St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

6 Brev frå formannen i Forumet for tryggingssamarbeid til utanriksministeren i Romania, formann for OSSEs niande ministerrådsmøte

Dykkar Eksellense

Som formann i Forum for tryggingssamarbeid (FSC) har eg æra av å opplyse Dykk om forumet sine aktivitetar etter det åttande ministerrådsmøtet, i november 2000. Forumet har halde fram med den viktige oppgåva det har med å følgje nært gjennomføringa av Wien-dokumentet, Åtferdskodeksen for dei politiske og militære sidene ved tryggleiken og andre OSSE-dokument som gjeld politiske og militære saker. Forumet byrja òg å overvake gjennomføringa av OSSE-dokumentet om handvåpen og lette våpen (SALW), som tok til å gjelde i november 2000. Som ein del av si regelmessige undersøking av korleis desse omsamde tillits- og tryggleiksskapande tiltaka verkar, har FSC òg sett på korleis ein kan betre gjennomføringa av dei på ein praktisk måte. Mellom andre aktivitetar som bør nemnast, var desse:

  • For å fremje full gjennomføring av alle tillits- og tryggleiksskapande tiltak, og særleg av Wien-dokumentet 1999, heldt FSC sitt årlege møte for vurdering av gjennomføring frå 26. til 28. februar 2001. På grunnlag av rapportane frå formannen og frå rapportørane i arbeidsgruppa og på grunnlag av innkomne framlegg drøfta møtet fleire praktiske problem som ein hadde støtt på i samband med gjennomføringa av somme føresegner i Wien-dokumentet 1999. I tillegg til å trekkje nokre allmenne konklusjonar utarbeidde møtet eit utkast til vedtak om gjennomføring av datautveksling i samband med større våpen- og utstyrssystem (møtet vedtok .... på sitt 342. plenumsmøte 14. november 2001).

  • FSC hadde grundige diskusjonar om gjennomføringa av OSSEs SALW-dokument for å hjelpe deltakarstatane med førebuingane til den første informasjonsutvekslinga, som fann stad 30. juni 2001. Forumet erkjende at det trongst å gå gjennom denne første runden med informasjonsutveksling i samsvar med OSSEs SALW-dokument og å gje høve til utveksling av synspunkt og røynsler mellom nasjonale sakkunnige som arbeider med gjennomføringsaspekt ved SALW-dokumentet, og gjorde vedtak nr. 5/01 av 17. oktober 2001, der forumet vedtok å halde eit SALW-seminar i Wien 4. og 5. februar 2002.

  • I samsvar med FSC-vedtak nr. 8/00 av 25. oktober 2000 heldt forumet eit seminar om militærdoktriner og forsvarspolitikk i OSSE-området frå 11. til 13. juni 2001. Over 250 representantar frå deltakarstatane i OSSE, samt ei rekkje internasjonale organisasjonar, deltok på seminaret. Meir enn 20 deltakarstatar heldt foredrag om eigne nasjonale militære doktrinar og eigen forsvarspolitikk på FSC sine plenumsmøte før seminaret og på sjølve seminaret.

  • Etter lange drøftingar i FSC og mellom sakkunnige fastsette forumet 20. juni 2001 i vedtak nr. 3/01 ein vernebuingsprosedyre for drifta av kommunikasjonsnettverket til OSSE. I samsvar med dette vedtaket vart den sentrale posttenaren på ein vellukka måte flytta frå Haag til Wien og vart sett i drift på den nye staden. Då vedtaket vart gjort, gav forumet ros til utanriksdepartementet i Nederland for at det hadde drive nettverket dei ti siste åra.

  • Den 1. oktober 2001 slutta Jugoslavia seg til nettverket, og talet på tilknytte deltakarstatar kom då opp i 39. FSC vil halde fram med å prøve å leggje til rette nettverket slik at alle deltakarstatane kan verte tilkopla, og å få til ei oppgradering av kommunikasjonsnettverket med hjelp av ny teknologi, for å styrkje den framtidige innsatsen for tillits- og tryggleiksskapande tiltak. Det er avgjerande for denne innsatsen at deltakarstatane oppnemner ein leiar til styringsgruppa.

  • I tryggleiksdialogen var forumet oppteke av dei nye risikoane og utfordringane i OSSE-området og av korleis FSC møter desse. Etter terroriståtaka på USA 11. september 2001 vart denne diskusjonen mykje viktigare. FSC sette i gang ein målretta diskusjon om korleis ein skal svare på terrorisme, og gav eit tilskot til arbeidet til den uformelle opne Arbeidsgruppa for nedkjemping av terrorisme.

  • På eit fellesmøte med OSSEs faste råd 19. juli 2001 merka forumet seg med glede fullføringa av forhandlingane etter artikkel V i vedlegg 1-B i Den allmenne rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina. Forumet vart òg halde jamleg informert om gjennomføringa av artikkel II og IV i vedlegg 1-B. Dessutan fekk forumet òg jamlege rapportar om utviklinga i Den felles rådgjevande gruppa for Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa.

Dykkar Eksellense vil kan hende finne det nyttig at det ovannemnde vert teke inn i dei aktuelle dokumenta frå Ministerrådet.

Til forsida