St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

8 Brev frå formannen i Den rådgjevande kommisjonen for avtalen om opne luftrom til utanriksministeren i Romania, formann for det niande møtet i OSSEs ministerråd

Dykkar Eksellense

Som formann i Den rådgjevande kommisjonen for avtalen om opne luftrom har eg æra av å opplyse Dykk om verksemda til Den rådgjevande kommisjonen for avtalen om opne luftrom sidan det åttande ministerrådsmøtet, som vart halde i Wien i november 2000.

Dette året har vore prega av ein monaleg auke i verksemda til OSCC på grunn av ei betring i ratifiseringsprosessen: Etter at Ukraina ratifiserte avtalen 20. april 2000, deponerte Den russiske føderasjonen og Republikken Kviterussland ratifikasjonsdokumenta sine 2. november 2001 hjå dei to depositarane, Canada og Ungarn. I samsvar med føresegnene i avtalen vil avtalen ta til å gjelde seksti dagar etter at dokumenta er deponerte, 1. januar 2002.

Året 2001, det siste året i ein lang førebels gjennomføringsperiode, har òg vore prega av mange prøveflygingar. Frå 1996 till 2001 vil meir enn 350 prøveflygingar ha funne stad. Denne intense aktiviteten har vist at statspartane har like stor interesse for Avtalen om opne luftrom, og har førebudd dei på ei full gjennomføring av avtalen.

For å gjere det lettare å forstå det framtidige vedtaket som skal gjerast av statspartane i avtalen, i lys av at avtalen tek til å gjelde, og den første gjennomføringsperioden, vart det halde eit «informasjonsseminar om Avtalen om opne luftrom» i Wien 1. og 2. oktober 2001, som samla alle deltakarstatane i OSSE. Seminaret nådde måla sine, både når det gjaldt å gje nyttig informasjon om prinsippa og føresegnene i avtalen, mellom anna om dei 22 vedtaka som alt er gjorde av OSCC, og verksemda til OSCCs tidlegare arbeidsgrupper, og når det gjaldt å medverke til å gjere observatørstatane og andre deltakarstatar i OSSE merksame på avtalen.

For å førebu ei full gjennomføring av avtalen vedtok OSCC 29. oktober å oppnemne tre uformelle arbeidsgrupper for sertifisering, sensorar og flygereglar og -prosedyrar. Den uformelle arbeidsgruppa for sertifisering byrja arbeidet sitt alt 12. november 2001.

Innanfor verkeområdet sitt, frå Vancouver til Vladivostok, er Avtalen om opne luftrom ein unik reiskap for openskap. Når han tek til å gjelde, vil han vere eit ekstra tilskot til tryggleiken og stabiliteten til deltakarstatane og ei nyttig utfylling av eksisterande tillits- og tryggleiksskapande tiltak. I dei første seks månadene etter at avtalen tek til å gjelde, kan kvar annan deltakarstat i OSSE søkje om tilmelding til avtalen. Finland og Sverige har alt meldt at dei aktar å gjere det. OSCC-formannskapet oppmodar alle deltakarstatar som er ikkje partar i avtalen, til også å vurdere dette.

De vil kan hende finne det nyttig at den ovannemnde utviklinga i OSCC, særleg at avtalen tek til å gjelde 1. januar 2002, vert teke inn i dokumenta frå ministerrådsmøtet i Bucuresti.

Til forsida