St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

3 Formannskapets aktivitetsrapport for 2001

Innleiande merknader

I 2001 stod OSSE overfor eit komplisert og skiftande tryggleiksklima. Det var hektisk aktivitet i alle internasjonale organisasjonar som har med tryggleiken til det euroatlantiske området å gjere, for å finne løysingar på eksisterande kriser ved deltaking i møte der forma og framtida til Europa vart drøfta, og i samråd om betre samarbeid mellom dei ulike strukturane med sikte på å styrkje tryggleiken og stabiliteten i heile Europa.

Tiltak mot krisa i den tidlegare Jugoslaviske republikken Makedonia og mot terroriståtaka på USA 11. september stod høgt på dagsordenen til formannskapet. Organisasjonen reagerte raskt og effektivt på begge situasjonane.

Då Romania overtok formannskapen, ville dei sikre at OSSE tok opp spørsmål som opptok alle deltakarstatane og borgarane deira, på ein praktisk og handlingsorientert måte. Prioriteringane og måla til det rumenske formannskapet vart presenterte i den første talen formannen heldt til Det faste rådet 11. januar i Wien. Blant desse prioriteringane og måla var å etterleve normene, prinsippa og forpliktingane til OSSE; å styrkje OSSE som ein aktiv reiskap for konfliktførebygging, tidleg varsling, krisehandtering og atterreising etter konfliktar; å fremje rettstryggleik og menneskerettar; å styrkje arbeidet til OSSE på andre område, til dømes økonomi og miljø; å setje OSSE i stand til å møte nye tryggingsutfordringar, til dømes organisert kriminalitet og korrupsjon, internasjonal terrorisme og ekstremisme; institusjonell konsolidering av OSSE og å styrkje samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar som arbeider på område som er relevante for OSSE.

Det overordna målet til formannskapet var å medverke til å betre den politiske, økonomiske og miljømessige tryggleiken til borgarane i deltakarstatane i OSSE på grunnlag av respekt for menneskerettane. Ein var særleg oppteken av at OSSE bør rette større merksemd mot regionar som har vore lite i det internasjonale rampelyset, til dømes Kaukasus og Sentral-Asia.

Det aktuelle tidsrommet var prega av ein del positive utviklingstrekk i mange av deltakarstatane i OSSE, særleg i Den føderale republikken Jugoslavia. Det finst likevel alt for mange stader med konfliktar, økonomiske og sosiale skilnader, og mangel på politisk fridom og toleranse. Samfunna i deltakarstatane i OSSE står overfor nye truslar som terrorisme, organisert kriminalitet, handel med menneske og narkotika, og utbreidd korrupsjon.

«Fastlåste konfliktar» vekte stadig meir uro. Det er reell fare for at slike konfliktar kan utvikle sin eigen dynamikk. Det vart gjort framsteg i gjennomføringa av Istanbul-forpliktingane med omsyn til tilbaketrekking av framande troppar og ammunisjon. Desse forpliktingane bør vidareførast. Nye innsatsar og framgangsmåtar bør gjenopprette den politiske konfliktløysingsprosessen på desse områda.

Formannen vitja nesten alle spenningsområda og hadde møte med representantar for deltakarstatane og for internasjonale organisasjonar og institusjonar. På desse møta kunne ein drøfte spørsmål av interesse for OSSE. Det vart utvikla nærare samband med troikamedlemmene (Austerrike og Portugal) og med sekretariatet og institusjonane i OSSE. Det vart halde tre ministermøte (23. januar, 20. juni og 2. desember) med troikamedlemmene i OSSE i Bucuresti i løpet av tidsrommet som vert gjennomgått her. Formannen hadde møte med sendelagsleiarane i OSSE 22. og 23. januar og med ambassadørane frå deltakarstatane i OSSE 25. april og 20. juli i Bucuresti.

Kamp mot nye tryggleiksrisikoar

Åtaka på USA 11. september opna meir enn noka anna enkelthandling augo våre for faren som internasjonal terrorisme utgjer for fridom, humanitet og tryggleik for deneinskilde . Dette er verdiar OSSE er forplikta til å forsvare og bevare. Organisasjonen fordømde åtaka på det sterkaste og støtta fullt ut opprettinga av ein brei internasjonal koalisjon mot terrorisme. OSSE har som andre internasjonale organisasjonar byrja å vurdere kva særskilde tilskot organisasjonen kan gje i den internasjonale kampen mot terrorisme. I den ekstraordinære talen sin til Det faste rådet 21. september nemnde formannen tre område der OSSE kan gje verdifulle tilskot:

  • dra nytte av politisk vilje og solidaritet i ei forplikting til felles handling gjennom eit handlingsorientert vedtak om og ein handlingsplan for å kjempe mot terrorisme, som skal gjerast og vedtakast av Ministerrådet i Bucuresti,

  • rette merksemda mot å ta opp underliggjande årsaker som økonomisk og sosial isolasjon, som kan vere fruktbar grobotn for ekstreme ideologiar, og å kjempe mot dei organiserte «gråsonene» i kriminaliteten, til dømes menneske- og våpenhandel,

  • fungere som brubyggjar mellom regionale initiativ med sikte på å fastsetje felles prioriteringar.

I tillegg til handlingsplanen som er sendt Ministerrådet, er det kalla inn til ein konferanse i Bisjkek 13. og 14. desember kalla Den internasjonale konferansen om større tryggleik og stabilitet i Sentral-Asia: styrking av den samla innsatsen mot terrorisme. Deltakarstatane vil her drøfte og dele røynslene dei har med å førebyggje og kjempe mot terrorisme og liknande kriminalitet i heile OSSE-området. Konferansen vert halden ti dagar etter Ministerrådet og vil samtidig vere eit høve til å starte gjennomføringa av vedtak og innhald i dokument vedtekne i Bucuresti og andre aktuelle internasjonale dokument.

I kampen mot organisert kriminalitet vart merksemda retta særleg mot ulovleg menneskehandel. Formannskapet organiserte i samarbeid med Det sørausteuropeiske samarbeidsinitiativets (SECIs) regionale senter ein regional konferanse om kamp mot menneskehandel og ulovleg innvandring (Bucuresti 21. mai 2001), der regjeringar og politistyresmakter var representerte på høgt nivå. Dei omsamde konklusjonane frå dette møtet fastsette prioriteringar for nasjonalt, regionalt og internasjonalt samordna tiltak for å avskaffe menneskehandel, der Stabilitetspaktas arbeidsgruppe for handel med menneske bør spele ei avgjerande rolle.

Regionale spørsmål

I arbeidet til formannskapet og OSSE som eit heile vart det i 2001 sett skarpt fokus på regionale spørsmål.

Formannskapet har prioritert Søraust-Europa. Formannen vitja alle feltrepresentasjonane til OSSE i Søraust-Europa fleire gonger; han innsette OSSE-sendelaget i Beograd; deltok på møtet til sendelagsleiarane i Beograd; utnemnde ein personleg representant til Stabilitetspakta; oppmuntra til dialog, konsolidering av demokratiske institusjonar, rettstryggleik og respekt for menneskerettane og til regionalt samarbeid; støtta førebuingane til og overvakinga av valprosessane i regionen - der Kosovo utgjorde det viktigaste tilfellet; han tok opp hastesaker som situasjonen i den tidlegare Jugoslaviske republikken Makedonia, og han opprettheldt medvitet om problem for heile regionen.

Den vellukka reintegreringa av Den føderale republikken Jugoslavia i OSSE-familien utgjer eit vesentleg tilskot til konsolideringa av demokratiet i dette landet og til den allmenne tryggleiken og stabiliteten i det sørlege Europa. OSSE-sendelaget i Beograd samarbeider nært med styresmaktene og er aktivt engasjert i å hjelpe dei med å skape eit fullverdig demokrati, respekt for menneskerettane og grunnleggjande rettar, mellom anna rettar for personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar. I denne samanhengen er samarbeid med Europarådet avgjerande. Sendelaget oppmuntra til og støtta ei fredeleg, politisk løysing på krisene i det sørlege Serbia og forplikta seg til å setje i verk tillitsskapande tiltak, særleg når det gjeld fleiretnisk politiopplæring. Det bør gjerast ytterlegare innsats for å konsolidere situasjonen og gjennomføre dei eksisterande avtalane fullt ut og innan fastsette tidsfristar. Sendelaget støttar framleis denne innsatsen og er òg aktivt på område som juridisk reform, media og reform av vallovgjevinga. Det vil verte opna eit OSSE-kontor i Podgorica 1. januar 2002.

Med omsyn til Montenegro var hovudbodskapen til formannen å omdefinere bindeledda innan føderasjonen gjennom vidareført dialog. OSSE støttar konsolideringa av demokratiske institusjonar i både Montenegro og Serbia som ein del av eit demokratisk Jugoslavia. Det er av avgjerande verdi at alle partar semst om lova om folkerøysting i Montenegro, og at lova følgjer best mogeleg internasjonal praksis for at resultata av folkerøystinga skal kunne godtakast både nasjonalt og av det internasjonale samfunnet elles.

Det vart retta særleg merksemd mot utviklinga i Kosovo. Valet 17. november, som vart organisert av OSSE, var den viktigaste hendinga i provinsen dette året og er avgjerande for oppbygginga av eit fleiretnisk samfunn og for at dei mellombelse sjølvstyreinstitusjonane skal kunne verke, i samsvar med resolusjon 1244 frå Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane. Kosovo gjev eit døme på samarbeidet mellom OSSE og Dei sameinte nasjonane ikkje berre under førebuingar til val, men også på andre område, til dømes når det gjeld opplæring av politiet i Kosovo (KPS), rettsstellet og vern av menneskerettane.

For å sikre at dei mellombelse sjølvstyreinstitusjonane fungerer på ein fullgod måte, oppmoda OSSE alle medlemmene i den nyleg valde Forsamlinga, og alle etniske samfunn, til å delta fullt ut i prosessen. Både FNs sivile administrasjon for Kosovo (UNMIK) og OMIK vil halde fram med å samarbeide og vidare utøve ansvaret sitt overfor utviklinga av eit demokratisk, fleiretnisk samfunn i Kosovo. Varige løysingar på vedvarande spørsmål - auka tryggleik, heimsending av flyktningar og fordrivne og sakna personar - vil medverke til å trygge sikre omgjevnader.

Krisa i den tidlegare Jugoslaviske republikken Makedonia var ei enorm utfordring for OSSE og formannskapet. Tidleg i mars førte vald mellom etniske albanske væpna grupper og makedonske tryggingsstyrkar nær grensa til Kosovo nesten til borgarkrig i landet. OSSE freista i samarbeid med NATO og Den europeiske unionen å få til ein varig fredsavtale. Ambassadør Max van der Stoel, formannens personlege utsending til den tidlegare Jugoslaviske republikken Makedonia, ytte verdifull hjelp ved inngåinga av rammeavtalen og har fått lovord for dette arbeidet. Innsatsen til OSSE var retta mot ei fredeleg stabilisering av situasjonen. I den første halvdelen av mandatet freista formannskapet å få til ein avtale mellom dei makedonske og albanske leiarane. Etter at rammeavtalen vart underskriven 13. august, fokuserte formannskapet på å få gjennomført alle føresegnene i han. Til dette trongst det eit utvida sendelag. Eit første steg var å doble det internasjonale personalet i OSSE-sendelageti Skopje. Etter oppmoding frå den makedonske regjeringa godtok OSSE straks å ta på seg ei større rolle, mellom anna å overvake heimsending av flyktningar og å lære opp polititenestemenn. OSSE-sendelaget i Skopje er no eit av dei største (over 200 internasjonale observatørar).

I Bosnia-Hercegovina heldt OSSE fram med å hjelpe til i prosessen med å skape tilfredsstillande vilkår for ei konsolidering av institusjonane i landet med sikte på å fremje eit levedyktig demokrati etter kvart som hjelpa og støtta utanfrå gradvis minkar. OSSE hjelpte styresmaktene med å utarbeide, vedta og gjennomføre den nye vallovgjevinga og oppmoda dei til å gå vidare til å organisere val i framtida. Formannskapet støtta det nære samarbeidet mellom OSSE, Høgrepresentantens kontor, FN og FN-organ, og Den internasjonale stabiliseringsstyrken for det tidlegare Jugoslavia (SFOR) når vi no går inn i den neste fasen av gjennomføringa av fred i Bosnia-Hercegovina. Formannskapet ser òg med uro på motstanden frå dei nasjonalistiske leiarane mot gjennomføringa av Dayton-avtalen og på den langsame gjennomføringa av heimsendinga av flyktningar og internt fordrivne personar i heile regionen.

I Kroatia heldt OSSE fram å støtte landet ved å oppfylle pliktene sine og å oppfylle målet til organisasjonen om europeisk integrering. Halvårsgjennomgangen vurderte strukturen og styrken til sendelaget samt utviklinga i Kroatia. Denne viste at det trongst ei vidareføring av lagarbeidet mellom OSSE og Den kroatiske regjeringa på dei områda av felles interesse som stod att, og det vart gjort eit vedtak om å redusere det internasjonale personalet i sendelaget. Ein ser for seg at den vidare restruktureringa av sendelaget vil kome som ei følgje av Kroatias framdrift når det gjeld å oppfylle pliktene sine. Det er gjort framsteg innan demokratiseringa, media og politiet. Når det gjeld heimsending og reintegrering av flyktningar (medrekna tilbakeføring av eigedom, atterreising og sosial attføring), reform av lovgjevinga og handheving av lova, står det framleis mykje arbeid att. OSSE-sendelaget og den kroatiske regjeringa bør òg fokusere på oppbygging av det sivile samfunnet, særleg i områda som er ramma av krig.

I Albania nådde OSSE hovudmålet sitt for 2001, nemleg å gjennomføre ein vellukka parlamentarisk valprosess. Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) og OSSE-representasjonen, saman med andre internasjonale organisasjonar, retta særleg merksemd mot å halde frie og rettferdige val i samsvar med alle OSSE-standardar. Den endelege rapporten frå ODIHR slo fast at dette valet var eit framsteg i høve til tidlegare val med omsyn til gjennomføringa av valkampen og var eit grunnlag for vidare konsolidering av demokratiske standardar. Ein noterte seg alvorlege manglar under dei fem stemmerundane mellom 24. juni og 19. august 2001. OSSE oppmoda dei politiske partia til å gå inn i ein ekte og framtidsretta dialog i samsvar med forfatningsreglane for å overvinne desse avvika. OSSE-representasjonen i Albania hjelpte regjeringa og dei lokala styresmaktene med å kjempe mot organisert kriminalitet, handel med narkotika, våpen og menneske, og korrupsjon og med å overvake innsamling av våpen. Desentralisering, oppbygging av det sivile samfunnet, og økonomiske og miljømessige spørsmål har òg stått på dagsordenen til OSSE i dette landet.

Formannskapet roste og støtta det felles initiativet til leiarane for OSSE-sendelaga i Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Den føderale republikken Jugoslavia om å opprette ei ramme for styrkt samarbeid om spørsmål om heimsending i Søraust-Europa. Regjeringane i Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Den føderale republikken Jugoslavia helste òg dette initiativet velkome og forplikta seg til å samarbeide med kvarandre og å halde fram med å arbeide saman med OSSE og andre internasjonale organisasjonar om dette spørsmålet. Formannskapet ser på dette som ei viktig og positiv utvikling.

Det rumenske formannskapet merka seg rolla og arbeidet til Stabilitetspakta i Søraust-Europa, mellom anna når det gjeld framgangen i regionale spørsmål, som òg er av verdi for OSSE. Alexander Rondos vart utnemnd som formannens personlege representant for sambandet mellom OSSE og Stabilitetspakta. Saman med Den europeiske unionens stabiliserings- og tilknytingsprosess legg pakta til rette for viktige prosjekt av økonomisk og politisk verdi for Søraust-Europa. OSSE arbeider direkte saman med Stabilitetspakta på mange område, særleg i arbeidsgruppe I og III. Den andre regionkonferansen til Stabilitetspakta vart halden i Bucuresti 25. og 26. oktober 2001.

OSSE vidarefører sine eigne program i landa i Søraust-Europa, til dømes prosjekt for godt styresett og mot korrupsjon, utvikling av ikkje-statlege organisasjonar og sjølvstendige media, og fremjing av fleiretnisitet i utdanningssektoren og den offentlege sektoren, mellom anna i politistyrkane.

Arbeidet til OSSE i Georgia er komplisert. I Sør-Ossetia var det ei viss positiv utvikling i retning av ei løysing på konflikten mellom Georgia og Sør-Ossetia, og framdrifta har nyleg skote fart, men ein har enno ikkje kome fram til ei omfattande løysing. På Bucuresti-møtet i ekspertgruppa for politiske spørsmål vart partane samde om å halde fram med forhandlingar om reglar og konkrete forslag om økonomisk hjelp til støtte for konfliktløysingsmekanismen. Avtalen la grunnlaget for internasjonal økonomisk hjelp og for jamlege møte i Den felles kontrollkommisjonen og for sakkunnige. Avtalen om tillitsskapande tiltak stadfesta at partane har nokolunde same synspunkt på ei rekkje spørsmål. Alle partar godkjente rolla til internasjonale organisasjonar generelt og rolla til OSSE og Kommisjonen for Dei europeiske fellesskapa spesielt i atterreisinga av konfliktsona. Det er enno ikkje oppnådd ei samla løysing på konflikten. Sjølv om OSSE-sendelaget i Georgia ikkje er direkte innblanda i fredsforhandlingane, vil sendelaget si rolle som tilretteleggjar vere svært viktig.

Den kontinuerlege overvakinga av grensa utført av OSSE-sendelaget i Georgia er ein klar suksess. Deltakarstatane i OSSE vurderer utsiktene for å utvide overvakingsarbeidet til Ingush-delen av grenseområdet.

Det har vore litt framgang dette året når det gjeld gjennomføringa av Istanbul- forpliktingane, særleg med omsyn til militærbasane Vaziani og Gudauta. Ein ventar ytterlegare framgang og ser fram til full etterleving av Istanbul- forpliktingane.

Sidan årsskiftet har det vore halde ei rekkje samråd og møte om ei løysing på tvisten i Nagorno-Karabakh. Møta mellom president Kotsjarjan og president Alijev var oppmuntrande. Formannen og EU-troikaen si vitjing til denne regionen viste kor viktig Sør-Kaukasus og ei løysing på konflikten i Nagorno-Karabakh er. Formannen hadde i løpet av året fleire møte med medformennene i Minsk-konferansen og gav full støtte til innsatsen deira i løpet av perioden. Mekanismane til den personlege representanten for konflikten handsama av Minsk-konferansen og planleggingsgruppa på høgt nivå har vore med på å byggje opp tillit og forståing ved at det har vorte gjennomført ei rekkje tillitsskapande tiltak i konfliktområdet.

Tsjetsjenia - gjenopprettinga av støttegruppa har vore ein av dei største suksessane til OSSE dette året. Tiltaka som dei russiske styresmaktene gjorde for at støttegruppa skulle kunne gjenopprettast, er prisverdige. Formannen opna kontoret i Znamenskoje, og sidan midten av juni har alle partar arbeidd for å sikre den naudsynte tryggleiken for personalet i støttegruppa. Dette har vore ein lang og vanskeleg prosess og har bana veg for eit breiare og meir effektivt samarbeid mellom den russiske regjeringa og OSSE. Vidareføringa av arbeidet til støttegruppa har medverka til å avhjelpe dei presserande humanitære behova som har oppstått på grunn av konflikten. Med omsyn til menneskerettane har støttegruppa arbeidd nært med spesialutsendingen til den russiske presidenten for menneskerettar i Tsjetsjenia, Vladimir Kalamanov, og med representantar for Europarådet. OSSE er oppsett på å halde fram med å fremje ei politisk løysing på konflikten og på å leggje til rette for den humanitære hjelpa som krevst for å stabilisere situasjonen i Tsjetsjenia.

OSSE-sendelaga i Estland og Latvia hjelpte regjeringane med å utføre oppgåvene som er nemnde i retningslinene som formannskapet gav i 2000. Ei felles arbeidsvitjing som formannen og OSSE-representantar hadde i Riga, Tallinn og Narva (i januar-februar 2001), førte til den vurderinga at dei to landa har gjort monalege framsteg mot demokratisering og tildeling av statsborgarskap til statslause, og mot integrasjon og gjensidig forståing mellom etniske samfunn. OSSE vil halde fram med å støtte Estlands og Latvias arbeid på dette området.

I Kviterussland heldt OSSEs rådgjevande oppsynsgruppe fram med å støtte demokratiseringsprosessen og opprettinga av vilkår for frie og rettferdige presidentval i samsvar med gruppa sitt mandat frå 1997. Presidentvalet i september skulle utgjere eit viktig steg i overgangen til demokrati i Kviterussland slik at landet kunne bli eit demokrati blant mange i Europa. Trass i innsatsen det internasjonale samfunnet gjorde gjennom den rådgjevande oppsynsgruppa, oppfylte likevel ikkje valprosessen og valkampen OSSE-standardane. Dei internasjonale observatørane merka seg einskilde teikn på framgang i demokratiseringsprosessen i landet, der det viktigaste var framveksten av det sivile samfunnet som eit mogeleg alternativ til den autoritære leiarskapen. Den rådande oppfatninga er at internasjonal isolasjon av landet vil vere uproduktivt. OSSE vil freiste å få i stand ein ny omgang med samarbeid med styresmaktene, dei demokratiske strukturane og det sivile samfunnet, og oppmode dei til å vidareføre prosessen med verkeleg demokratiske reformer og konsolidering av det sivile samfunnet.

I Moldova prioriterte OSSE å oppmuntre til oppfylling av Istanbul-forpliktingane om tilbaketrekking av framande troppar, ammunisjon og militært utstyr, samt å fremje forhandlingsprosessen for ei politisk løysing på krisa. OSSE-sendelaget og sendelagsleiaren spela ei aktiv rolle til støtte for tilbaketrekkinga og forhandlingsmekanismen.

Den første tidsfristen i Istanbul-forpliktingane - når det gjeld tilbaketrekking/reduksjon av CFE-avtaleavgrensa konvensjonelle våpen og utstyrseiningar hjå dei russiske styrkane si operative gruppe stasjonert i Moldova - vart oppfylt før tidsplanen i november 2001. Formannen roste Den russiske føderasjonen for dette. OSSE-sendelaget i Tsjsinau har gjort ein vedvarande innsats, og deltakarstatane har gjeve verdifull støtte. Tilskota til Det frivillige fondet utgjer eit synleg prov på at det internasjonale samfunnet engasjerer seg meir i dette spørsmålet. Formannen uttrykkjer von om at russiske styresmakter vil følgje samehandlemåte når det gjeld å oppfylle Istanbul-forpliktingane sine om tilbaketrekking og øydelegging av attståande troppar og ammunisjon innan utgangen av 2002.

Det er liten grunn til optimisme med omsyn til ein avtale om status for Transdnjestr-regionen i republikken Moldova. På tross av innsatsen for å få til eit kompromiss heldt den transdnjestriske parten fram med å leggje hindringar i vegen for forhandlingsprosessen og framstod som ein base for organisert kriminalitet, med mellom anna smugling og menneskehandel. I denne samanhengen vil ein mogeleg avtale mellom Moldova og Ukraina om oppretting av felles tollstasjonar vere eit effektivt middel for å sikre streng grense- og tollkontroll og dermed styrkje moldovisk suverenitet og medverke til å betre den europeiske tryggleiken.

I Ukraina heldt OSSE fram med å støtte arbeidet for å betre den menneskelege tryggleiken og respekten for menneskerettane og for kampen mot korrupsjon. Respekt for presse- og møtefridomen, det parlamentariske sjølvstendet, rettstryggleiken og menneskerettane er avgjerande for Ukrainas innsats for å halde fram på vegen mot demokratisering, økonomisk reform og integrering i europeiske og euroatlantiske institusjonar. Den 8. og 9. oktober var Ukraina vert for OSSE-seminaret om OSSEs førebyggjande funksjon: røynsler, høve og oppgåver, der representantar for internasjonale og ikkje-statlege organisasjonar samt tenestemenn frå OSSE deltok.

Det internasjonale fokuset på Sentral-Asia vart sterkare dette året. Formannskapet framheva at det trongst å styrkje og gje det arbeidet OSSE no gjer, ei ny retning, samtidig som ein på ein pragmatisk måte tek omsyn til dei behova og prioriteringane landa i regionen har.

Formannen vitja Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan under temaet «Ti års sjølvstende for dei sentralasiatiske landa». Hovudbodskapen var at OSSE på ein konstruktiv måte forpliktar seg til å engasjere desse landa i alle tre dimensjonane. Det forsterka fokuset på regionen inneber ei langsiktig tilnærming til tryggleiksspørsmål, demokratiske reformer og viktigare økonomisk verksemd, samtidig som ein unngår å gjere same arbeidet som andre aktørar som er til stades i regionen. Formannen tilbaud eit «vinn-vinn-partnarskap», der OSSE tek i bruk alle tilgjengelege verkemiddel for å utvikle særskilde prosjekt innan økonomi og miljø, og for å gjere det internasjonale samfunnet meir medvite om tryggleiksmessige og humanitære spørsmål. Som motyting ventar organisasjonen at forpliktingane med omsyn til den menneskelege dimensjonen vert oppfylte.

Det særskilte fokuset som formannskapet har sett på regionen, kom òg til uttrykk i oppnemninga av ein av dei leiande ekspertane på Sentral-Asia, ambassadør Wilhelm Höynck, som formannen sin personlege representant for oppgåver til støtte for deltakarstatar frå Sentral-Asia. Ambassadør Höynck vitja i denne eigenskapen regionen for å utvikle ny verksemd, med særleg vekt på regionale og fleirsidige aspekt ved samarbeid innan økonomi, miljø og tryggleik.

Samtidig vart feltrepresentasjonane til OSSE oppmoda til å verte meir aktive, å gje betre territoriell «dekning» og å utvikle nye, konkrete prosjekt saman med dei aktuelle partnarane i dei respektive landa. Eitt av måla var å sikre samsvar med OSSE-målsetjingane på områda vallovgjeving, respekt for menneskerettane, ytrings- og trusfridom parallelt med at nye tiltak vert gjennomførde.

Samtidig som formannskapet erkjende at OSSE er utstyrd og villig til å gjere meir for tryggleiken, økonomien og miljøet, stadfesta formannskapet på nytt behovet for å avbalansere organisasjonen si tredimensjonale tilnærming og samtidig oppretthalde kjerneaktiviteten, som er gjennomføring av den menneskelege dimensjonen.

Eit anna ømtolig område i regionalt og interregionalt samarbeid der samordna handling kan tilføre noko verdifullt, er kampen mot terrorisme og organisert kriminalitet. I denne samanhengen presenterte og utvikla formannen Det sørausteuropeiske samarbeidsinitiativet («SECI-initiativet»), der dialog og samarbeid mellom det regionale SECI-senteret i Bucuresti og dei institusjonane det gjeld i dei sentralasiatiske landa representerer dei første stega mot eit strategi- og handlingsorientert samarbeid på dette aktuelle feltet.

OSSE kan sørgje for ein nyttig balanse ved å føre eksisterande initiativ saman. Ein interaktiv dialog kan føre til konkrete resultat berre dersom det regionale samarbeidet, ytterlegare forsterka av OSSE, dreg nytte av ein regionalt samordna reaksjon. OSSE og det internasjonale samfunnet har begge interesse av å få ein stabil tryggleikssituasjon i regionen og av at det vert eit større regionalt samarbeid mellom landa der.

OSSE har som reaksjon på uroa til deltakarstatane i Sentral-Asia om internasjonal terrorisme, organisert kriminalitet, våpen- og narkotikahandel og dei tragiske hendingane 11. september 2001 gjeve sitt eige verdifulle tilskot. Den internasjonale konferansen i Bisjkek om auka tryggleik og stabilitet i Sentral-Asia: styrking av den samla innsatsen mot terrorisme, som skal verte halden seinare denne månaden, er eit høve der ein kan vedta eit konkret handlingsprogram som ei første oppfølging av Bucuresti-handlingsplanen. På konferansen vil ein særleg ta for seg særskilde utfordringar og behov i Sentral-Asia og starte ein langsiktig handlingsorientert prosess der sentralasiatiske statar skal få hjelp til å kjempe mot terrorismetrusselen.

Økonomiske og miljømessige spørsmål

Det rumenske OSSE-formannskapet ser på økonomiske og miljømessige spørsmål som ein del av OSSEs overordna tilnærming, som relevant for tryggleiken, og gjorde difor styrking av den økonomiske og miljømessige dimensjonen i OSSE til ein av sine prioriteringar. Formannskapet heldt fram med å fremje samordning mellom deltakarstatane, OSSE-institusjonane og -sendelaga og mellom OSSE og andre partnarorganisasjonar. Den overordna målsetjinga var å finne dei mest høvelege måtane og midla for å gjere OSSE sine økonomiske og miljømessige aktivitetar meir effektive, både ved hovudkvarteret og i felten. Det rumenske formannskapet starta ein diskusjon om rolla til OSSE når det gjaldt å ta opp tryggleiksriskoar på det økonomiske og miljømessige området, og om korleis ein best kan betre effektiviteten på verkemidla våre. Det vart kalla saman til fleire uformelle opne møte i Wien. Det var ei allmenn oppfatning at OSSE skulle vurdere økonomiske og miljømessige spørsmål jamleg og på ein meir systematisk måte. Det vart utarbeidd eit utkast til vedtak om å oppnemne ein uformell open underkomité av Det faste rådet for økonomiske og miljømessige sider ved tryggleik og samarbeid i OSSE-området.

Det niande møtet i OSSEs økonomiske forum vart halde i Praha frå 15. til 18. mai 2001 og fokuserte på «Innsyn og god styring i økonomisaker». Det vart opna av formannen. Spørsmål som betring av lovgjevingsprosessen, reform av offentleg forvalting, nærleik, kamp mot korrupsjon, fremjing av små og mellomstore føretak, miljøvenleg styring, regionalt samarbeid og betring av interinstitusjonelt samarbeid vart drøfta, og det kom mange tilrådingar. Før forumet vart det halde tre førebuingsseminar om temaet for økonomiforumet som omfatta heile OSSE-området: eitt i Almaty 2. og 3. november 2000, eitt i Brussel 30. og 31. januar 2001 og eitt i Bucuresti 27. og 28. mars 2001. Seminaret i Brussel vart halde i fellesskap av OSSE og Kommisjonen for Dei europeiske fellesskapa, noko som speglar ånda i Plattforma for kooperativ tryggleik. Førebuingsprosessen og sjølve forumet drog nytte av monalege tilskot og stor deltaking frå andre internasjonale organisasjonar, OSSE-institusjonar (mellom anna OSSEs parlamentarikarforsamling), feltrepresentasjonar, og organisasjonar i det sivile samfunnet og næringslivet.

Etter økonomiforumet arbeidde formannskapet og Kontoret til samordnaren for økonomiske og miljømessige aktivitetar (OCEEA) nært saman for å få til ei høveleg oppfølging. Framlegg og tilrådingar frå forumet samt innspel frå delegasjonar og feltrepresentasjonar vart vurderte med interesse. OCEEA utarbeidde og sende ut ein «Handlingsplan for å gjennomføre tilrådingane frå OSSEs niande økonomiske forum».

Formannskapet la stadig vekt på kor viktig innsyn og god styring er. For å fremje innsyn og god styring heldt OSSE fram med å samarbeide intenst med aktuelle internasjonale organisasjonar, internasjonale finansinstitusjonar, regionale organisasjonar og initiativ, til dømes FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE), Verdsbanken, Den europeiske unionen, Den europeiske banken for atterreising og utvikling, Europarådet og SECI. Organisasjonen var representert på viktige internasjonale møte som Det andre globale forumet om kamp mot korrupsjon og vern av integritet (Haag, 28. til 31. mai 2001) og Den tiande internasjonale konferansen mot korrupsjon (Praha, 7. til 11. oktober 2001). Organisasjonen var òg med på å arrangere eit internasjonalt kollokvium om «Den økonomiske dimensjonen si rolle i konfliktførebygging i Europa», som vart halde i Villars 19. og 20. november 2001 med UNECE som vert.

Spørsmål om miljø og tryggleik vart grundig analyserte på eit oppfølgingsseminar til OSSEs sjuande og åttande økonomiske forum, der temaet var «Styrking av OSSEs rolle på området miljø og tryggleik». Seminaret vart arrangert av regjeringane i Tyskland og Sveits i Berlin 3. og 4. juli 2001.

Ettersom OSSE sine feltrepresentasjonar har ei unik sakkunne, har dei stått sentralt i formannskapet si tilnærming til den økonomiske og miljømessige dimensjonen. OCEEA og det rumenske formannskapet arrangerte eit opplæringsseminar for økonomi- og miljøtenestemenn i Sinaia i Romania 16. til 19. september 2001. Seminaret, der òg representantar for partnarorganisasjonar var til stades, gav fruktbare og handlingsorienterte diskusjonar og medverka til utveksling av tankar om beste praksis og utforming av regionale initiativ.

Sentral-Asia har fått særleg merksemd. Representantar for formannskapet deltok på regionmøtet til økonomi- og miljøtenestemennene i Bisjkek 23. og 24. april 2001, som vart kalla saman i høve møtet til dei regionale sendelagsleiarane, og understreka behovet for å fremje god styring og regionalt samarbeid. Ein spesialsesjon av økonomiforumet tok opp temaet «Betring av grensekontrollen for å minske narkotikahandelen utan å hindre normal handel og fri ferdsel i Sentral-Asia».

Ein sesjon for økonomiske og miljømessige spørsmål og regionalt samarbeid stod på dagsordenen for møtet som dei regionale sendelagsleiarane hadde i Bezanec i Kroatia 24. og 25. september 2001. Som følgje av drøftingane på økonomiforumet og seinare vil OSSE i Søraust-Europa søkje nærare samarbeid med SECI i kampen mot organisert kriminalitet og korrupsjon og når det gjeld å fremje utvikling av små og mellomstore føretak og regionalt samarbeid. Samarbeidet vil òg verte fremja av Stabilitetspakta, særleg på miljøområdet. OSSE-sendelaga i regionen vil delta aktivt.

Den menneskelege dimensjonen

I 2001 la det rumenske formannskapet større vekt på spørsmål som gjeld menneskeleg tryggleik, særleg tryggleik for deneinskilde. Dette omgrepet omfattar demokrati, respekt for menneskerettar og kulturelt mangfald, kamp mot vald eller organisert kriminalitet og fremjing av demokratiske aktivitetar i det sivile samfunnet.

I samarbeid med ODIHR arrangerte formannskapet OSSEs første tilleggsmøte om den menneskelege dimensjonen vigd til ytringsfridom 12. og 13. mars 2001. Møtet understreka kor viktig frie medium er i eit demokratisk samfunn, og at det trengst å ta opp utfordringane i samband med dette spørsmålet i heile OSSE-området. Ein erkjente at fleire må få tilgang til informasjonsteknologi. I denne samanhengen har OSSE-representanten for mediefridom gjort ein verdifull innsats for å involvere media i medvitsgjering og kamp mot rasisme og intoleranse.

På initiativ frå det rumenske formannskapet arrangerte OSSEs arbeidsgruppe for like høve for kvinner og menn eit møte om vald mot kvinner 8. juni. Deltakarane erkjende at vald mot kvinner er eit brot på kvinnene sine rettar og grunnleggjande fridomar. Opp gjennom åra har deltakarstatane vore merksame på problemet med vald mot kvinner og har utvikla særskilde tiltak for å eliminere denne forma for vald. Det vart lagt særleg vekt på rolla til OSSE når det gjeld å få bukt med dette fenomenet.

OSSEs andre tilleggsmøte om den menneskelege dimensjonen (18. til 19. juni) var vigd til fremjing av toleranse og ikkje-diskriminering. Målet med møtet var å gjennomgå dei viktigaste utdanningsmessige, rettslege og administrative tiltaka som var vedtekne av deltakarstatane i OSSE for å motverke intoleranse og diskriminering, og å utarbeide tilrådingar for å fremje fleirkulturalisme i OSSE-området.

Samtidig prøvde formannskapet å finne fram til ei dekkjande tilnærming til spørsmålet om vern av nasjonale minoritetar. Å myndiggjere lokaladministrasjonar, å ta med og gje fri tilgang for etniske minoritetar i avgjerdsprosessen, å respektere dei grunnleggjande rettane til den einskilde og å gjere velstand for borgarane til den sentrale målsetjinga i den offentlege politikken er konkrete steg mot eit integrert samfunn.

Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) viste seg å vere eit stort aktivum for organisasjonen på grunn av den vedvarande innsatsen han gjorde for å søkje og finne fram til løysingar på etniske spenningar på eit tidleg stadium. Mandatet hans, som fokuserer på vern av minoritetsrettarog fremjing av fleirkulturalisme, definerer det moderne omgrepet menneskeleg tryggleik. Gjennom å tale for kulturelt mangfald oppmoda han deltakarstatane til å ta konkrete steg for å skape rom for at alle skal kunne uttrykkje seg og utvikle seg kulturelt innanfor dei grensene lova set, slik at folk kan få høve til å halde ved like og utvikle sin kulturelle identitet, både privat og offentleg.

At Høgkommissæren for nasjonale minoritetar var oppteken av at nasjonale og etniske minoritetar får utdanning og deltek i det offentlige liv, kom òg sterkt til uttrykk i talen han heldt på OSSE-konferansen om roma- og sintispørsmål i Bucuresti.

I samarbeid med ODIHR og EU-kommisjonens delegasjon i Romania arrangerte formannskapet Konferansen om roma- og sintispørsmål frå 10. til 13. september i Bucuresti. Over 300 personar var til stades, mellom anna representantar for romasamfunn over heile Europa. Målet til konferansen var å utarbeide tilrådingar som kan danne grunnlag for ein OSSE-handlingsplan for romaspørsmål. Det vert mellom anna tilrådd å ta med romarepresentantar når nasjonale og lokale administrasjonsstrategiar skal utarbeidast, gjennomførast og overvakast; å auke romadeltakinga i politikken ved opplæring av framtidige leiarar og deltaking i folkerøystingar; å sikre vern, mellom anna asyl, for romasamfunn i og etter kriser; og å sørgje for tilgang til offentleg tenester. OSSE-spesifikke tilrådingar gjekk mellom anna på å støtte møte med regjeringar og ikkje-statlege partnarorganisasjonar utanfor OSSE-området, å ta med fleire romanioffiserar i OSSE-sendelag, og å styrkje rolla til ODIHRs kontaktpunkt for roma- og sintispørsmål når det gjeld å hjelpe regjeringar og ikkje-statlege organisasjonar med å overvake ikkjediskrimineringstiltak.

I mai 2001 arrangerte Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar det årlege seminaret om «Valprosessar» i Warszawa, ei hending som markerte at ODIHR har delteke i valobservasjon i ti år. Seminaret fann eit direkte samband mellom demokratisk utvikling av eit land og rettstryggleik, konsentrerte seg om effektiv minoritetsdeltaking i valprosessane, og la særleg vekt på konsolidering av hjelp om val samt rolla til heimlege observatørar i val.

ODIHR har i samsvar med dei internasjonale standardane på området gjeve hjelp ved presidentvalet i Kviterussland og parlamentsvalet i Albania og spela ei viktig rolle i valet i Kosovo nyleg.

Det årlege Gjennomføringsmøtet om spørsmål som gjeld den menneskelege dimensjonen (HDIM) gav eit høve til å analysere og vurdere deltakarstatane i OSSE si gjennomføring av OSSE-forpliktingane på områda rettstryggleik, demokratiske institusjonar, toleranse og ikkje-diskriminering, flyktningar og internt fordrivne, og respekt for grunnleggjande menneskerettar og fridomar. For å gjere HDIM i 2001 meir effektivt vart reglane for å kome med tilrådingar reviderte. Møtet vart sett på som ein hjørnestein for oppbygging av tillit og eit sterkt bindeledd til OSSEs relevante politiske dagsorden.

Saman med Nederland arrangerte formannskapet eit seminar i Haag som var vigd til «Religions- eller trusfridom i OSSE-området: utfordringar for lov og praksis». Formannen la vekt på OSSE sitt mål om å medverke til å skape eit Europa der religionsfridom og toleranse er ein røyndom for alle: eit verkeleg fleiretnisk, fleirkulturelt og fleirreligiøst Europa. OSSE og særleg ODIHR har vorte oppmoda til å integrere respekt for religions- og trusfridom i program for fremjing av toleranse og menneskerettar. I tillegg bør OSSE-sendelaga verte meir opptekne av problem som oppstår på dette området, og av løysingar på desse, særleg når det gjeld ein del sentralasiatiske land.

OSSEs tredje tilleggsmøte om den menneskelege dimensjonen, «Menneskerettar: forsvar og forsvararar», drøfta særskilde utfordringar for både ikkje-statlege organisasjonar og statlege institusjonar i samband med forsvar og opplæring av menneskerettsaktivistar. Det vart lagt særleg vekt på forsvar av menneskerettsorgan og -aktivitetar i samanheng med væpna konfliktar og interne spenningar.

Den 2. april inviterte det rumenske formannskapet Det faste rådet sine delegasjonar til å delta i ein paneldiskusjon om Europas åndelege dimensjon og OSSE si rolle i denne samanhengen. Gjestepaneldeltakarar som representerte religiøse institusjonar og forskingsinstitutt, var inviterte til å drøfte dette temaet. Andrei Plesu, rumensk filosof og tidlegare utanriksminister, var panelleiar. Dei fleste paneldeltakarane var samde om at interreligiøs dialog og åndelege og etiske verdiar framleis bør vere med i debatten om europeisk tryggleik.

Politiske og militære sider ved tryggleik

Formannskapet heldt fram med aktivitetane innan den politiske og militære dimensjonen i OSSE. Drøftinga av fremjing av rolla til OSSE fokuserte særleg på relasjonane mellom Det faste rådet og Forumet for tryggingssamarbeid (FSC).

General Claudio Zappulla vart utnemnd til ny personleg representant for artikkel II i Wien-avtalen om tillits- og tryggleiksskapande tiltak i Bosnia-Hercegovina og artikkel IV i Firenze-avtalen om subregional rustingskontroll. Formannen har stått i nær kontakt med den personlege representanten og støttar full gjennomføring av dei to avtalane.

Formannskapet følgde nært forhandlingane etter artikkel V i vedlegg 1-B i Den allmenne rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina og sette pris på at sluttdokumentet vart vedteke.

Representantar for formannskapet var til stades på seminaret om militærdoktriner som vart arrangert i Wien i regi av FSC. Konklusjonane og tilrådingane frå seminaret vart handsama på tilbørleg måte.

Relasjonar med middelhavspartnarar og partnarar for samarbeid

I samsvar med gjeldande praksis overlét formannskapet oppgåva med å leie Kontaktgruppa for samarbeid med middelhavspartnarane i 2001 til Portugal, som er neste land til å ha formannskapen. I løpet av året møtte kontaktgruppa jamleg ein gong i månaden og mottok mellom anna jamlege orienteringar om OSSE-verksemd utførd av representanten for formannen i Wien. Det vart arrangert eit seminar om «Utfordringar og høve i økonomisk utvikling» for representantar for middelhavspartnarar og partnarar for samarbeid (Wien, 25. og 26. juni 2001).

OSSEs årlege middelhavsseminar vart halde i Dubrovnik 30. og 31. oktober 2001, og temaet var «Gjennomføringa av forpliktingane i OSSEs økonomiske og miljømessige dimensjon - OSSE-røynsla og relevansen av denne for middelhavsområdet». På seminaret møtte representantar frå alle seks middelhavspartnarane til OSSE, mange deltakarstatar i OSSE, OSSEs parlamentarikarforsamling, andre internasjonale organisasjonar, FNs høgkommissær for flyktningar, Europarådet og Organisasjonen for Den islamske konferansen, samt sivile samfunn. Seminaret tok opp spørsmål som institusjonsoppbygging, innsyn i avgjerdsprosessen, samarbeid med det sivile samfunnet, god styring og forvalting av felles ressursar. Representantar for OSSE-feltrepresentasjonar orienterte deltakarane om ulike typar OSSE-verksemd i den økonomiske og miljømessige dimensjonen. Deltakarane var samde om at kontaktgruppa i Wien måtte utnyttast betre, og om at økonomiske og miljømessige sider ved tryggleiken bør integrerast i dei jamlege drøftingane for på den måten å sikre ei oppfølging av seminaret. Ein bør òg søkje komplementaritet med andre organisasjonar, særleg Den europeiske unionen. Som ei praktisk tilråding vart det understreka på nytt at deltaking frå middelhavspartnarane si side i ulike OSSE-hendingar og -aktivitetar, mellom anna vitjingar hjå feltrepresentasjonar, var nyttig og bør intensiverast.

I løpet av tidsrommet som vert gjennomgått her, opprettheldt og utvikla OSSE gode kontaktar og godt samarbeid med partnarane for samarbeid. Partnarane viste framleis interesse for aktivitetane og arbeidet til OSSE, og dette vart godt motteke. Ein set stor pris på tilskota deira og viljen deira til å oppretthalde interessa til støtte for innsatsen til det internasjonale samfunnet, medrekna OSSE.

OSSE og Republikken Korea arrangerte ein felleskonferanse i Seoul frå 19. til 21. mars 2001 om «Bruk av OSSEs tillits- og tryggleiksskapande tiltak i Nordaust-Asia». I talen sin fokuserte formannen på den særlege verdien av konferansen, som gjev eit høve til å presentere OSSE sine røynsler og kva ein har lært av dei. Han konkluderte med at hovudbodskapen frå denne konferansen var at det trongst å vidareutvikle den fleirfasetterte dialogen mellom OSSE og OSSEs partnarar for samarbeid og å oppmode til og på ein kreativ måte halde fram med å søkje etter høvelege former for samarbeid mellom landa i denne regionen for å utfylle dei som alt finst.

OSSE-troikaen sitt møte på ministernivå med alle OSSE-partnarane vart arrangert 2. desember under ministerrådsmøtet i Bucuresti.

Samarbeid med andre internasjonale organisasjonar og institusjonar

Det styrande prinsippet for det rumenske formannskapet var eit nært samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, særleg Dei sameinte nasjonane, NATO, Den europeiske unionen og Europarådet, og særorganisasjonar som FNs høgkommissær for flyktningar og Den internasjonale organisasjonen for migrasjon.

Formannen hadde eit møte med leiarane i andre internasjonale organisasjonar, mellom andre Dei sameinte nasjonane, Den europeiske unionen, NATO og Europarådet, for å drøfte konkrete tiltak for å betre samarbeidet, til dømes for å utarbeide kompatible strukturar, å utvikle felles rekrutterings- og opplæringsstandardar, å betre samarbeidet mellom hovudkvarteret og representasjonane, å finne fram til nye samarbeidsområde og å opprette mekanismar for effektiv samhandling.

I møtet med FNs generalsekretær, Kofi Annan, gjentok formannen at han var oppsett på å styrkje samarbeidet mellom dei to organisasjonane, på grunnlag av prinsippa om komplementaritet og ei klar arbeidsdeling. Den 29. januar tala formannen til FNs tryggingsråd i New York. Dette var første gongen ein OSSE-formann har vorte invitert til å møte heile Tryggingsrådet og drøfte det omfattande samarbeidsområdet mellom Dei sameinte nasjonane og OSSE. Frå 28. til 30. mars var formannen i Genève og hadde møte med FNs høgkommissær for menneskerettar, FNs høgkommissær for flyktningar, presidenten i Verdas økonomiske forum og presidenten i Den internasjonale raudekrosskomiteen. Formannen tala til den 57. sesjonen til FNs menneskerettskommisjon.

Det vart utvikla eit betre samarbeid med Den europeiske unionen, medrekna samarbeid i felten. Formannen hadde møte med EU-formannskapets utanriksministrar (Sverige og Belgia) og drøfta område med felles handling. Den positive haldninga til samarbeid og gjensidig styrking gjorde seg òg gjeldande ved kontaktar med og vitjingar hjå kommissær Christopher Patten og høgrepresentant Javier Solana. Det vart òg halde møte og diskusjonar på arbeidsnivå for å betre den interinstitusjonelle informasjonsutvekslinga, grunna på prinsippa om komplementaritet og kompatibilitet.

I møte mellom formannen og NATOs generalsekretær, Lord Robertson, vart behovet for meir samarbeid på både politisk nivå og sakkunnignivå framheva. Formannen tala til utanriksministersesjonen i Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) i Budapest 30. mai og NATO/EAPC-møtet i Brussel 27. november. Praksisen med møte på sakkunnignivå, både i Wien og i Brussel, er vidareført.

Samarbeidet med Europarådet vart intensivert. Den 24. april tala formannen til Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet. Ein kom fram til tre større grupper der ein hadde felles prioriteringar: menneskerettar og minoritetsspørsmål, fremjing av demokratiseringsprosessen, og handsaming av nye risikoar og utfordringar. Feltkontora til Europarådet og OSSE-sendelaga samarbeider nært i Kosovo, Den føderale republikken Jugoslavia og Tsjetsjenia. OSSE og Europarådet sine høgnivåmøte «2+2»/«3+3» vart haldne 11. april i Bucuresti og 30. oktober i Vaduz og fokuserte på aktuelle spørsmål som begge organisasjonane var opptekne av. Den 12. juli tala Walter Schwimmer, Generalsekretær i Europarådet, til Det faste rådet i Wien. Den 20. juli vart det halde eit embetsmannsmøte i Strasbourg.

Grunnlaget for denne fellesinnsatsen er Plattforma for kooperativ tryggleik. Ho tener som eit instrument for betre samhandling mellom organisasjonar og institusjonar som er opptekne av å fremje full tryggleik. Dei overordna prinsippa i Plattforma for kooperativ tryggleik - komplementaritet og synergi - stod sentralt i den samordna innsatsen til dei internasjonale organisasjonane for å ta opp og løyse alle felles problem.

I tillegg til at formannen hadde uformelle faste samråd og kontaktar med OSSEs parlamentarikarforsamling, var han til stades på møtet til den faste komiteen i Wien og på den 10. årlege sesjonen til OSSEs parlamentarikarforsamling i Paris. Han uttrykte støtte til fleire initiativ som vart lanserte av presidenten i OSSEs parlamentarikarforsamling, til dømes å opprette eit transasiatisk parlamentarikarforum, å halde vintersesjonar i Wien og å opprette eit kontaktkontor for parlamentarikarforsamlinga i Wien. Presidenten i Parlamentarikarforsamlinga, Adrian Severin, tala til Det faste rådet 30. august.

Administrative og budsjettmessige spørsmål

Budsjettet som vart vedteke 14. desember 2000, var på om lag 169 millionar euro. Som svar på utviklingane i OSSE med direkte implikasjonar for den operasjonelle aktiviteten i organisasjonen vart det i løpet av 2001 gjort 15 vedtak om tilleggsbudsjett. Difor er OSSE-budsjettet for inneverande år på om lag 204 millionar euro. Drøftingane om budsjettet for 2002 går etter planen.

Det vart vedteke ein ny skala for bidrag til store OSSE-sendelag og prosjekt. Formannskapet var framleis oppteke av spørsmålet om bidrag. Det vart oppretta ei arbeidsgruppe til å gjennomgå Helsinki-skalaen. Denne saka vert no drøfta.

Samtidig går det føre seg ein vidare prosess med sikte på å lage ei godt definert ramme for korleis OSSE skal drivast, og å skape eit meir solid grunnlag for organisasjonen. Det har vore stor framgang i forhandlingane om nytt finansreglement og nye vedtekter for tenestemenn. Ein har teke viktige steg når det gjeld IT-gjennomgangen og betre leiing av organisasjonen. Desse områda er avgjerande for at organisasjonen skal fungere godt, og på alle stadium bør det leggjast vekt på kor viktige dei er.

Styrking av OSSE og straumlineforming av OSSE si verksemd

Med sikte på å styrkje den politiske dialogen og straumlineforme verksemda til organisasjonen innleidde formannskapet samråd og tok konkrete steg for å betre dagsordenen på dei jamlege møta i Det faste rådet, å straumlineforme rapporteringa om OSSEs feltverksemd, å gjere førebuingskomiteane meir effektive, å opprette arbeidsgrupper for politiverksemd, rettsleg handleevne og kriterium for nye partnarar for samarbeid, og å betre innsynet i avgjerdsprosessen.

Formannskapet starta ein prosess med uformelle samråd om å styrkje OSSE si rolle. Det vart halde opne møte der det vart lagt vekt på at formannskapet og deltakarstatane var villige å vurdere den politiske rolla, dei vide målsetjingane, prioriteringane og arbeidsmetodane til organisasjonen. Det vart lagt fram konkrete forslag. Arbeidsgruppa for reform av OSSE vurderte fleire måtar for å styrkje OSSE si rolle innanfor ramma av europeisk og internasjonal tryggleik og for å betre konsekvensen i innsatsen i OSSE sine institusjonar og feltoperasjonar.

Arbeidsgruppa som hadde til oppgåve å utarbeide tilrådingar om framtidige søknader om partnarskapsstatus, fullførde oppgåva si og la fram ein rapport. Arbeidsgruppa for politirelatert verksemd har hatt fire uformelle møte, mellom anna eitt på sakkunnignivå, og dermed medverka på svært konkrete måtar til den vidare diskusjonen om å styrkje rolla til OSSE. Med omsyn til verksemda til Arbeidsgruppa for rettsleg handleevne kom formannskapet med eit sterkt ynskje om at dei måtte finne ei løysing på dette spørsmålet i løpet av året.

Til forsida