St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

5 Den militærpolitiske dimensjonen

5.1 CFE-avtalen

Avtalen om konvensjonell nedrusting i Europa (CFE-avtalen) representerer framleis ein grunnpilar i europeisk tryggingsarkitektur. Avtalen avgrensar den offensive militære kapasiteten, tryggjar stabiliteten og medverkar til å motverke destabiliserande styrkekonsentrasjonar, også i krisesituasjonar i framtida. Avtalen står sentralt i det allierte samarbeidet. For Noreg gjer avtalen det mogleg å drive forsvarsplanlegging ut frå gjevne føresetnader med omsyn til utplassering av styrkar i nærområda våre. Sidan 1992 har det innanfor ramma av CFE-avtalen vorte fjerna om lag 60 000 tyngre våpen frå det området som avtalen gjeld for.

Ein revidert CFE-avtale (The Adapted CFE Treaty), som er tilpassa dei endra tryggingspolitiske rammeføresetnadane i Europa, vart underskriven av dei 30 avtalepartane sine stats- og regjeringssjefar under OSSE-toppmøtet i Istanbul i november 1999. I den tilpassa avtalen, som ikkje har teke til å gjelde enno, er den opphavlege blokk-til-blokk-grunna tilnærminga erstatta av eit system som byggjer på nasjonale og territorielle styrketak samstundes som det er bygd inn fleksibilitet til å tillate krisehandtering. Den tilpassa avtalen opnar òg for at nye partar kan slutte seg til avtalen.

Flankeregimet er av særleg interesse for Noreg. Det lukkast å vidareføre eit juridisk bindande regime for dette i den tilpassa avtalen. Det er vidare positivt at ein frå russisk side har forplikta seg bilateralt overfor Noreg, i form av brevveksling mellom utanriksministrane i mars 1999, til å vise måtehald med å auke våpenmengda i Leningrad militærdistrikt.

Den tilpassa avtalen vil ta til å gjelde når alle dei 30 avtalepartane har ratifisert han. Det er usikkert når dette vil skje. Til no har Kviterussland og Ukraina ratifisert avtalen. Ein føresetnad for norsk ratifisering, som gjeld for dei fleste andre medlemslanda òg, er at Russland oppfyller skyldnadene sine frå Istanbul-toppmøtet i 1999. Det vil seie at Russland kjem under materielltaket sitt for den tilpassa avtalen i flanken, og gjennomfører uttrekkingar frå Georgia og Moldova. Russland gjorde framsteg på dette feltet i 2001, noko som gjer det mogleg å oppfylle Istanbul-skyldnadene i 2002. Den noverande avtalen vil gjelde fram til den tilpassa avtalen tek til å gjelde.

Innanfor ramma av OSSE vidarefører CFE-avtalen sitt samrådsorgan, Joint Consultative Group (JCG), arbeidet med å løyse uteståande problem knytt til gjennomføringa av avtaleforpliktingane. NATO-landa sine representantar i JCG samarbeider tett med Høgnivågruppa for rustingskontroll (HLTF) i Brussel.

28. mai - 1. juni 2001 vart den andre tilsynskonferansen under CFE gjennomført. Slike tilsynskonferansar vert gjennomførde kvart femte år og har som mål å vurdere korleis avtalen verkar, og korleis vedtaka vert følgde opp. Ut frå situasjonen med ein tilpassa avtale som ikkje er ratifisert, vart likevel hovudtemaet på denne konferansen å understreke at Istanbul-forpliktingane må oppfyllast og dermed gjere det mogleg med ratifisering og ikrafttreding av den tilpassa avtalen. Dette prega òg sluttdokumentet frå konferansen.

5.2 Avtalen om opne luftrom

Etter at Russland og Kviterussland ratifiserte Avtalen om opne luftrom i 2001 tek avtalen til å gjelde 1. januar 2002. Avtalen vart inngådd i 1992 og ratifisert av Noreg i 1993. Føremålet med avtalen er å skape større openskap mellom partane ved at dei opnar luftromma sine for eit avtalt omfang av årlege overflygingar med spesialutstyrte overvakingsfly. Medan ein ventar på at avtalen skal ta til å gjelde, vart det i 2001 òg gjennomført bilateralt avtalte prøveflygingar, mellom anna av Noreg og Russland, som stort sett var regulerte etter ordlyden i avtalen. Prøveflygingane har medverka til å synleggjere avtalen si rolle som eit tillitsskapande tiltak samstundes som medlemslanda har fått røynsle med den praktiske bruken av avtalen. I tillegg har landa fått høve til å teste og vedlikehalde utstyr og å opparbeide sakkunne. For ytterlegare å leggje til rette for iverksetjing av avtalen heldt den rådgjevande kommisjonen for avtalen (OSCC) eit informasjonsseminar i oktober 2001 og oppnemnde tre arbeidsgrupper for høvesvis sertifisering, reglar og prosedyrar, og sensorar.

Avtalen har i dag 27 medlemmer. Desse er anten NATO-medlemmer eller tidlegare medlemmer av Warszawapakta. Dessutan har alle dei andre OSSE-medlemmene observatørstatus i OSCC. Etter at avtalen tek til å gjelde, opnar han for opptak av nye medlemmer. Finland og Sverige har meldt at dei aktar å søkje om opptak i 2002.

5.3 Regional rustingskontroll - Dayton-avtalen vedlegg 1-B

5.3.1 Artikkel II og IV

Som ei oppfølging av pålegga i Dayton-avtalen vedlegg 1-B artikkel II og artikkel IV vart det i 1996 oppnådd semje om to avtalar på det militærpolitiske området. Artikkel II («Wien-avtalen») handlar om tillits- og tryggleiksskapande tiltak for dei to einingane i Bosnia-Hercegovina, Republika Srpska og Føderasjonen. Artikkel IV («Firenze-avtalen») handlar om destruksjon og avgrensing av tyngre våpen og personell for Jugoslavia, Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Avtalane er grunna på prinsippa i høvesvis Wien-dokumentet og CFE-avtalen.

Til begge avtalane er det knytt eit informasjons- og verifikasjonsregime. OSSE, ved FSC, har fått ansvaret for gjennomføringa av desse regima. Ein personleg representant for OSSE-formannskapet har, saman med OSSE-sendelaget i Bosnia-Hercegovina og partane, ansvaret for gjennomføringa av avtalane. Mange av medlemslanda i OSSE, mellom andre Noreg, stør òg opp om avtalane ved å rettleie partane under inspeksjonar, ved å halde kurs om mellom anna Åtferdskodeksen og ved å delta på andre tillitsskapande tiltak.

Gjennomføringa av tiltaka i artikkel II og IV har i hovudsak gått etter rutinane og medverkar til å normalisere tilhøvet mellom partane. Under artikkel II vart det i 2001 oppnådd semje om eit regime for overvaking frå lufta. Under artikkel IV var det framleis ikkje mogleg å oppnå semje om å redusere avtalen sine unntak for avtaleavgrensa materiell. Dei svake fellesinstitusjonane i Bosnia-Hercegovina makta ikkje å avgjere korleis dei skulle setje saman felles artikkel IV-inspeksjonslag, og slike inspeksjonar vart dermed ikkje utførde av Bosnia-Hercegovina.

5.3.2 Artikkel V

Etter over 3 års forhandlingar vart det i juli 2001 oppnådd semje om ein avtale, i form av eit sluttdokument, under Dayton-avtalen vedlegg 1-B artikkel V. Det opphavlege målet var å kome fram til ein avtale om regional tryggingsbalanse i og omkring det tidlegare Jugoslavia. Etter at demokratiske styresmakter tok over makta i Den føderale republikken Jugoslavia i 2000, med påfølgjande medlemskap i OSSE, vart det mindre viktig å binde landet opp med sterke tryggingsforpliktingar i ein artikkel V-avtale. Målet vart difor justert slik at 20 nasjonar kunne semjast om ein avtale som inneheld tillits- og tryggleiksskapande tiltak for gjennomføring på frivillig basis. Avtalen opprettar ein kommisjon òg, der alle medlemslanda skal vere representerte, som skal føre tilsyn med gjennomføringa av avtalen. Kommisjonen skal etter føresetnadene møtast kvart år og ha roterande formannskap. Sidan det er eit stort samanfall i medlemskap, vert det føresett at det er nær kontakt mellom Artikkel V-avtalen og Stabilitetspakta på forsvars- og tryggingsområdet. Avtalen vart ønskt velkomen av OSSE-ministermøtet i Bucuresti i desember 2001.

5.4 Forumet for tryggingssamarbeid (FSC)

Forumet for tryggingssamarbeid (FSC) vidareførde i 2001 det viktige tilsynsarbeidet i samanheng med gjennomføringa og vidareutviklinga av dei ulike tillits- og tryggleiksskapande tiltaka (CSBM), til dømes Wien-dokumentet og Åtferdskodeksen for dei politiske og militære sidene ved tryggleiken. FSC byrja òg med overvaking av gjennomføringa av OSSE sitt handvåpendokument, som tok til å gjelde i november 2000. FSC vurderte samstundes nye utfordringar og tiltak innanfor den politisk-militære dimensjonen. Kampen mot terrorisme var naturlegvis eit hovudtema for desse diskusjonane i tida etter 11. september.

26. - 28. februar heldt FSC sitt årlege gjennomføringsmøte for fremjing av full gjennomføring av alle tillits- og tryggingsskapande tiltak og særleg Wien-dokumentet av 1999. Møtet utarbeidde utkastet til «Vedtak om datautveksling», som galdt større våpen- og utstyrssystem, og som vart vedteke i FSC 14. november 2001.

FSC gjennomførde 11. - 13. juni eit seminar om forsvarspolitikk og militære doktrinar. Ei rekkje land og organisasjonar, mellom andre Noreg og NATO, presenterte forsvarspolitikken sin og doktrinane sine. Presentasjonane og den påfølgjande debatten viste stor grad av samanfallande vurderingar av kva som er utfordringar i framtida på det militærpolitiske feltet for medlemslanda i OSSE. Sentrale tema var tryggingstrugsmål frå ikkje-statlege aktørar, til dømes terrorisme og organisert kriminalitet, samt restrukturering og modernisering av militære styrkar.

Den første informasjonsutvekslinga under OSSEs handvåpendokument fann stad 30. juni. Det var den mest omfattande informasjonsutvekslinga på dette feltet i nokon internasjonal organisasjon til no. I lys av dette vedtok FSC å arrangere eit oppfølgingsseminar i februar 2002 for å vurdere røynslene så langt.

I kjølvatnet av terroråtaka i USA 11. september starta FSC ein målretta diskusjon om kampen mot terrorisme. Denne munna ut i eit skriftleg tilskot til den nyoppretta arbeidsgruppa om terrorisme. Tilskotet vart seinare teke inn i OSSE sin handlingsplan mot terrorisme, som vart vedteken på ministerrådsmøtet i desember.

Rett etter ministermøtet vedtok FSC å forlengje den roterande formannskapsperioden frå ein til om lag fire månader. FSC vil dermed få nytt formannskap ved starten av kvart av dei tre møtesesjonane i året (vinter-, vår- og haustsesjonen). Føremålet med denne endringa var å tryggje ein større grad av kontinuitet i formannskapet.

OSSE sitt kommunikasjonsnettverk vart hausten 2001 flytta frå Haag i Nederland til Wien. Etter ei lang tid med tautrekking vart det semje i FSC om ei delt løysing, der utstyr og teknisk drift skal leigast gjennom eit privat firma, medan kontrollen med tryggleiken ligg hos ei eining oppretta i OSSE-sekretariatet. Det vart ikkje oppnådd semje om oppdatering av nettverket.

Til forsida