom anna ein handlingsplan for kampen mot terrorisme.

Likevel kan ein ikkje seie at utanriksministermøtet førde OSSE ut av den uvissa organisasjonen hadde vore i gjennom heile 2001. Dei konkrete resultata var trass alt heller små. Problema vart forsterka gjennom sterk russisk misnøye med at OSSE-sendelaga i Estland og Latvia vart lagde ned ved utgangen av 2001. Sidan dette var dei einaste sendelaga som hadde hatt som hovudoppgåve å ta vare på interessene til russiske minoritetar, vart nedlegginga sett på som ei stadfesting på at ein i OSSE ikkje høyrde på russiske synspunkt. OSSE var etter russisk meining ubalansert både med omsyn til geografi og politikk. Dette var eit synspunkt som fekk støtte frå ei gruppe andre medlemsland. Desse meinte at det vart fokusert for mykje på den menneskelege dimensjonen i OSSE sitt arbeid og hovudsakleg gjennom kritikk av ei mindre gruppe av tidlegare sovjetrepublikkar. På grunn av motstand, særleg frå russisk side, kom det ikkje til semje om eit OSSE-budsjett for 2002, sjølv etter at kraftige reduksjonar i høve til 2001-budsjettet vart godtekne.

Denne utviklinga gjekk føre seg samstundes som Russland intensiverte dialogen sin med både EU og NATO. Det var eit klart inntrykk at drøftingane med EU og NATO vart prioriterte frå russisk side framfor freistnader på å føre OSSE ut av den rådande uvissa. I tillegg var sjølvsagt det russiske synet at det ikkje var opp til Russland, men landa i Vest-Europa og Nord-Amerika, å gjere dei kursendringar som ville gjere eit meir konstruktivt samarbeid i OSSE mogleg.

Ved utgangen av 2001 var det heller ikkje kome nokon avklaring med omsyn til den amerikanske haldninga til OSSE. I Washington hadde kampen mot terrorisme naturlegvis fanga det aller meste av interessa sidan 11. september. OSSEs rolle i denne samanhengen var svært avgrensa. USA drøfta tilnærminga til Russland hovudsakleg bilateralt og innanfor NATO-ramma.

Mot slutten av året vart samstundes diskusjonen om EUs rolle i krisehandtering på Balkan intensivert, hovudsakleg som følgje av vedtaket om å avvikle FNs politioppgåver i Bosnia-Hercegovina. EU-landa vart gradvis meir opptekne av å finne fram til oppgåver som kunne gje EU ei viktigare rolle i felt i denne regionen. Difor vart det på ein heilt annan måte enn tidlegare naudsynt å trekkje opp grenser mellom eit stadig meir ambisiøst EU og OSSE.

Som nemnd er det samla sett ingen tvil om at OSSE framleis utfører eit viktig arbeid på ei rekkje felt og i fleire regionar. Organisasjonen er ein viktig reiskap i arbeidet med å skape stabilitet innanfor organisasjonens geografiske arbeidsområde og virkefelt. Samstundes herskar det større uvisse enn nokon gong før om kva rolle og arbeid organisasjonen skal ha i framtida. På grunn av dette vil mykje av 2002 truleg gå med til å drøfte reformer i arbeidsmetodane til organisasjonen og hovudstrategiar for den vidare verksemda. Utanriksministrane har gjeve Det faste rådet i oppdrag å gjennomføre ei slik drøfting.

Kva resultat dette arbeidet vil føre til, vil i stor grad vere avhengig av i kva grad Russland meiner at dei vestlege landa er imøtekomande overfor landet sine ønskemål om større innverknad, og om Moskva difor ser på OSSE som eit nyttig instrument i utanrikspolitikken sin. Det vil likevel, som det òg er nemnd ovanfor, ikkje vere heilt rett å seie at det berre er Russland som i dag er misnøgde med organisasjonen. Både i Sentral-Asia og i andre, nye statar meiner stadig fleire at OSSE ikkje i tilstrekkeleg grad fangar opp deira problem og prioriteringar. Medan mange ser på sendelagsstrukturen til OSSE som ein av dei største styrkane til organisasjonen, oppfattar vertslanda ofte sendelaga som eit «sjukdomsstempel» som ein bør verte kvitt snarast mogleg.

Arbeidet med reformer og strategi vil i stadig sterkare grad verte prega av tilhøvet til EU. Utvidinga og den gradvise integrasjonen av land der OSSE har sendelag, vil føre til ein sterkare EU-profil i område og på fagfelt der OSSE til no har spela ei meir dominerande rolle. Dette vil til ein viss grad gå på kostnad av OSSE. Eit sterkare EU-engasjement på Balkan vil truleg skje på kostnad av OSSE. Ein må rekne med at OSSE sitt samla engasjement i dette området vil minke dei neste åra, slik ein såg dei første tendensane til alt i 2001.

Arbeidet med å definere kva rolle og plass OSSE skal ha i framtida, vil sjølvsagt òg avhenge av amerikansk politikk, det vil seie korleis USA i tida framover kjem til å definere tilhøvet sitt til Europa, og kva vekt Washington vil leggje på OSSE i sin framtidige politikk i Europa.

Til tross for den rådande uvissa har organisasjonen framleis viktige oppgåver både på Balkan, i Kaukasus og i andre delar av OSSE-området. Det finst samstundes eit ønske blant ei rekkje medlemsland i OSSE om å utvide organisasjonen sin innsats i Sentral-Asia. Om ein saman med medlemslanda i denne regionen kan definere passande arbeidsoppgåver, er førebels usikkert. Føregåande år viste òg til fulle kor viktig OSSE kan vere som eit instrument som raskt kan løyse konfliktar som dei som oppstod brått i Makedonia og Sør-Serbia. Ein kan ikkje sjå bort frå liknande operasjonar i året som kjem. Nye oppgåver kan kome til dersom ein kjem fram til løysingar på konfliktane i Nagorno-Karabakh, Moldova eller Georgia.

For Noreg er det difor viktig å halde fram å arbeide som ein framståande deltakar innanfor OSSE. Gjennom OSSE gjev Noreg eit stort tilskot til å stabilisere tidlegare konfliktområde og til å førebyggje nye konfliktar. Dette er eit tilskot som er vel verdsett og i pakt med norske tradisjonar både allment og innanfor KSSE/OSSE. Organisasjonen gjev òg Noreg ein viktig kanal for dialog med EU, Russland og USA om eit breitt spektrum av sentrale politiske spørsmål. Samstundes er det viktig å ha eit realistisk syn på organisasjonen si framtid og sine arbeidsoppgåver. OSSE si rolle er i støypeskeia. Dette er ein del av den større prosessen som no går føre seg i samband med utforminga av den framtidige europeiske og euroatlantiske samarbeidsstrukturen. Norsk politikk må framleis ta utgangspunkt i at OSSE i lang tid enno vil vere eit viktig instrument i arbeidet med å skape stabilitet og samarbeid i Europa. Noreg må difor vidareføre det aktive engasjementet sitt. Det må vere i Noreg si interesse å arbeide for ei føremålstenleg arbeidsdeling mellom ulike europeiske og euroatlantiske aktørar, der ein unngår kostbart dobbeltarbeid, og samstundes gjer bruk av den sakkunna og røynsla som OSSE har fått. Det er òg viktig å intensivere samarbeidet mellom ulike internasjonale organisasjonar og institusjonar, slik at dei samla ressursane som det internasjonale samfunnet har til rådvelde, kan nyttast best mogleg.

Til forsida