St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

3 Den menneskelege dimensjonen

Arbeidet innanfor den menneskelege dimensjonen dreier seg om å styrkje respekten for menneskerettar og grunnleggjande fridomar, for demokratiske institusjonar og for rettsstatprinsipp i deltakarstatane. Det er eit grunnleggjande prinsipp at ein ikkje skal sjå på skyldnadene innanfor den menneskelege dimensjonen som ei indre sak for medlemslanda. OSSE gjev støtte til statar som tidlegare hadde totalitære regime, slik at dei kan omstille seg til verdifellesskapet i OSSE. OSSE har òg vedteke retningsliner for avvikling av demokratiske val, og medlemsstatane har plikt til å la OSSE overvake gjennomføringa av desse. Ein svært viktig del av OSSE si verksemd er støtte til gjennomføring av frie val.

Samspelet mellom sendelaga og OSSE-institusjonane, Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR), Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) og Representanten for frie medium (RFM) er viktige for påpeiking av brot på og fremjing av menneskerettar. I særleg grad vert situasjonen i OSSE-landa følgd gjennom OSSE sine sendelag. Dialogen mellom medlemslanda om den menneskelege dimensjonen går føre seg både i møta i Det faste rådet kvar veke og i andre OSSE-fora.

Det årlege gjennomføringsmøtet om den menneskelege dimensjonen, der deltakarlanda og dei ikkje-statlege organisasjonane i OSSE-området drøftar menneskerettsforpliktingar, vart som vanleg halde i Warszawa i oktober 2001. Ein eigen konferanse om roma- og sintispørsmål vart halden i Bucuresti før gjennomføringsmøtet. Dette møtet tok for seg ulike problemstillingar i høve til romaspørsmål i OSSE-regionen. I tillegg vart det i 2001 halde tre tilleggsmøte om aktuelle tema i den menneskelege dimensjonen, nemleg om ytringsfridom, om toleranse og ikkje-diskriminering og om forsvararar av menneskerettane. Noreg har engasjert seg aktivt i oppfølginga av det årlege gjennomføringsmøtet for å gjere møtet meir relevant for det daglege arbeidet i organisasjonen.

Ei eiga arbeidsgruppe om likestilling i OSSE arbeider permanent med dette spørsmålet. Likestillingsspørsmålet vart særleg sett på dagsorden under det norske formannskapet i OSSE i 1999. I tillegg til å følgje opp engasjementet for likestilling sette Noreg i 2001 eit særleg fokus på kampen mot menneskehandel.

3.1 Likestilling

Arbeidet for fremjing av likestilling har vore eit prioritert område frå norsk side i OSSE-samanheng òg. Under det norske formannsskapet vart likestilling for alvor sett på dagsordenen, og det har etter den tid vore ei positiv utvikling når det gjeld forståinga av relevansen av likestilling og av styrkinga av kvinnene si stilling i OSSE, både i sekretariatet og i sendelaga.

Sekretariatet sin likestillingsplan vart følgd opp i 2001. I 2001 vart det utarbeidd ei handbok for å hjelpe OSSE-tilsette med å skape større forståing av kjønnsperspektivet etter konfliktar. Handboka kan òg vere eit hjelpemiddel i det praktiske arbeidet med å innarbeide det same perspektivet.

Det er særleg to område som har fått mykje merksemd, og der Noreg har halde ein høg profil når det gjeld likestilling. Dette er handel med kvinner og vald mot kvinner. Det har vore høg aktivitet i arbeidsgruppa for spørsmål om handel med kvinner (Task Force on Trafficking in Women) i regi av OSSE, under Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Noreg har aktivt støtta dette arbeidet. I 2001 vart det utarbeidd ei rekkje nasjonale planar for kampen mot handel med kvinner, og ei rekkje tiltak vart sett i gang. Protokollen om handel med kvinner og barn, som supplerer FN-konvensjonen om grenseoverskridande organisert kriminalitet, og som vart vedteken i 2000, har ført til sterkare fokus på å straffe dei som organiserer denne verksemda. Det er framleis svært få som vert dømde for menneskehandel.

I 2001 vedtok OSSE ein åtferdskodeks (Code of Conduct and Anti-Trafficking Guidelines). Handel med kvinner vart drøfta på gjennomføringsmøtet om den menneskelege dimensjonen i Warszawa i september 2001. Likestilling og handel med kvinner vart drøfta under eigne dagsordenspunkt. Noreg legg stor vekt på arbeidet med desse spørsmåla.

Det vart arrangert eit eige møte om vald mot kvinner etter initiativ frå den uformelle arbeidsgruppa for likestilling i OSSE, som vert leidd på ambassadørnivå. Det vart diskutert kva slags rolle OSSE kunne ha i kampen mot vald, først og fremst i samband med konfliktar, men òg som eit allment problem.

3.2 Roma- og sintifolket

I tråd med eit vedtak frå Budapest-toppmøtet i 1994 oppretta ODIHR eit kontaktpunkt for roma- og sintisaker. Ministermøtet i Oslo i 1998 vedtok å styrkje OSSE sitt arbeid på dette området. I 1999 tilsette difor ODIHR ein rådgjevar som berre arbeider med roma- og sintispørsmål.

Det har i 2001 funne stad ei rekkje aktivitetar i regi av dette kontaktpunktet. Dette omfattar hjelp til nasjonale styresmakter i samband med utforming av politikk overfor roma- og sintifolket, tilrettelegging av internasjonale samråd om romaflyktningar og -asylsøkjarar, hjelp til å fremje deltaking av roma- og sintifolket i val, og i tillegg vern om rettane til roma- og sintifolket i og frå Kosovo.

Kontaktpunktet samlar informasjon frå medlemsstatane om lovgjeving og andre tiltak overfor roma- og sintifolket. Denne informasjonen er tilgjengeleg for OSSE sine medlemmer og institusjonar og for andre internasjonale organisasjonar. Kontaktpunktet har gjennom ei omfattande møteverksemd innleidd eit arbeid for å betre samarbeidet og samordninga mellom dei ulike romaorganisasjonane, med sikte på å utvikle ein felles strategi for å kjempe mot diskriminering og for å fremje full deltaking og like høve for roma- og sintifolket der dei bur.

I samarbeid med formannskapslandet Romania arrangerte OSSE konferansen «Like høve for roma- and sintifolket: omsetjing av ord til fakta» i Bucuresti 10. - 13. september 2001. Konferansen var ei oppfølging av ein struktur som vart innførd under norsk formannskap med eit årleg temamøte om roma- og sintifolket i tillegg til gjennomføringsmøtet. Eit av dei tema som vart tekne opp under konferansen i Bucuresti, var oppfølging av OSSE-konferansen i Praha hausten 2000 om roma- og sintifolket og deltaking. Frå norsk side vart sametingsmodellen presentert. Hovudtemaa i Bucuresti var levekår og rasisme, deltaking i politikk og ikkje-statlege organisasjonar si verksemd, samt roma- og sintifolk i krisesituasjonar og krisehandtering. Representantar for norske romafolk, UD og Utlendingsnemnda deltok på konferansen i Bucuresti.

I 2001 vart det sett ned ei arbeidsgruppe under leiing av Finland. Ho skal sjå nærare på om det er mogleg å få etablert eit representativt organ for roma- og sintifolket på europeisk nivå. OSSE deltek i samarbeid med Europarådet og EU, samt med representantar for roma- og sintifolket. Arbeidsgruppa skal presentere ein rapport hausten 2002. Noreg har gjeve støtte til utgreiing av spørsmålet, men utan å ta stilling til kvar eit slikt organ skal forankrast.

3.3 Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR)

Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR), som ligg i Warszawa, har gjennom dei siste åra utvida verksemda si vesentleg, særleg på områda val og demokratisering, under leiing av sveitsaren Gerard Stoudmann. ODIHR er den sentrale institusjonen i OSSE når det gjeld arbeidet med den menneskelege dimensjonen. ODIHR er ansvarleg for å skipe til det årlege gjennomføringsmøtet for den menneskelege dimensjonen. Valovervaking og gjennomføring av val var eit stort arbeidsområde for ODIHR i 2001. Kontoret gav ulike land hjelp til å betre valprosedyrar og lovgjeving. Noreg vidareførde i 2001 den årlege støtta på 2,5 mill. kroner til den prosjektrelaterte verksemda til ODIHR. Verksemda har hovudfokus retta mot medlemsland i Sentral-Asia og Kaukasus. I tillegg ytte Noreg personellressursar til ODIHR. ODIHR engasjerer seg sterkt mellom anna for romafolket sine rettar, likestillingsspørsmål, kampen mot menneskehandel, og overvaking av val i OSSE-området. Noreg deltok med observatørar på mange av dei vala som ODIHR overvaka i 2001. Sekondering av valobservatørar til ODIHR er eit viktig praktisk tilskot for å sjå til at landa oppfyller skyldnadene som medlemsland i OSSE. Gjennom aktiv deltaking i valobservasjon vert den norske ressursbasen tilførd nyttig røynsle i OSSE sitt arbeid og kunnskap om tilhøva i medlemslanda.

3.4 Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM)

OSSE legg stor vekt på å verne om minoritetar. Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) arbeider aktivt i OSSE-området med å fremje og styrkje rettane til nasjonale minoritetar og med å byggje opp fleirkulturalisme. Høgkommissær er svensken Rolf Ekéus, som overtok etter nederlendaren Max van der Stoel i 2001. Ekéus sette i 2001 fokus på nasjonale og etniske minoritetar sin rett til utdanning og deltaking i det offentlege liv. Ein sentral del av HCNM sitt arbeid er tidleg varsling av potensielle konfliktar. HCNM spelar òg ei viktig rolle i samanheng med lovgjeving som gjeld minoritetar, til dømes allmenne rettar og deltaking gjennom val. Dette står sentralt i mange av medlemslanda i OSSE. HCNM spelar i den samanheng ei viktig rolle når det gjeld oppfølginga etter dei nedlagde sendelaga i Baltikum. Noreg medverka i 2001 med personellressursar til HCNMs stab.

3.5 Representanten for frie medium (RFM)

Representanten for frie medium er ein relativt ny institusjon. Medierepresentanten, Freimut Duve, som tidlegare var tysk forbundsdagsrepresentant, har fastsett desse hovudsatsingsområda for institusjonen: individuelle saker, til dømes journalistar som vert utsette for overgrep; strukturelle avgrensingar i mediefridomen, til dømes statleg kontroll med utgjeving, trykking og distribusjon av aviser og blad; og varetaking av journalistane sin profesjonelle integritet og media si korrigerande samfunnsrolle.

Duve har i 2001 konsentrert seg om strukturell sensur, hatefull tale, injurielovgjeving og verknaden av denne lovgjevinga på dei frie media, og vern av journalistar i konfliktområde. Aktivitetane har hovudsakleg retta seg mot Russland og SUS-landa. Medierepresentanten har òg sett søkjelyset på alvorlege overgrep mot journalister, særleg ved å ta opp drapet på den ukrainske journalisten Gongadsje.

Noreg har gjeve økonomisk støtte til prosjekt i regi av medierepresentanten. Mellom anna støtta Noreg eit regionalt mobilt prosjekt på Balkan, det såkalla mobile.culture.container. Seksten containerar med bibliotek, internettkafé, videolaboratorium m.m. skapte ein ambulerande møteplass for ungdom og gjorde det mogleg å organisere seminar og arbeidsgrupper.

3.6 Parlamentarikarforsamlinga

Parlamentarikarforsamlinga i OSSE, som har sekretariat i København, spelar ei viktig rolle i organisasjonen, mellom anna i høve til overvaking av val. Eit viktig arbeid som har vorte utført i den såkalla parlamentariske troikaen, som er eit samarbeid mellom OSSEs parlamentarikarforsamling, EU-parlamentet og parlamentarikarforsamlinga i Europarådet, ikkje minst når det gjeld Kviterussland. Parlamentarikarforsamlinga har oppretta såkalla «demokratilag», som støttar opp om demokratiseringsprosessar i medlemslanda. At Parlamentarikarforsamlinga er representert på OSSE-troikamøte på ministernivå skaper òg grunnlag for eit godt samarbeid om aktuelle saker.

Parlamentarikarforsamlinga ønskjer ei nærare kopling til dei politiske spørsmåla som organisasjonen til kvar tid handterer, og at avgjerdsprosessen i OSSE skal verte opnare. Ein resolusjon om å styrkje den demokratiske og parlamentariske dimensjonen i OSSE vart vedteken i Parlamentarikarforsamlinga i juli 2001. Parlamentarikarforsamlinga vedtok i oktober 2001 ein resolusjon om samarbeidstilhøvet mellom Det faste rådet og parlamentarikarforsamlinga i OSSE. I denne resolusjonen vert parlamentarikardelegasjonane oppfordra til å starte debattar i dei respektive nasjonalforsamlingane om rolla og statusen til Parlamentarikarforsamlinga i OSSE. Under drøftingane om reform av OSSE i 2001 gjorde Noreg konkrete framlegg med sikte på å styrkje sambandet og dialogen mellom Det faste rådet og parlamentarikerforsamlinga.

Parlamentarikarforsamlinga har ved fleire høve uttrykt at OSSE bør gå vekk frå konsensusprinsippet og heller grunne seg på «tilnærma konsensus», det vil seie krav om støtte frå 90 prosent av medlemslanda og av innbetalte tilskot. I tillegg er det tidlegare gjort framlegg om utvida bruk av «konsensus minus ein»-prinsippet til å omfatte budsjettspørsmål, etablering av sendelag og tilsetting i viktige stillingar. «Konsensus minus ein»-prinsippet har berre ein gong i historia vorte nytta, då Jugoslavia vart suspendert frå OSSE.

3.7 Tilhøvet til frivillige organisasjonar

Det nære samarbeidet med dei frivillige organisasjonane er eit særtrekk ved OSSE. Det vert lagt stor vekt på samarbeidet med frivillige organisasjonar, og det har vore ei klar utvikling i retning av å auke frivillige organisasjonar si deltaking og påverknad i OSSE sitt arbeid. Frivillige organisasjonar kan delta på tilsynskonferansar, gjennomføringsmøte, det årlege økonomiske forumet og alle møte og seminar i regi av ODIHR. Gjennomføringsmøtet for den menneskelege dimensjonen er det største møtet innanfor denne dimensjonen i OSSE. Møtet er ein arena og møteplass for mange ikkje-statlege organisasjonar frå OSSE-området. Dei ikkje-statlege organisasjonane får her høve til å ta opp menneskerettsproblem. På møtet er òg regjeringsdelegasjonane og dei andre institusjonane i OSSE representerte. Frivillige organisasjonar frå SUS-området er underrepresenterte, men talet er aukande. I tillegg til å involvere frivillige organisasjonar aktivt i desse møta er det òg inngått eit tettare samarbeid med somme organisasjonar ved gjennomføring av prosjekt i regi av ODIHR.

Til forsida