St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

2 Rapport frå OSSEs generalsekretær, ambassadør Ján Kubiš, på ministerrådsmøtet i Bucuresti

Herr president,

Herr statsminister,

Herr formann,

Eksellensar,

Mine damer og herrar

På møtet i OSSEs ministerråd i Wien i fjor hadde eg tru på at eg ville kunne rapportere til Dykk i år at REACT-systemet med rask utplassering av sivile sakkunnige er heilt operativt. Eg er glad for å kunne stadfeste dette til Dykk i dag.

Dei aller fleste av deltakarstatane, og særleg av dei som tradisjonelt kjem med framlegg om kandidatar som kan overførast til sendelaga våre, har utarbeidd system og prosedyrar som støttar REACT-programmet.

Herr formann

I år har OSSE starta ein svært rettidig diskusjon om å auke effektiviteten av arbeidet til og å betre leiinga av organisasjonen, som har vorte fremja med ei fast haldning av det rumenske formannskapet.

Særleg er eg glad for at deltakarstatane ser behovet å betre budsjetteringsprosessen for å skape ein meir målsetjingsorientert og open organisasjon. Budsjetta skal verte eit viktig leiingsverkty, som legg ramma for planlegginga, gjennomføringa og evalueringa av arbeidet til organisasjonen, organisasjonen sine institusjonar og feltoperasjonar, og dermed også for styrking av den politiske verknaden av og samanhengen i OSSE sine tiltak.

Sekretariatet bør vere eit grunninstrument i OSSE for å fremje og føre ein betre leiingspraksis, jamvel den beste, under rettleiing frå deltakarstatane, med hjelp til dette frå revisorane i interntilsynet og eksterne revisorar.

Her ønskjer eg å helse velkomen også den auka merksemda frå OSSEs parlamentarikarforsamling når det gjeld spørsmål om leiing, ansvar og openskap, naturlegvis grunna på respekt for mandata til dei ulike delane av OSSE.

Reformeringa av leiinga vil halde fram også i 2002 og deretter. Etter gjennomgangen av leiinga/informasjonsteknologien i år held no sekretariatet på med å utarbeide ein detaljert plan for å betre leiinga/informasjonsteknologien. Kjerneelementa i dette prosjektet vil vere eit nytt system for å handtere integrerte ressursar, eit intranett for heile OSSE, utkontraktering av informasjonsteknologi- og kommunikasjonsstøtte, eit konsolidert elektronisk bibliotek og dokumentarkiv.

Ei viktig side ved leiinga er korleis vi tek vare på alle kategoriane av personale vi har, både i felten og i institusjonane, og korleis vi arbeider saman med dei og vurderer prestasjonane deira.

Vi prioriterer mellom anna ei heilskapleg tilnærming til rekruttering, der vi legg vekt på kvalitet og på å betre utveljingsmetodane slik at rekrutteringsprosessen for både overførte personar og personar med arbeidsavtale vil verte opnare og meir objektiv. REACT-programmet og setta av standardar i programmet har vore eit langt steg framover og bør brukast som ein målestokk og organisator på dette området for heile OSSE.

Eg må òg understreke at vi står overfor vanskar i mangel på ein avtale om OSSEs rettslege handleevne og om privilegium og immunitet, som kan spegle røyndom og krav i OSSE i dag. Denne situasjonen gjer arbeidet til OSSE, særleg feltoperasjonane, vanskelegare og jamvel farlegare.

Sekretariatet si støtte til OSSE og deltakarstatane og formannskapet strekkjer seg naturlegvis lenger enn til administrativ og fagleg støtte. Etter mandatet til Generalsekretæren skal sekretariatet støtte deltakarstatane og formannskapet i alle aktivitetar som tek sikte på å oppfylle OSSE sine mål, og mellom anna gje aktuelle råd og tilrådingar om formulering og utføring av OSSE sin politikk. Sekretariatet står for den naudsynte kontinuiteten og det institusjonelle minnet til organisasjonen. Generalsekretæren har mandat til å opptre som representant for formannskapet og hjelper, saman med sekretariatet, til med å representere OSSE og å gjere OSSE sin politikk og praksis kjende.

På grunnlag av prinsippa i OSSEs plattform for kooperativ tryggleik søkjer OSSE meir energisk å betre felles arbeid med andre internasjonale organisasjonar, institusjonar og rammer. Dei viktigaste motstykka våre er til stades her, og eg helsar dei velkomne og takkar dei for samarbeidet og partnarskapen.

Herr formann

OSSE får stadig nye politiske og operasjonelle verkty til rådvelde, og det hender her i Bucuresti òg. Med avtalen om ein overordna politirådgjevar i sekretariatet vil OSSE kunne gje naudsynt støtte til og styrkje OSSE si rolle i sivile politirelaterte aktivitetar, mellom anna når det gjeld OSSE si pågåande politiverksemd i felten. På liknande måte fastset vedtaket om og handlingsplanen for å nedkjempe terrorisme ei ramme for eit omfattande OSSE-engasjement, som òg vert støtta av sekretariatet.

Herr formann

Til slutt vil eg gjerne takke deltakarstatane og det rumenske formannskapet og minister Geoan a¸ for støtta som sekretariatet og eg sjølv har fått. Eg kan berre love, på våre vegner, at vi vil gjere vårt beste for å hjelpe Dykk og organisasjonen i alle aktivitetar som fremjar verdiane og målsetjingane til OSSE.

Takk for merksemda.

Til forsida