St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

7 Brev frå formannen i Den felles rådgjevande gruppa til utanriksministeren i Romania, formann for det niande møtet i OSSEs ministerråd

Dykkar Eksellense

Som formann i Den felles rådgjevande gruppa har eg æra av å opplyse Dykk om gruppa sine aktivitetar sidan det åttande møtet i OSSEs ministerråd, som vart halde i Wien i november 2000.

I heile denne tida har Den felles rådgjevande gruppa halde OSSE informert gjennom jamlege orienteringar sende til Forumet for tryggingssamarbeid og uformelle samråd halde med einskilddelegasjonar.

Statspartane i Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen) møttest i Wien frå 28. mai til 1. juni 2001 for å gå gjennom verkemåten til og gjennomføringa av CFE-avtalen på den andre tilsynskonferansen. Dei stadfesta den grunnleggjande rolla til CFE-avtalen som ein hjørnestein i europeisk tryggleik, viljen dei har til å oppfylle alle forpliktingar som oppstår etter avtalen og tilhøyrande dokument, og at dei aktar å oppfylle, til rett tid, alle forpliktingane i samband med Sluttakta frå Istanbul frå 1999. Dei formelle konklusjonane frå den andre tilsynskonferansen er vedlagde dette brevet.

I rapporteringsperioden var innsatsen til Den felles rådgjevande gruppa konsentrert om tre hovudområde.

For det første har gruppa fokusert på spørsmål som gjeld gjennomføringa av forpliktingane ein tok på seg i sluttakta som vart vedteken på Istanbul-konferansen mellom statspartane i CFE-avtalen i november 1999. Statspartane har merka seg framgangen som er gjort når det gjeld å oppfylle desse forpliktingane. Statspartane trur at vidare framgang vil medverke til at det vert lettare for mange statspartar å ratifisere tilpassingsavtalen, og deretter at tilpassingsavtalen kan ta til å gjelde så snart som råd.

For det andre vart attståande problem i samband med gjennomføringa av og verkemåten til CFE-avtalen handsama i Den felles rådgjevande gruppa og i arbeidsgrupper og undergrupper under Den felles rådgjevande gruppa, samt i uformelle samråd innanfor ramma av gruppa. Desse samtalane var samarbeidsprega og konstruktive på mange måtar.

Statspartane ser framleis med uro på at det innan avtaleområdet vert brukt konvensjonelle våpen og utstyrseiningar som ikkje er under kontroll av nokon statspart, og som difor ikkje er regulerte av noko avtalemekanismar. Denne vedvarande situasjonen påverkar verkemåten av avtalen negativt. Den felles rådgjevande gruppa har halde fram med å arbeide med dette problemet.

For det tredje vert det framleis gjort framgang innanfor ramma av Den felles rådgjevande gruppa når det gjeld tekniske detaljar som krevst for å få den tilpassa CFE-avtalen til å verke effektivt når tilpassingsavtalen tek til å gjelde.

Med omsyn til dette har gruppa samst om format for planlagd og ad hoc-melding og utveksling av informasjon. Formata for visse verifikasjonsaktivitetar vert no vurderte aktivt. Det har òg vore framgang når det gjeld å få eit vedtak om fordeling av kostnadene ved inspeksjonar og observasjonsvitjingar når slike aktivitetar vert utførde på kostnad av den inspiserande/observerande statsparten. Det er meininga at denne avtalen skal gjelde for CFE-avtalen i både si noverande og tilpassa form.

Den felles rådgjevande gruppa har òg byrja på ny å arbeide med å ajourføre lista i avtalen over kva som er underlagt avgrensingane og/eller rapporteringskrava i CFE-avtalen. Både den første og den andre tilsynskonferansen har merka seg problema med dette arbeidet og har pålagt Den felles rådgjevande gruppa å arbeide med dei for å fullføre oppgåva med å ajourføre Protokollen over eksisterande typar av konvensjonelle våpen og utstyrseiningar så snart som råd.

Dykkar Eksellense vil kan hende finne det nyttig at det ovannemnde vert teke inn i dei aktuelle dokumenta frå Ministerrådet.

Til forsida