St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

8 Ministermøtet i Bucuresti

Etter eit lite vellukka utanriksministermøte i Wien i 2000, var det viktig for organisasjonen å få til konkrete politiske framsteg under OSSE sitt niande utanriksministermøte i Bucuresti 3. - 4. desember 2001. Tilhøva låg ikkje til rette for at Bucuresti-møtet ville verte ein suksess for OSSE. Dei første månadene av 2001 var prega av fortsatt sterke motsetnader og ga liten grunn til optimisme. Etter terroråtaka i USA 11. september fann det imidlertid stad ei viss tilnærming mellom dei sentrale medlemslanda, i første omgang i tone meir enn i substans. Sluttresultatet frå Bucuresti vart såleis noko i overkant av kva dei fleste på førehand hadde venta.

Eit hovudtrekk under forhandlingsmøta var større og breiare deltaking enn på tidlegare OSSE-møte. Forhandlingane vart òg prega av eit sterkt ønskemål frå mange medlemsland om å justere vektlegginga i arbeidet til OSSE, både med omsyn til geografi og politisk innhald. Parallelt med andre forhandlingar vart det frå mange SUS-land gjort klart at dei ville krevje ei raskare takt enn det dei hadde vorte samde om i april 2001 når det galdt endringa av fordelingsnøkkelen for tilskot til organisasjonen. For å kunne få til dette såg dei seg nøydde til å nytte sterkare metodar. Sjølv om ein kom seg velberga gjennom Bucuresti-møtet, såg ein tydeleg mørke skyer over arbeidet til organisasjonen i tida framover, særleg når det galdt arbeidet med å få vedteke eit budsjett for 2002.

Bodskapen frå ministermøtet ligg hovudsakleg i erklæringa og dokumenta om OSSE-innsatsen i kampen mot terrorisme og når det gjeld politirelaterte oppgåver. I ministererklæringa frå møtet vert det innleiingsvis lagt hovudvekt på allmenne felles skyldnader i kampen mot terrorisme. Elles er erklæringa prega av arbeidet med å reformere og styrkje OSSE for å møte nye politiske utfordringar. Ministrane gjorde eit vedtak om og vedtok ein handlingsplan mot terrorisme, der hovudinnhaldet er ein uttrykt vilje til å nytte OSSE sine instrument i kampen mot terrorisme. Eit viktig innsatsområde vert politisaker og andre delar av lov og orden-problematikken. Dette er forsterka ved at ministrane òg gjorde eit vedtak om politirelatert arbeid, som opna for å opprette ei eiga politirådgjevarstilling i OSSE. Ministrane uttala seg om fleire regionale spørsmål, til dømes Søraust-Europa, Moldova, Georgia, Sentral-Asia og Nagorno-Karabakh-konflikten. På førehand var det stor uvisse om ein ville kome fram til semje om slike uttalingar.

Det vart gjort fem vedtak innanfor den menneskelege dimensjonen, og det viktigaste handlar om kampen mot menneskehandel som Noreg har lagt særskilt vekt på. Dei andre vedtaka gjeld kampen mot vald mot kvinner, kampen mot fenomen som nasjonalisme og rasisme, vern om roma- og sintifolket og reform av OSSE sine gjennomføringsmøte innanfor den menneskelege dimensjonen. Det hadde før ministermøtet vore gjennomført omfattande drøftingar om reform av OSSE, men få av dei til dels vidfemnande framlegga resulterte i vedtak. Arbeidet skal vidareførast i 2002. I ministrane sine vedtak om å styrkje den politiske dialogen i OSSE vart det oppretta ein underkomité innanfor den økonomiske dimensjonen, med sikte på å styrkje dette arbeidet.

Det vart vedteke at Nederland skal ha formannskapet i OSSE i 2003. Det neste ministermøtet i OSSE skal finne stad i Porto i Portugal i desember 2002. Ministrane vedtok å forlengje mandatet til OSSEs generalsekretær Ján Kubiš med tre nye år. Dei fekk seg framlagt ein rapport om sluttføring av forhandlingane under Dayton-avtalen artikkel V, i tillegg til årsrapporten frå artikkel II- og IV-forhandlinga, samt rapportar som handlar om arbeidet i Forumet for tryggingssamarbeid (FSC), arbeidet med CFE-avtalen, og arbeidet med Avtalen om opne luftrom. Det vart òg lagt fram ein rapport om reformarbeidet i organisasjonen.

Til forsida