St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

2 Det politiske samarbeidet

2.1 Formannskapet og Det faste rådet

OSSE sitt arbeid byggjer på konsensusprinsippet. Dette prinsippet inneber at alle medlemsland må vere samde om dei vedtaka som vert gjorde. I praksis fungerer det slik at vedtak vert gjorde utan innvendingar, etter at det på førehand har vorte halde samråd med sikte på å få den naudsynte semja om vedtaka. Sjølv om konsensusprinsippet somme gonger kan oppfattast som å seinke avgjerdsprosessen, vil ein open og inkluderande samrådsprosess vere effektiv på lengre sikt fordi han legg grunnlaget for ei brei oppslutning om dei vedtaka og den politikken som OSSE fører.

Formannskapet i OSSE leier den uformelle samrådsprosessen og arbeidet i dei formelle organa i OSSE. Først og fremst er dette Det faste rådet, som er det øvste organet mellom dei årlege ministermøta. Det faste rådet møter kvar veke. Om lag kvart tredje år vert det halde toppmøte, som samlar stats- og regjeringssjefar frå alle OSSE-landa. Formannskapet roterer kvart år. Romania hadde formannskapet i 2001, etter Austerrike. Portugal har teke over i 2002. Noreg hadde formannskapet i 1999 og deltok såleis fram til utgangen av 2000 i arbeidet i OSSE-troikaen, som forutan formannskapet og det føregåande formannskapet omfattar det påtroppande formannskapslandet. I perioden 1998-2000 sat Noreg såleis sentralt i samrådsprosessen og hadde i formannskapsperioden i 1999 ansvaret for heile samrådsprosessen. Dette vart søkt nytta fullt ut.

Det er utanriksministeren i formannskapslandet som er formann i OSSE, og som leier OSSE sitt arbeid i formannskapsåret. Dette skjer i hovudsak gjennom OSSE-hovudkvarteret i Wien. Hovudstaden i formannskapslandet spelar òg ei viktig rolle i arbeidet med å kome fram til konsensusvedtak, mellom anna gjennom kontaktar på politisk nivå og embetsmannsnivå med andre OSSE-hovudstader.

Samrådsprosessen i Wien er både av bilateral og multilateral karakter. Dei mest sentrale aktørane er stormaktene, EU-formannskapet og OSSE-formannskapet. Utover dette møter NATO-landa kvar veke og EU-landa fleire gonger i veka. Dei nordiske landa har òg samrådsmøte kvar veke. I tillegg møter alle medlemslanda til uformelle samråd. Denne omfattande samrådsprosessen endar med møte i Det faste rådet kvar veke.

OSSE-formannen står i nær kontakt med dei andre OSSE-landa sine utanriksministrar, og det er likeins kontakt mellom OSSE-landa sine hovudstader på embetsmannsnivå. Føremålet med desse samråda er å gje politisk tyngde til arbeidet med å kome fram til ei felles haldning og dermed supplere dei drøftingane som finn stad i Wien.

Sjølv om ein stor del av samrådsprosessen går føre seg innan avgrensa grupper av land, legg formannskapa stor vekt på at prosessen skal vere mest mogleg open. Det er viktig for fleksibiliteten og effektiviteten til organisasjonen at vedtaka ikkje vert blokkerte eller forseinka fordi interessene til somme land ikkje er tilstrekkeleg tekne vare på. Det har òg mykje å seie at land som ein føreset skal medverke både økonomisk og med personell til OSSE si verksemd, kjenner seg trygge på at dei har høve til å påverke organisasjonen sin fleksibilitet og politikk.

Sjølv om konsensusprinsippet ligg til grunn for vedtak i organisasjonen, har organisasjonen vist at han har ein fleksibilitet som gjer det mogleg å handle raskt. For det første er samrådsprosessen, som leier fram til vedtak i Det faste rådet, svært omfattande. Dette er for å tryggje at kvart utkast til vedtak har den naudsynte tilslutninga før handsaminga i Det faste rådet. For det andre avgrensar Det faste rådet seg tradisjonelt til å utforme allmenne retningsliner. For det tredje får OSSE sine sendelag og institusjonar stor grad av handlefridom gjennom allmenne retningsliner frå formannskapet og Det faste rådet. Formannskapet held jamleg kontakt med desse og kjem med naudsynte og utfyllande retningsliner. Samstundes er det, for å tryggje støtte frå alle medlemsland for den politikken som vert ført, viktig at samrådsprosessen vert oppfatta som inkluderande, og at deltakarlanda får ta del i avgjerdsprosessen. Dette har vorte tydeleggjort i den seinare tida.

Etter norsk initiativ vedtok Istanbul-toppmøtet i november 1999 å opprette ein førebuingskomité, der alle medlemslanda kan møtast kvar veke, eller når det krevst, for å diskutere spørsmål som står på dagsordenen til organisasjonen. Dette skulle føre til at avgjerdsprosessen vart meir open. Mange medlemsland meiner at førebuingskomitéen må nyttast meir til reelle drøftingar om viktige politiske spørsmål.

2.2 Konfliktførebygging

Samråda i Det faste rådet i Wien er i seg sjølve eit viktig konfliktførebyggjande instrument. Der vert det sett søkjelys på eksisterande og potensielle konfliktar, og møta gjer det mogleg med ei kontinuerleg informasjons- og meiningsutveksling og analysar av ulike situasjonar. Samråda byggjer i stor grad på dei rapportane som vert utarbeidde av sendelaga. I tillegg til å rapportere skriftleg deltek sendelagsleiarane jamleg på møte i Wien. Dette gjev høve til ein omfattande gjennomgang av arbeidet i dei einskilde sendelaga.

Spørsmål om nasjonale minoritetar er ein grunnleggjande faktor i dei fleste konfliktområda der OSSE er engasjert. Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) har difor ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje konfliktar. Den tidlegare nederlandske utanriksministeren Max van der Stoel utvikla denne stillinga til å verte eit effektivt organ, ikkje minst gjennom ein aktiv og samstundes diskret dialog med styresmakter og minoritetsgrupper i land der konfliktar trugar stabiliteten. Rolf Ekéus frå Sverige tok over etter van der Stoel i juli 2001. Høgkommissæren for nasjonale minoritetar har kontoret sitt i Haag i Nederland.

Stillinga vart oppretta i 1992, og det går fram av mandatet at Høgkommissæren skal medverke til «tidleg varsling» og leggje grunnlaget for «tidleg handling» i potensielle konfliktar der nasjonale minoritetar har problem. Høgkommissæren har berre ein gong gjeve Det faste rådet ei formell «tidleg varsling». Det var i 1999 då Høgkommissæren varsla om den forverra situasjonen i Makedonia i samband med krisa i Kosovo. Høgkommissæren skal arbeide sjølvstendig og fortruleg med partane. Han skal ta opp saker som gjeld medlemslanda si oppfølging av OSSE-forpliktingane når det gjeld nasjonale minoritetar. Oppgåva er ikkje å handsame klagesaker frå einskildpersonar.

Høgkommissæren fokuserte i 2001 arbeidet sitt i ei rekkje land på lovgjeving som handlar om minoritetar. Fokuset var her på språklovgjeving, utdanning for minoritetar, og arbeid for på ulike måtar å tryggje at minoritetane deltek i det offentlege livet. Av Høgkommissæren sine talrike initiativ kan mellom anna nemnast etableringa av det sørausteuropeiske universitetet i Tetovo i Makedonia, som eit ledd i arbeidet for å betre dei interetniske tilhøva i landet. Arbeidet i dei baltiske landa og i høve til den russiskspråklege minoriteten i Ukraina, kan òg nemnast. Høgkommisæren er også aktiv på ei rekkje felt i Jugoslavia.

2.3 Feltoperasjonar

Feltoperasjonane er ein særs viktig del av OSSEs arbeid. Gjennom feltoperasjonane bidreg OSSE aktivt med hjelp til utviklinga av demokratiske institusjonar, rettstatar og respekt for menneskerettane. Sendelaga arbeider tett saman med dei ulike institusjonane i OSSE; Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR), Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) og Mediarepresentanten (RFM).

Tyngdepunktet i organisasjonen sitt arbeid låg i 2001 på Søraust-Europa, dels grunna tidlegare plikter og dels grunna nye oppgåver. Samstundes fekk også Sentral-Asia styrkt merksemd. Makedonia og Den føderale republikken Jugoslavia fekk auka merksemd i 2001. Etter kvart som den etniske konfliken utvikla seg i Makedonia auka OSSE engasjementet i landet. For å kunne overvake situasjonen vart talet på tilsette auka i fleire omgangar. OSSE medverka til forhandlingsprosessen om ei politisk løysing på krisa, og som eit resultat av Rammeavtalen fekk OSSE fleire oppgåver. Mellom anna fekk OSSE ansvaret for å utdanne politirekruttar frå minoritetane i landet. OSSE oppretta i 2001 eit eige sendelag til Jugoslavia, med hovudsete i Beograd. Av hovudoppgåvene til sendelaget er hjelp til reform av politi og rettsstellet. Sendelaget har i samarbeid med styresmaktene utarbeida ein plan for dette arbeidet med reform av politisektoren. Etter den etniske konflikten i Sør-Serbia har sendelaget spela ei viktig rolle mellom anna for å utdanne eit fleiretnisk politi i området. Dette arbeidet vert leia av ein nordmann. I tillegg har 3 norske politiinstruktørar vore engasjert i arbeidet. I Kosovo gjennomførte OSSE val til provinsforsamling i desember 2001. Den serbiske minoriteten og andre minoritetar deltok ved valet. Forsamlinga hadde ved årsskiftet ikkje lukkast å utnemne president og regjering.

Terroråtaka mot USA 11. september førte til eit styrkt fokus på landa i Sentral-Asia. Den auka interessa for dette området er positivt. Det har mellom anna vorte eit sterkt ønske om tettare samarbeid med landa i regionen om å førebyggje terrorisme og om preventive tiltak i samband med narkotika- og våpentrafikk. I desember 2001 arrangerte OSSE og FN-kontoret for narkotikakontroll og kriminalitetsførebygging (UNODCCP) ein konferanse om terrorisme i Bisjkek, Kirgisistan.

Fram til 2001 var det ein jamn vekst i OSSEs feltstruktur og oppgåver. I 1999 vart det oppretta 3 nye kontor i Sentral-Asia. Dermed hadde OSSE sendelag i alle dei 5 sentral-asiatiske landa. I 2000 vart det oppretta sendelag både i Armenia og Aserbajdsjan. Dermed var OSSE også i Kaukasus representert i alle medlemsland.

Det eksisterer ikkje generelle retningsliner for avvikling av sendelag, og avvikling skjer difor på grunnlag av mandatet til kvart einskilde sendelag. Frå årsskiftet vart sendelaga i Estland og Latvia lagt ned. Avviklinga av desse sendelaga skjedde etter tilrådingar frå sendelagsleiarane, som rapporterte at landa hadde vist tilfredsstillande handtering av uteståande oppgåver i høve til sendelaga sine opphavlege mandat. Avviklinga har vorte eit kompliserande element i samarbeidet i OSSE. Avviklinga av sendelaga skjedde mot Russland si vilje. For Russland har avviklinga styrkt kjensla av ikkje å bli teken alvorleg, noko som vidare har gjort det vanskelegare å få russisk støtte for arbeidet i organisasjonen. Sjølv om sendelaga no er avvikla, vil OSSE, gjennom ODIHR og HCNM, følgje opp situasjonen i Estland og Latvia når det gjeld dei russisk-språklege minoritetane.

2001 har vist kor viktig det er at det eksisterer harmoniske tilhøve mellom mottakarstaten og sendelaget, slik at ein kan få til eit langsiktig demokratiseringsarbeid og unngå at mottakarstaten ønsker sendelaget ut.

2.3.1 Albania

OSSE sitt mandat i Albania har sidan 1997 vore å førebyggje konflikt, gjennom politisk mekling og overvaking, og å medverke til stabilitet ved å styrkje demokratiske institusjonar og det sivile samfunnet. Sendelaget sitt samarbeid med den albanske regjeringa har vorte ytterlegare styrkt det siste året. OSSE spelar ei aktiv rolle som rådgjevar og pådrivar i saker som gjeld demokratisering, rettssystemet, menneskerettar, menneskehandel, mediespørsmål, førebuing og gjennomføring av val, våpeninnsamling og grenseovervakning, og utvikling av det sivile samfunnet.

Sendelaget har òg fått oppdraget med å leggje til rette for samordning av det internasjonale samfunnet sine aktivitetar i Albania. Sendelaget leier den lokale delen av den såkalla Vennegruppa for Albania, som samlar alle OSSE-land og andre internasjonale aktørar som er aktive i Albania, mellom andre Noreg. Albania gjekk i 2001 inn i forhandlingar om ein stabiliserings- og assosieringsavtale med EU, noko som det er venta vil føre til ei restrukturering av Vennegruppa.

OSSE spela ei viktig rolle i samband med førebuingane og gjennomføringa av parlamentsvalet i juni. Valet vart karakterisert som ein framgang når det galdt gjennomføringa av demokratiske prinsipp, trass i einskilde avvik. OSSE sitt kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) kom etter valet med ei rekkje framlegg til forbetring av lovverket for albanske styresmakter.

Respekten for rettsstaten vart under tidlegare statsminister Meta styrkt i store delar av Albania. Det vart starta opp eit program for rehabilitering av infrastrukturen i landet. Mykje arbeid står framleis att før infrastrukturen kjem opp på eit minimumsnivå. Tryggingssituasjonen i Nord-Albania gjev framleis grunn til uro, særleg i nordaust (Tropoja-distriktet). Utanlandske gjevarland har vore tilbakehaldne med støtte til denne delen av landet, som er det fattigaste området i Albania.

Albania er eit sentralt transittland for smugling av menneske til Europa, og sendelaget har vorte tildelt oppgåva som samordnar for internasjonale tiltak retta mot menneskehandel i Albania. Mellom anna har sendelaget hjelpt albanske styresmakter med å utvikle ein nasjonal handlingsplan mot menneskehandel. Vidare overvakar sendelaget innsamling av handvåpen og overvakar i tillegg grensa mellom Albania og Kosovo/Jugoslavia, samt grensa mellom Albania og Makedonia. Våpeninnsamlingsprogrammet vart redusert i 2001, og finansieringa til våpendestruksjonsprogrammet stansa opp. Noreg har, saman med Tyskland, USA og UNDP, finansiert dette programmet. Grenseobservasjonen vart òg trappa ned i 2001. Dette var ei følgje av mellom anna lågare spenning i grannelanda.

Sendelaget har i aukande grad fokusert på miljøvern i Albania og medverka i 2001, saman med FNs miljøprogram (UNEP), til at styresmaktene oppretta eit eige miljøverndepartement.

Påtalemakta har stor påverknadskraft og makt i det albanske strafferettssystemet, men manglar ofte naudsynt røynsle og opplæring for å kunne ta dei riktige avgjerdene i vanskelege straffesaker. Dette gjeld òg avgjerdene om kven som skal straffeforfølgjast. Noreg følgjer tett utviklinga i Albania og har over tid stilt norske statsadvokatar til disposisjon som internasjonale rådgjevarar for den albanske påtalestyresmakta. Rådgjevarane har vore ei viktig støtte for påtalemakta sitt arbeid med spesifikke saker, i tillegg til at dei medverka til større juridisk kompetanse og medvit.

2.3.2 Kosovo

OSSE-sendelaget i Kosovo (OMIK) vart oppretta med eit vedtak i Det faste rådet 1. juli 1999, medan Noreg hadde formannskapet. Kosovo-sendelaget er den største noverande feltoperasjonen i OSSE og har om lag 600 internasjonalt tilsette og om lag 1400 lokalt tilsette. Sendelaget har hovudkvarter i Pristina og eit større tal feltkontor.

OSSE-sendelaget er ein del av den overordna FN-administrasjonen i Kosovo (UNMIK), som vart etablert i provinsen etter at den jugoslaviske presidenten Slobodan Milosevic gjekk med på fredsplanen, og dei militære aksjonane opphøyrde sommaren 1999. FNs tryggingsråd vedtok i resolusjon 1244 at det skulle setjast inn ein internasjonal militær tryggingsstyrke (KFOR) og eit sivilt nærvere i Kosovo (UNMIK). Etter resolusjon 1244 skal innbyggjarane i Kosovo ha stor grad av sjølvstyre innan Den føderale republikken Jugoslavia, til ein endeleg status vert fastsett.

UNMIK femner om fire pilarar for høvesvis sivil overgangsadministrasjon (leidd av FN), politi og rettsvesen (leidd av FN), institusjonsbygging (leidd av OSSE) og atterreising (leidd av EU). Dette var ein struktur som var ny i internasjonalt samarbeid, og representerte ei erkjenning av at oppgåvene var for omfattande til at berre ein organisasjon kunne gjennomføre dei åleine, samstundes som ein ville unngå oppsplitting og konkurranse mellom organisasjonane.

Innan UNMIK har OSSE-sendelaget ei leiarrolle i arbeidet for menneskerettar, demokratibygging og rettsstatsprinsipp i provinsen. Sendelaget har ansvaret for å leggje til rette for og gjennomføre val. OSSE har òg fått oppgåva med å lære opp ein lokal fleiretnisk politistyrke. OSSE-politiskulen har lært opp rekruttar sidan 1999. Ved årsskiftet hadde omlag 4000 rekreuttar vorte uteksaminert. I tillegg lærer OSSE-politiskulen opp politiinstruktørar. Det første kullet med politiinstruktørar vart uteksaminert i august 2001. Noreg hadde 7 politiinstruktørar, inkludert hovudlæraren ved politiskulen i 2001.

Institusjonsbygginga omfattar òg oppbygging av kompetanse innan rettsstell og offentleg administrasjon samt støtte til utvikling av det sivile samfunnet. OSSE har òg stått bak etableringa av ein ombodsmannsinstitusjon og andre menneskerettsorgan, og spelar i tillegg ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle ein profesjonell og uavhengig mediesektor.

Betring av tryggingssituasjonen er ei svært viktig oppgåve for å normalisere situasjonen i Kosovo. Etter systematiske overgrep i tida etter krigen er det framleis ei hovudoppgåve å verne om minoritetane i provinsen. Sendelaget har eit tett samarbeid med andre internasjonale aktørar, til dømes KFOR og FN-politiet, og spelar ei viktig rolle ved å overvake og rapportere om brot på menneskerettane i Kosovo. Samstundes medverkar OSSE til å byggje opp lokal kapasitet til å overvake, rapportere og fremje menneskerettar. Det er òg ei sentral oppgåve å leggje til rette for retur av minoritetar.

Ei viktig rettesnor for sendelaget sitt arbeid er hjelp til forsoning og til eit fleiretnisk Kosovo. Dette går fram av det mandatet som OSSE-sendelaget har fått av Det faste rådet. På bakgrunn av dei overgrepa som det kosovoalbanske folket over lang tid har vore utsett for, er dette ei oppgåve på lang sikt. Forsoningsoppgåva har ikkje vorte enklare av dei overgrepa som har funne stad etter krigen frå kosovoalbansk side, og som har vore retta mot serbarar og andre minoritetar. Lokale politikarar har eit hovudansvar i dette forsoningsarbeidet.

OSSE gjennomførde eit teknisk godt organisert val til provinsforsamling 17. november 2001. Valet var svært viktig for å kunne byggje opp eit fleiretnisk samfunn og for å få sett saman ei provinsregjering (Provisional Institutions of Self-Government (PISG). Valet fekk brei oppslutning frå det kosovoalbanske folket. Serbarar og andre minoritetar deltok òg i valet. Den kosovo-serbiske koalisjonen «Povratak» vart det tredje største partiet, og har 22 seter i forsamlinga. Heile 14 parti fekk sete i den 120-manns store forsamlinga etter valet. Forsamlinga vart offisielt sett saman 10. desember 2001. Ved årsskiftet hadde det ikkje lukkast partia å verte samde om valet av provinspresident eller leiar av provinsregjeringa.

Kontaktane mellom UNMIK og styresmaktene i Beograd er gode. Fellesdokumentet, som blei inngått 5. november mellom UNMIK og dei jugoslaviske styresmaktene la grunnlaget for at den serbiske minoriteten deltok ved provinsforsamlingsvalet. Det skal etter planen haldast lokalval i 2002. Valet skal gjennomførast av OSSE-sendelaget.

2.3.3 Bosnia-Hercegovina

OSSE-sendelaget i Bosnia-Hercegovina vart oppretta i desember 1995, som eit ledd i gjennomføringa av Dayton-avtalen som vart inngått i november 1995. Sendelaget samarbeider tett med dei andre internasjonale aktørane i landet. Sendelaget sine hovudoppgåver er knytt til val, overvaking av menneskerettar, demokratisering, mediespørsmål og regional stabilisering.

Det står att mykje arbeid innan dei ansvarsområda som OSSE har teke på seg i Bosnia-Hercegovina, sjølv om ein såg større framsteg i 2001. I august vedtok parlamentet ei vallov det lenge hadde vore strid om. Ansvaret for gjennomføring av val i landet er overført frå OSSE til bosniske styresmakter. Det vart òg gjort viktige framsteg med omsyn til flyktningretur og løysing av eigedomsproblema. Meir enn 92.000 personar flytta attende til områder der deira folkegruppe utgjer eit mindretal (minoritetsretur). Dette var ein auke på 36 prosent frå 2000. Nærare 1/3 av alle eigedomskrav vart løyste, i motsetning til 1/6 i 2000. I 2001 heldt einskilde nasjonalistiske parti fram med å hindre arbeidet i fellesinstitusjonane, både dei lovgjevande og dei utøvande, i begge einingane.

Spørsmålet om straumlineforming av det internasjonale samfunnet sitt nærvere i Bosnia-Hercegovina har dominert siste halvdel av 2001. Eit viktig spørsmål har vore kven som skal overta etter FNs internasjonale politistyrke (UNIPTF) når han avsluttar arbeidet sitt ved utgangen av 2002. Ved utgangen av 2001 såg det ut til at EU ville overta dette arbeidet. OSSE-sendelaget vil spele ei viktig rolle, hovudsakleg innanfor menneskerettar, institusjonsutvikling og styrking av det sivile samfunnet.

Retur, og då særleg minoritetsretur, vert framleis sett på som ein nøkkel til gjennomføringa av Dayton-avtalen og til varig fred og stabilitet i Bosnia-Hercegovina. OSSE-sendelaget har arbeidd aktivt for å få på plass reglar som hindrar diskriminering av minoritetar på arbeidsmarknaden, og i tillegg hjelpt til der det har oppstått eigedomsproblem.

Medieutviklinga i Bosnia-Hercegovina har vore gjennom ei positiv utvikling, og i 2001 avvikla sendelaget medieavdelinga si etter at målet i mandatet vart vurdert som nådd.

Noreg gjev aktiv støtte til OSSE-arbeidet i Bosnia-Hercegovina mellom anna gjennom dei politiske ressurssentra, der Noreg stør 3 av 11 senter i tillegg til ein nasjonal samordnar. Noreg gjev i tillegg støtte til opplæring av lokale administrasjonsstrukturar mellom anna når det gjeld strategisk planlegging, budsjettering og finansiell styring. Vidare arbeider sendelaget med å styrkje ungdomslaga til politiske parti, som ei direkte følgje av tilrådingar frå norske parlamentarikarar på vitjing i Bosnia-Hercegovina og ei gjenvitjing av bosniske parlamentarikarar i Noreg i november 2001. Dette arbeidet vil verte vidareført i 2002. Noreg er ein av dei viktigaste gjevarlanda til ombudsmannsinstitusjonane i begge einingane, mellom anna gjennom støtte til feltkontora sine budsjett.

Sendelaget si avdeling for regional stabilitet har ansvaret for oppfølging av tillits- og tryggleiksskapande tiltak i regi av Dayton-avtalen. Avdelinga fokuserte i 2001 særleg på større demokratisk kontroll med dei væpna styrkane i Føderasjonen og Republika Srpska og på større innsyn i dei militære budsjettprosessane. Ein revisjon av forsvarsbudsjettet har ført til mange tilrådingar som vil minske talet på væpna styrkar i landet.

2.3.4 Kroatia

Det faste rådet vedtok i april 1996 å etablere eit langsiktig nærvere i Kroatia. Hovudoppgåva var å gje hjelp til kroatiske styresmakter i samanheng med vern om menneskerettane. Særleg vekt vart lagt på å overvake rettane til personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar. I tillegg skulle sendelaget medverke til forsoning mellom folkegrupper og fremje rettsstatsprinsippa, samt hjelpe styresmaktene med å fremje demokratiske institusjonar og ny lovgjeving.

Kroatia har opplevd ei positiv politisk utvikling sidan den nye regjeringa kom til makta etter valet i 2000. Mellom anna skreiv Kroatia i 2001 under ein stabiliserings- og assosieringsavtale med EU og har starta ein desentraliseringsprosess som oppfyller europeiske krav.

Den politiske utviklinga i Kroatia, i tillegg til ønske om å setje inn ressursane til organisasjonen der dette trengst mest, har ført til at fleire land, mellom dei Noreg, ønskjer å avgrense omfanget av og storleiken på sendelaget og å fokusere arbeidet på dei hovudproblema som står att. Hovudoppgåva til sendelaget i dag er å stø arbeidet med å leggje til rette for tilbakevending og reintegrering av flyktningar og internt fordrivne personar i det kroatiske samfunnet, med særleg vekt på lovgjeving og eigedomstilhøve. Trass i at sentrale styresmakter har arbeidd med å leggje til rette for retur av flyktningar, står det framleis att mykje arbeid lokalt for å fjerne hindringar for retur av etniske serbarar. Sendelaget overvakar òg rettssaker mot personar som er tiltala for krigsbrotsverk.

I samband med at Aust-Slavonia vart tilbakeført til Kroatia frå FN i januar 1998, vedtok OSSE å setje gang ei gradvis oppbygging av sendelaget til 280 medlemmer. FN vidareførde arbeidet i ei støttegruppe på 180 internasjonale politifolk for å hjelpe til med å styrkje stabiliteten i området og minske faren for overgrep mot dei attverande serbiske innbyggjarane. Då FN-politiet trekte seg ut, overtok OSSE oppgåva med å overvake det lokale politiet. Dette var OSSE sitt første store politioppdrag, og organisasjonen gjekk med dette inn på eit nytt arbeidsfelt. Denne oppgåva vart avslutta i oktober 2001, men sendelaget har framleis ei mindre gruppe politirådgjevarar i sendelaget.

2.3.5 Den føderale republikken Jugoslavia

Som følgje av krisa på Balkan vart Den føderale republikken Jugoslavia (Serbia og Montenegro) i 1992 suspendert frå deltaking i OSSE. Dette er den einaste gongen at OSSE har nytta seg av høvet til å suspendere eit medlemsland.

Etter at demokratiske krefter tok over makta i Jugoslavia hausten 2000, vart landet teke opp som medlem av OSSE den 10. november 2000. Dei nye styresmaktene hadde arva store økonomiske og sosiale problem frå Miloševicá-regimet. Det var væpna kamphandlingar i Sør-Serbia, og styresmaktene i Montenegro ønskte å rive republikken laus frå føderasjonen. Dei nye styresmaktene i Beograd uttrykte ønske om eit OSSE-nærvere som kunne stø styresmaktene i den vanskelege omformingsprosessen som låg framfor dei. Organisasjonen sende eit rapportørsendelag til landet i desember 2000, og det vart deretter raskt utarbeidd planar og mandat for eit sendelag i tett samarbeid med jugoslaviske styresmakter.

Det nye sendelaget vart oppretta med eit rådsvedtak 11. januar 2001. Av mandatet går det fram at sendelaget skal medverke med hjelp og sakkunne på ei rekkje felt knytt til demokratisering, menneskerettar og rettsstatsprinsipp, i tillegg til overvaking av gjennomføring av lovgjeving og av korleis institusjonar fungerer på område innanfor mandatet til sendelaget. I mandatet inngår situasjonen for nasjonale minoritetar og samarbeid med UNHCR for mellom anna å fremje retur av flyktningar og internt fordrivne.

Viktige arbeidsområde for sendelaget det første året har vore å yte hjelp når det gjeld reformer og opplæring i politisektoren og i rettsstellet. Sendelaget fekk raskt ei viktig rolle i Sør-Serbia, som ledd i arbeidet med å stabilisere området og leggje grunnlaget for ein varig stabilitet i dette albanskdominerte området av Serbia. Etter at den væpna konflikten stansa, kom arbeidet med å utvikle eit fleiretnisk politi i Sør-Serbia, som er leia av ein nordmann, svært raskt i gang og har vore eit viktig tilskot frå OSSE si side for å dempe spenninga i området. I tillegg til oppgåvene innanfor politisektoren arbeider sendelaget òg aktivt med tillitsskapande tiltak på andre område i Sør-Serbia.

Sendelaget hjelper òg styresmaktene i arbeidet med ein grunnleggjande reform av politisektoren i Jugoslavia. Sendelaget har i samarbeid med styresmaktene utarbeidd ein omfattande og konkret plan for dette reformarbeidet. Styresmaktene vil at planen skal liggje til grunn for det konkrete reformarbeidet, og sendelaget samarbeider tett saman med styresmaktene og gjevarland med sikte på få den internasjonale og nasjonale innsatsen til å gå føre seg på ein mest mogleg samordna måte og i samsvar med styresmaktene sine prioriteringar.

Det er slått fast i mandatet til sendelaget at verksemda skal planleggjast og utførast i nært samråd og partnarskap med styresmaktene og andre aktørar i landet. Sendelaget har lukkast med denne tilnærminga. OSSE-aktivitetane i landet er i stor grad ei følgje av eit fruktbart, og ønskjeleg, samarbeid mellom OSSE og vertslandet.

Sendelaget kan ha opptil 30 internasjonalt personell. I praksis omfattar dette i hovudsak personell som arbeider med oppgåver innanfor mandatet ved hovudkvarteret, fordi det i tillegg kan rekrutterast opptil 32 internasjonale politifolk til å arbeide med etableringa av ei fleiretnisk politistyrke i Sør-Serbia. Der dette har vore mogleg, har sendelaget lagt vekt på å rekruttere kvalifisert lokalt personell til profesjonelle stillingar. Noreg har vore av dei landa som har gått aktivt inn for at alle sendelaga i størst mogleg grad både skal gjere bruk av og byggje opp lokal kompetanse.

2.3.6 Montenegro

OSSE var fram til årsskiftet 2001 representert i Montenegro (Den føderale republikken Jugoslavia) ved ODIHR (Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar) sitt kontor i Podgorica. Etter invitasjon frå styresmaktene i Montenegro vart kontoret opna i juli 1999. Kontoret hadde tidlegare fungert som eit kontor for å følgje opp dei tilrådingane som ODIHR kom med til styresmaktene etter å ha observert parlamentsvalet i mai 1998. 1. januar 2002 vart kontoret lagt under OSSE-sendelaget til Jugoslavia, som har hovudkontor i Beograd.

Dei siste åra har Montenegro steg for steg trekt seg unna føderal styring og innverknad. Styresmaktene i Montenegro godkjende ikkje dei føderale vala i oktober 2000, etter at Milosevic-regimet hadde endra konstitusjonen og vallova. Regjeringspartia i Montenegro er difor ikkje representerte på føderalt nivå. EU engasjerte seg i 2001 sterkare for å finne ei løysing ved å føre partane saman for å diskutere framtida for Jugoslavia. Tilhøvet mellom Serbia og Montenegro var framleis uavklart ved årsskiftet.

Som ei følgje av den politiske situasjonen i 2001 var politisk rapportering hovudfokus for ODIHR-kontoret. Kontoret hadde god kontakt med både regjerings- og opposisjonsparti. Sentralt for arbeidet til kontoret var støtte til den demokratiske reformprosessen, og i 2001 gav kontoret hjelp til juridisk reformer i Montenegro. Vidare låg fokus på menneskerettar, mellom anna på arbeid mot menneskesmugling, rettar for kvinner, og støtte til utvikling av lokale ikkje-statlege organisasjonar. Det har òg vore fokus på å støtte program for auka deltaking av kvinner i det offentlege livet, til dømes «Women Can Do It!» og «Women in Politics».

ODIHR har vore ansvarleg for å overvake val i Montenegro. I 2001 vart det ikkje halde ordinære val i Montenegro, men kontoret spela ei sentral rolle i samanheng med arbeidet med eit framlegg til ny folkerøystingslov i Montenegro. ODIHR gav innspel undervegs i prosessen med utarbeidinga av lova og gav òg ei totalvurdering etter at eit ferdig utkast vart lagt fram. ODIHR vurderte utkastet til å vere eit tilbakesteg. Lova fekk ikkje naudsynt fleirtal i parlamentet.

I 2001 var det 5 internasjonalt tilsette ved ODIHR-kontoret. Noreg støtta kontoret gjennom sekondering til stillinga som politisk rådgjevar frå juli 1999 fram til november 2001.

2.3.7 Makedonia

Situasjonen i Makedonia vart dramatisk verre i 2001 som følgje av aktivitetane til albansketniske væpna grupper som opererte i grenseområda mot Kosovo/FRJ og i albanskdominerte område vest i landet. Etter kvart som krisa utvikla seg, auka OSSE engasjementet sitt i landet. Sendelaget, som vart oppretta i 1992, hadde åtte internasjonale medarbeidarar i byrjinga av 2001, men talet vart auka i fleire omgangar utover våren og sommaren for å gjere det mogleg å overvake situasjonen i dei spente områda. I juli 2001 kom det til våpenkvile mellom partane.

OSSE har i heile perioden hatt eit tett samarbeid med andre internasjonale organisasjonar. Særleg har dette vore i samband med tiltak for å overvake våpenkvila og NATO sin operasjon Task Force Harvest, der dei albanske væpna gruppene leverte inn våpen til NATO. Ved avslutninga av Task Force Harvest gjekk fokus for sendelaget sin feltaktivitet over på tillitsskapande tiltak med sikte på å leggje til rette for retur av flyktningar og internt fordrivne personar. NATOs etterfølgjarstyrke, Amber Fox, har tryggleiken til OSSE- og EU-observatørane som oppgåve.

I august 2001 kom dei viktigaste politiske partia fram til ein avtale i Ohrid, som vart godkjend av parlamentet i september. Forhandlingsprosessen vart følgd aktivt av høgtståande representantar frå EU, OSSE og USA. Rammeavtalen legg grunnlaget for ei politisk løysing på krisa gjennom konstitusjonelle og andre kompromiss på lovgjevingsområdet, i tillegg til auka minoritetsrepresentasjon i offentleg forvalting. Avtalen slår fast at deltakinga av minoritetane i politiet skal auke vesentleg. Det faste rådet vedtok seint i september å forsterke sendelaget for å gjennomføre oppgåvene som OSSE hadde fått. Sendelaget hadde med dette vakse frå 8 til over 200 i løpet av året og er no eit av dei største sendelaga i OSSE.

For å utføre dei nye oppgåvene sine har OSSE-sendelaget hausten 2001 hatt observatørar og politirådgjevarar utplasserte i viktige, sensitive område for å overvake situasjonen og hjelpe til med rådgjeving til og opplæring av politiet i landet. Ein viktig del av aktiviteten har vore planlegging i samanheng med at OSSE frå januar 2002 tok over ansvaret, som var vedteke i rammeavtalen, for å utdanne eit større tal nye politirekruttar frå minoritetane. OSSE og andre organisasjonar samarbeider òg tett med styresmaktene for å medverke til at nyutplasseringa av makedonske tryggingsstyrkar i dei områda som konflikten gjekk hardast utover, skjer på ein måte og i eit tempo som ikkje aukar spenninga i områda.

Sendelaget utfører viktig arbeid for å medverke til større stabilitet i landet og styrkje tilliten mellom det makedonskspråklege fleirtalet og det albanskspråklege mindretalet, som utgjer om lag 30 prosent av innbyggjarane. OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar har i fleire år spela ei sentral rolle gjennom arbeidet sitt med å betre rettane til personar som høyrer til nasjonale minoritetar. Høgkommissæren har i fleire år gjort ein viktig innsats for å få etablert høgare utdanning på albansk. I 2001 lukkast det å få skipa eit albanskspråkleg universitet i Tetovo.

2.3.8 Tsjetsjenia

Etter to og eit halvt års opphald i Moskva kunne OSSE si støttegruppe i juni 2001 vende attende til Tsjetsjenia. Under det rumenske formannskapet i juni fekk ein til ein avtale om retur med det russiske justisministeriet, som skulle ha ansvaret for tryggleiken til støttegruppa. OSSE gjekk unntaksvis med på å finansiere det tryggingsutstyret som trongst.

Etter at støttegruppa var etablert i Snamenskoje, arbeidde gruppa med å opprette kontakt med både sentrale og lokale styresmakter, til dømes med den russiske presidenten sin spesialrepresentant for menneskerettar i Tsjetsjenia. I tillegg vart det innleidd eit samarbeid med internasjonale organisasjonar og ikkje-statlege organisasjonar som var aktive i republikken, både innan humanitær hjelp og menneskerettar. Kontoret til støttegruppa har vore jamleg vitja av lokale innbyggjarar. Det vart registrert over 200 bortføringssaker og rundt 25 drapssaker. Dei fleste sakene dreidde seg om overtramp frå russiske styresmakter si side, ofte i samanheng med såkalla «opprydningsaksjonar», der styresmaktene sperra av landsbyar og i særleg grad gjekk brutalt fram mot dei sivile i jakta på tsjetsjenske terroristar.

Sjølv om russiske styresmakter hadde erklært operasjonen mot terrorisme for avslutta, var det fram mot årsskiftet framleis russisk krigføring for å finne opprørar. Det vart framleis rapportert om uro og «oppryddingsaksjonar».

Det faste rådet vedtok i desember 2001 å avgrense mandatet til støttegruppa til 31. desember 2002. Russland ønskte på denne måten å gjere mandatet til støttegruppa meir likt mandata til andre sendelag og få høve til ei periodisk vurdering av gjennomføringa av mandatet. I tråd med kva Russland sa i Det faste rådet i mars 1997, tok Russland opp att i ei fortolkande erklæring til mandatendringa at dei vurderte den politiske delen av mandatet til gruppa som uttømd. I tillegg viste Russland til at støttegruppa burde konsentrere seg om det humanitære hjelpearbeidet.

2.3.9 Georgia

Arbeidet for ei fredeleg løysing på konfliktane i Sør-Ossetia og Abkhasia samt overvaking av den tsjetsjenske delen av den georgisk-russiske grensa utgjer hovudoppgåvene for sendelaget. I tillegg inneheld mandatet fremjing av respekt for menneskerettar og utvikling av demokratiske institusjonar.

I konflikten mellom Georgia og Sør-Ossetia var det positive teikn i 2001. Tryggleiken var stabil, det byrja å vekse fram ferdsel og handel på tvers av etniske skiljeliner, og det var eit grasrotengasjement for samarbeid i etnisk blanda tettstader. Den ellevte plenumssesjonen i Den felles kontrollkommisjonen (JCC) vart halden i april, etter eit opphald på nesten to år. EU tok del for første gong. Ein såg òg framgang i spørsmålet om Sør-Ossetia sin status innanfor Georgia. Framgangen har vore størst innanfor politisamarbeidet. Det nye samordningssenteret for det felles georgisk-ossetiske politiorganet har styrkt samarbeidet. Senteret vart oppretta med midlar frå EU og Noreg, som ein reaksjon frå det internasjonale samfunnet på den positive utviklinga i konfliktområdet.

Det er ikkje framgang i fredsprosessen i Abkhasia. Separatistregimet i Sukhumi har fleire gonger avlyst deltakinga i samordningsrådet i saka om statusen til regionen innanfor Georgia sine grenser. Uroa som tok til i august, og nedskytinga av eit FN-helikopter i oktober har komplisert situasjonen ytterlegare. I november 2000 vart det omsider mogleg å sende den lenge planlagde felles granskingskommisjonen frå FN og OSSE til Gali-distriktet for å vurdere om det var mogleg å opprette eit felles menneskerettskontor i Gali-distriktet i Abkhasia. Kommisjonen kom med ei positiv tilråding og presenterte i august 2001 eit framlegg for dei abkhasiske styresmaktene om vilkåra for oppretting av eit kontor. Ei rekkje OSSE-prosjekt i Abkhasia vert samordna av sendelaget sin menneskerettssamordnar i det eksisterande felles menneskerettskontoret i Sukhumi.

Grenseovervakinga heldt i 2001 fram på den tsjetsjenske delen av den georgisk-russiske grensa og vart utvida til å omfatte den ingusjetiske delen av grensa òg. Grenseovervakinga vert rekna som eit viktig tillitsskapande og stabiliserande tiltak mellom Georgia og Russland. Av 62 internasjonale medlemmer i sendelaget er det 42 grenseobservatørar om vinteren og 54 i sommarsesongen.

Stenginga av ein russisk base og tilbaketrekkinga av utstyr frå ein annan var viktige framsteg i oppfyllinga av vedtaka frå Istanbul-toppmøtet i 1999.

2.3.10 Armenia og Aserbajdsjan

Ettersom OSSE sidan år 2000 er representert i alle dei tre hovudstadene i Sør-Kaukasus, er grunnlaget lagt for OSSE til å medverke til utbygging av det regionale samarbeidet. Jerevan-kontoret har lukkast svært godt i samarbeidet med andre internasjonale institusjonar og med styresmaktene i Armenia på mange område. Samarbeidet med styresmaktene om ein strategi mot korrupsjon står sentralt. Jerevan-kontoret utfører òg oppgåver for Europarådet, som Armenia vart full medlem av i 2001, men som ikkje har eigen representasjon i Jerevan. Samarbeidet mellom Baku-kontoret og statlege, parlamentariske og frivillige organisasjonar vert stadig utvida, og det gjeld òg det institusjonelle samarbeidet med FN.

Utviklinga av det sivile samfunnet i Aserbajdsjan, som står svært sentralt i mandatet til kontoret, har vist seg å vere ei viktig kjelde til informasjon og samarbeid. Aserbajdsjan vart full medlem av Europarådet i 2001, og kontoret utførde på vegne av Europarådet overvaking av dei skyldnadene landet hadde teke på seg i samband med medlemskapen. Det vart bruka mykje ressursar på arbeidet med folk som går for å vere politiske fangar.

2.3.11 Nagorno-Karabakh

Ein direkte dialog mellom presidentane i Armenia og Aserbajdsjan, som byrja i 1999, skapte etter kvart god von om ei løysing på konflikten om Nagorno-Karabakh. Nagorno-Karabakh er ein enklave i Aserbajdsjan og har hovudsakleg armenske innbyggjarar.

Som følgje av møter mellom dei to presidentane i Paris og Key West våren 2001, vart det oppnådd semje om eit utkast til ein rammeavtale. Neste steg, som var å leggje denne fram for dei respektive parlamenta, møtte stor motstand, særleg i den aseriske opinionen. Planlagde møte mellom presidentane har på grunn av dette vorte utsette for å kunne prioritere arbeidet med å førebu opinionen i dei respektive landa på kva ein må rekne med å måtte gå med på for å kunne kome fram til ei fredsløysing.

Dei to presidentane møtte kvarandre i samband med SUS-toppmøtet i slutten av november 2001. President Putin gav då uttrykk for optimisme med omsyn til å få til ei løysing.

OSSE har særleg gjennom medformannskapet i Minsk-gruppa oppmoda og tilskunda partane til forhandlingar. Medformennene har helsa den direkte kontakten mellom presidentane velkomen og hatt ei rekkje separate møter med dei. Aserbajdsjan har kritisert medformannskapet for mangel på initiativ i arbeidet med konflikten.

Det vart i fråsegna frå ministermøtet i Bucuresti i desember uttrykt stor misnøye med mangelen på framgang i fredsprosessen, og partane vart oppmoda til å arbeide vidare for å kome fram til ei varig løysing.

2.3.12 Sentral-Asia

OSSEs engasjement i Sentral-Asia var i støypeskeia i 2001 òg. Då Romania overtok i 2001, vart ambassadør Wilhelm Höynck, som tidlegare var dåverande utanriksminister Vollebæks personlege representant, oppnemnd på ny til personleg representant for Sentral-Asia. Rapporten frå Höynck til Det faste rådet i juni 2001 konkluderte med at den menneskelege dimensjonen måtte halde fram med å vere den sentrale i organisasjonen sitt arbeid i regionen. Samstundes burde både den militær-politiske dimensjonen og den økonomisk-økologiske dimensjonen verte meir synlege, i tråd med landa sine eigne ønskemål.

I kjølvatnet av terroråtaka i USA 11. september 2001 vart det internasjonale fokuset på Sentral-Asia vesentleg styrkt. Sidan tre av landa hadde felles grense med Afghanistan vart det bruk for luftrom, flyplassar og nett for militær- og humanitær transport i samanheng med det internasjonale samfunnet sin antiterroroperasjon i Afghanistan. I tillegg ønskte mange land eit tettare samarbeid med desse landa om å førebyggje terrorisme og om preventive tiltak som kampen mot narkotika- og våpentrafikk.

Alt før sommaren 2001 tok den kirgisiske presidenten initiativ til å arrangere ein konferanse i Bisjkek om terrorisme og valdeleg ekstremisme. Med denne tematikken fekk konferansen, som vart arrangert 13. - 14. desember, ei breiare deltaking og meir forpliktande konklusjonar enn han ville fått før 11. september. Over 300 delegatar frå 60 land deltok. Konferansen var ei oppfølging av konferansen i Tasjkent året før, som fokuserte på narkotikahandel. Begge konferansane var samarbeidsprosjekt mellom OSSE og FN-kontoret for narkotikakontroll og kriminalitetsførebygging (UNODCCP). I erklæringa og handlingsprogrammet frå Bisjkek-konferansen sa deltakarane seg klare til å gje landa i regionen både materiell og økonomisk hjelp til førebyggjande tiltak mot terrorisme.

Menneskerettssituasjonen var heller ikkje tilfredsstillande i 2001. På Bisjkek-konferansen la mange innleiarar vekt på respekt for menneskerettar i kampen mot og førebygginga av terrorisme.

Rundt forhandlingsbordet i Wien har dei sentralasiatiske landa dei siste åra vorte meir synlege, meir taleføre og meir slagkraftige. Også ministermøtet i Bucuresti bar tydeleg preg av sterkare engasjement frå desse landa. Det er mange årsaker til denne utviklinga.

Etter det norske formannskapet hadde OSSE vist sterkare engasjement i regionen og bede landa sjølve om å peike på område der dei ønskte samarbeid med OSSE. Slutten av 1990-åra var for alle landa i regionen prega av både presidentval og parlamentsval. Samarbeidet med OSSE vart difor for desse landa avgrensa til ODIHR og dermed negative rapportar om valavvikling. Då landa byrja å formulere eigne ønskemål om samarbeid, vart det difor mindre vekt på den menneskelege dimensjonen og meir vekt på den økonomiske og økologiske dimensjonen.

Dei siste åra har det vore eit generasjonsskifte i dei sentralasiatiske delegasjonane i Wien. No er det velutdanna og språkmektige diplomatar som set viktige spørsmål for desse landa på dagsordenen. Delegasjonane i Wien står òg i større grad meir samla enn før, trass i at motsetnadene i regionen framleis er markerte.

Mot slutten av 2001 hadde dei førande landa i OSSE vorte mykje meir lydhøyre og budde på å yte hjelp til landa i regionen. Dette skjedde samstundes som dei sentralasiatiske landa gjorde seg meir gjeldande enn tidlegare i OSSE ved å gje klarare uttrykk for kva dei ønskte og ville oppnå.

2.3.13 Baltikum

Estland og Latvia har begge store russisktalande folkegrupper. OSSE har i ei årrekkje hatt sendelag utplasserte i desse landa. Organisasjonen har spela ei sentral rolle i samanheng med integreringa av det russisktalande mindretalet. Også Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) har vore aktivt engasjert i begge landa.

Det var alt i 2000 klart at Estland og Latvia meinte at sendelaga i stor grad hadde oppfylt mandata sine, og at landa difor ønskte snarleg avvikling. Det austerrikske OSSE-formannskapet kom den gongen vertslanda i møte ved å utarbeide retningsliner for dei oppgåvene som stod att for dei to sendelaga. Sendelaga fekk i oppdrag å konsentrere seg om uteståande oppgåver i høve til sine opphavlege mandat. Det var ein føresetnad at så snart ein kunne rapportere at styresmaktene i dei to landa hadde gjennomført naudsynte politiske og administrative endringar, ville verksemda til sendelaga opphøyre.

Vesentlege framsteg i høve til desse retningslinene var avgjerande for sendelagsleiarane sine tilrådingar i desember, men avviklinga av sendelaga var kontroversiell. Russland såg ikkje på retningslinene som bindande, sidan desse ikkje var ei følgje av konsensus mellom medlemslanda i OSSE. I tillegg viste Russland til at det særleg for Latvia var tvil om retningslinene verkeleg var oppfylde i tråd med formuleringane til det austerrikske formannskapet.

Mandata til sendelaga vart ikkje fornya og gjekk difor ut ved utgangen av 2001. Avviklinga av sendelaga skjedde på grunnlag av tilrådingane frå sendelagsleiarane i desember, der dei vurderte mandata som oppfylde. Saka vart eit stort stridsspørsmål innanfor organisasjonen. Konklusjonane fekk til slutt tilslutnad frå eit stort fleirtal av medlemslanda i OSSE, men med viktige unntak. Særleg gjekk Russland sterkt mot å leggje ned sendelaga i Baltikum. Fleire andre viktige medlemsland hadde òg store motførestillingar mot å godta avviklingane. Då avviklinga var eit faktum, var det brei semje om at Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) og Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) skulle spele ei særleg rolle i OSSE si vidare oppfølging av utviklinga i Baltikum. Nedlegginga av sendelaga har ført til skjerpa motsetnader innanfor organisasjonen.

2.3.14 Estland

Sendelaget til Estland vart oppretta i 1992. Etter mandatet skulle sendelaget arbeide særleg med spørsmål i samband med statsborgarskap, migrasjon og språk. Det skulle opprettast kontakt med sentrale og lokale styresmakter og relevante institusjonar og organisasjonar. Gjennom denne kontakten skulle sendelaget medverke til dialog og auka forståing mellom folkegruppene i Estland.

Det austerrikske formannskapet sine retningsliner frå 2000 skisserte fem ulike område med uteståande og uløyste problem som sendelaget skulle arbeide særleg med. Desse var:

  1. Språklova: Sendelaget skulle særleg følgje iverksetjinga av språklova som vart vedteke i 1999. Frå nokre hald vart det påpeika at ho i for stor grad greip inn i privatsfæren og sette for strenge krav til kjennskap til estisk språk. Krava vart reduserte i eit påbod som vart sett i kraft 1. oktober 2001.

  2. Vallovene: Desse vart endra i 1998 og sette krav til kunnskapar i estisk for å kunne stille til val, noko som ikkje var i samsvar med internasjonale standardar. Språkkravet vart fjerna frå vallova etter vedtak i nasjonalforsamlinga 21. november 2001.

  3. Ombodsmannsordninga: Det trongst å vidareutvikle ombodsmannsordninga. Det trongst òg eit underkontor i den nordaustlege delen av Estland, der det er ein stor konsentrasjon av russisktalande personar. Regionalkontoret vart oppretta i første halvdel av 2001.

  4. Iverksetjing av det statlege integrasjonsprogrammet: Regjeringa vedtok i 2000 eit eige integrasjonsprogram der målet var å sørgje for at dei nasjonale minoritetane vert integrerte i det estiske samfunnet. Sendelaget konkluderte i juni 2001 med at det ikkje var nokon grunn til å tvile på at den planlagde programperioden fram til 2007 ville verte fullt ut gjennomførd.

  5. Opphaldsløyve og naturalisering: Framleis er det mange ikkje-estarar som berre har opphaldsløyve for ein kortare periode, eller som ikkje har noko opphaldsløyve i Estland i det heile. Sendelaget skulle difor hjelpe til med å skape fortgang i desse spørsmåla òg. Tala for overgang til faste opphaldsløyve og naturalisering viste jamn framgang frå 2000 til 2001.

På bakgrunn av dette vurderte sendelaget retningslinene frå 2000 som tilfredsstillande oppfylde, eller som i ferd med å verte oppfylde på tilfredsstillande måte, i tråd med formuleringane til det austerrikske formannskapet.

2.3.15 Latvia

Sendelaget til Latvia vart oppretta i 1993. Etter mandatet skulle sendelaget arbeide særleg med spørsmål knytt til statsborgarskap for den russiske minoriteten og andre tilhøve som galdt denne folkegruppa. Vidare hadde sendelaget ein rådgjevande funksjon overfor latviske styresmakter og andre relevante partar.

Det austerrikske formannskapet sine retningsliner frå 2000 skisserte fire ulike område med uteståande problem som sendelaget til Latvia skulle arbeide særleg med. Desse var:

  1. Statsborgarskap: Sendelaget skulle særleg hjelpe styresmaktene med å leggje til rette for at fleire søkte om latvisk statsborgarskap, mellom anna ved å forenkle søknadsprosedyrane og dei språkprøvene som søkjarane måtte gjennom. Sendelaget kunne melde om god framgang på dette feltet i 2001.

  2. Språk og utdanning: Retningslinene på dette området hadde mellom anna som føresetnad at språkkravet i vallova vart fjerna. I motsetnad til Estland hadde Latvia ved utgangen av 2001 enno ikkje sett i verk dei naudsynte tiltaka for å endre vallova. Den latviske presidenten oppnemnde i desember same året ei ekspertgruppe til å førebu ein proposisjon for å endre vallova. Sendelagsleiaren slo på denne bakgrunnen fast at eit truverdig «vegkart» for å fjerne språkkravet dermed var presentert.

  3. Integrasjonsprogrammet: Sendelaget fekk i oppdrag å halde kontakt med styresmaktene for mellom anna å tryggje ei tilstrekkeleg finansiering av programmet. Det sosiale integrasjonsprogrammet vart vedteke av den latviske regjeringa i februar 2001, medan institusjonane som skal gjennomføre programmet vart operasjonalisert i løpet av året. Regjeringa sette av prosjektmidlar til programmet, og dei første utbetalingane er no gjorde.

  4. Ombodsmannsordninga: Retningslinene instruerte her sendelaget til å hjelpe til i arbeidet med å utvikle ein ombodsmannsinstitusjon. Ei ekspertgruppe føreslo i mai 2001 ein plan i to fasar: først å styrkje det eksisterande nasjonale kontoret for menneskerettar og deretter å utvikle eit meir omfattande system for å trygge menneskerettane gjennom rettslege og institusjonelle endringar. Latviske styresmakter følgde opp ekspertgruppa sine kortsiktige tilrådingar i andre halvdel av 2001. Når det galdt endringar på lengre sikt, meinte sendelaget at ODIHR kunne medverke med støtte til institusjonsbygging.

På bakgrunn av dette vurderte Latvia-sendelaget òg retningslinene frå 2000 som tilfredsstillande oppfylde, eller som i ferd med å verte oppfylde på tilfredsstillande måte, i tråd med formuleringane til det austerrikske formannskapet. Somme sette spørjeteikn ved denne konklusjonen fordi språkkravet i vallova ikkje var fjerna enno.

2.3.16 Moldova

Sendelaget spela ei viktig rolle i den nye satsinga på forhandlingar om ei politisk løysing mellom Moldova og utbrytarregionen Transdnjestr. På grunn av det historiske tilhøvet mellom Romania og Moldova vart troikamedlemmen Portugal gjeve ansvaret for OSSE sitt engasjement. Portugal har hatt representasjon på seniornivå i sendelaget, som har teke aktivt del i forhandlingane saman med medmeklarane Russland og Ukraina. Forhandlingane for ei politisk løysing fekk først ny kraft etter den overveldande sigeren til det moldoviske kommunistpartiet i februar. OSSE observerte valet, som vart gjennomført etter internasjonale standardar. Den nyvalde presidenten Voronin har gjort løysing av Transdnjestr-spørsmålet til ei hovudsak for administrasjonen. Det inneber planar om jamlege møte mellom presidenten og leiaren i utbrytarrepublikken. Trass fleire møter mellom leiarane lukkast det ikkje å få til noko særleg framgang i forhandlingane i 2001.

Under OSSE-toppmøtet i Istanbul i 1999 vart det inngått ein avtale om øydelegging og tilbaketrekking av russisk militært utstyr og uttrekking av personell innan utgangen av 2002. Det har vore ein viss framgang i dette spørsmålet. Russland oppfylte i 2001, med god margin, sine plikter i høve til Istanbul-fristen om uttrekking av utstyr som er regulert av CFE-avtalen. Det er samstundes naudsynt med større framgang i tilbaketrekkinga, for å møte krava frå Istanbul-toppmøtet for utstyr og ammunisjon som ikkje er omfatta av CFE-avtalen. Under det norske formannskapet oppretta OSSE eit frivillig fond til å dekkje utgifter i samband med slik øydelegging og tilbaketrekking. Noreg ga i 2001 4,8 millionar NOK til fondet. På fleire andre område har OSSE vore pådrivar for å betre kontakten og fremje forsoninga mellom styresmakter, frivillige organisasjonar og borgarar på begge sider av Dnestr. I september vart ei bru over elva opna att. Dette var eit prosjekt som var igangsett av OSSE og finansiert av EU.

2.3.17 Kviterussland

2001 kunne ha markert eit vegskilje i den konstitusjonelle krisa som Kviterussland hadde vore i sidan 1996 dersom presidentvalet i september 2001 hadde vorte avvikla i tråd med formannskapet sine retningsliner frå ministermøtet i Wien. Ved byrjinga av året gjorde sendelaget framlegg om å oppnemne ei arbeidsgruppe til å sjå nærare på vallova. Styresmaktene svarte ikkje på framlegget. I staden kom det eit presidentpåbod som gjorde det vanskeleg for internasjonale ikkje-statlege organisasjonar å skaffe økonomisk hjelp til demokratiseringsprosjekt i Kviterussland. På same måte måtte sendelaget stoppe den økonomiske hjelpa til nettverket av lokale valobservatørar, som tidlegare hadde vorte godkjent av styresmaktene i samanheng med parlamentsvalet. Styresmaktene sin invitasjon til ODIHR om å observere valet vart sendt etter at registreringa av kandidatar hadde starta. ODIHR gjennomførde difor ein avgrensa observasjon av valet. Den sentrale valkommisjonen konkluderte med at president Lukasjenko hadde vorte attvald med over 75 prosent av røystene. Parlamentarikartroikaen og ODIHR konkluderte etter sin avgrensa observasjon med at valet ikkje hadde oppfylt OSSE-skyldnadene til demokratiske val. Det vart òg vist til dei mange brota på vallova og juks med det offisielle resultatet.

Like viktig som konklusjonen om at det ikkje var eit fritt og rettferdig val, var parlamentarikartroikaen og ODIHR si vurdering av andre sider av valet. Ein helsa velkomen framveksten av ein breitt grunna demokratisk opposisjon innanfor det sivile samfunnet og slo fast at isolasjon av landet ikkje ville tene ei demokratisk utvikling.

Styresmaktene og OSSE erklærte etter valet seg klare til å fornye samarbeidet og redusere spenningsnivået. Ambassadør Hans-Georg Wieck gjekk av som sendelagsleiar ved årsskiftet. Han hadde hatt stillinga sidan januar 1998, då gruppa byrja arbeidet sitt i Minsk. Det siste halvåret vart Wieck fleire gonger utsett for personåtak og skuldingar frå kviterussiske styresmakter. Skuldingane galdt i hovudsak påstandar om at Wieck ikkje var nøytral, og at han spela ei politisk rolle ved å freiste å byggje opp maktbasen til opposisjonskandidatar fram mot presidentvalet. Det internasjonale samfunnet stilte seg bak Wieck sitt arbeid i Kviterussland. Styresmaktene i Kviterussland hadde ved årsskiftet ikkje godkjent oppnemning av ein ny sendelagsleiar og knytte spørsmålet til ønskemål om å få vedteke ein revisjon av mandatet til sendelaget.

2.3.18 Ukraina

OSSE sitt samarbeid med Ukraina har sidan juli 1999 vore handtert gjennom OSSE sin prosjektsamordnar i Kiev. Prosjektsamordnaren sitt mandat er å planleggje og setje i verk prosjekt i samarbeid med relevante ukrainske styresmakter. Finansieringa av prosjekta skjer hovudsakleg gjennom frivillige tilskot. Hovudaktiviteten til kontoret i 2001 var eit prosjekt som går over fleire år, der ein går gjennom landet si menneskerettslovgjeving. I tillegg kom prosjekt knytt til støtte til domstolane og ombodsmannsinstitusjonen.

2.4 OSSE og Stabilitetspakta for Søraust-Europa

1. juli 1999 vart Stabilitetspakta for Søraust-Europa lagt inn under OSSE. OSSE deltek i ei rekkje aktivitetar i dei tre arbeidsgruppene som er fastsett i pakta. Hovudvekta av OSSE-aktivitetane fell inn under arbeidsgruppe 1 i pakta, for demokrati og menneskerettar, og arbeidsgruppe 3, for tryggingsspørsmål. Tryggingsgruppa fekk i juni 2000 norsk leiing då tidlegare ekspedisjonssjef Kim Traavik frå UD vart vald til formann. Traavik gjekk av som leiar i november 2001 i samband med at han vart utnemnd til statssekretær i utanriksdepartementet.

OSSE er ved tryggingsgruppa sterkt involvert i ei arbeidsgruppe for spørsmål om menneskehandel og i arbeidet med regional tryggleik og stabilitet. Føresegnene i Dayton-avtalen om regional tryggleik og stabilitet vert gjennom særleg oppnemnde representantar handsama av OSSE-formannskapet. Desse representantane samarbeider tett med tryggingsgruppa for å etablere komplementaritet og for å unngå overlapping. Mellom anna vart forhandlingane om ein avtale om regional våpenkontroll (artikkel V i Dayton-avtalen) vedtekne i OSSE i juli 2001. Det er frå Stabilitetspakta si side teke initiativ til at pakta kan medverke til gjennomføring av denne avtalen.

OSSE spelar ei sentral rolle i arbeidet mot menneskehandel i regionen, som er eit arbeid som ligg under arbeidsgruppe 3. OSSE har leiinga i pakta si arbeidsgruppe om menneskehandel. Under arbeidsgruppe 1 hjelper OSSE arbeidsgruppa for likestillingsspørsmål i regionen.

OSSEs regionale strategi for Søraust-Europa vart vedteken i mars 2000. Føremålet med denne er å utvikle ein samla og grenseoverskridande politikk i regionen langs fleire dimensjonar. Dette fell saman med føremålet for Stabilitetspakta. Det rumenske formannskapet oppnemnde i 2001 grekaren Alexander Rondos som personleg representant for OSSE-formannskapet sitt tilhøve til Stabilitetspakta. Rondos vart etter kort tid oppnemnd til formann for arbeidsgruppe 1 i pakta. Dette har styrkt banda mellom OSSE og Stabilitetspakta.

OSSE-sendelaga har vore aktive når det gjeld å medverke til samarbeidet mellom OSSE og Stabilitetspakta. Særleg gjeld dette for tema som flyktningretur, kamp mot menneskehandel og organisert kriminalitet. I tillegg gjev sendelaga logistisk og administrativ støtte til arbeidsgruppene i pakta.

Informasjonsutvekslinga mellom pakta og OSSE har vore god. Spesialsamordnar for pakta, Bodo Hombach, har rapportert fast til Det faste rådet, sist i oktober 2001. Austerrikaren Erhard Busek er vald til ny spesialsamordnar etter Hombach, som gjekk av ved årsskiftet.

At OSSE i dag har sendelag i alle land i det tidlegare Jugoslavia (med unntak av Slovenia), i Kaukasus og i Sentral-Asia gjer det òg mogleg å utvikle eit regionalt samarbeid mellom sendelaga og dermed stimulere landa i desse områda til å møte utfordringar i fellesskap. I det tidlegare Jugoslavia har det vist seg pakta har ført til eit sterkare regionalt samarbeid. Pakta har såleis medverka til auka tillit mellom landa og til auka stabilitet i regionen.

2.5 Samarbeid med andre institusjonar og aktørar

OSSEs samarbeid med andre relevante internasjonale organisasjonar er grunna på plattforma for tryggingssamarbeid, som vart vedteken på toppmøtet i Istanbul som ein del av Pakta for europeisk tryggleik. Plattforma har medverka til å systematisere og effektivisere på ein slik måte at ein betre kan utnytte kvarandre sine komparative føremoner.

Etter kvart som OSSE-aktivitetane har auka, ikkje minst når det gjeld feltoperasjonane, har òg behovet for tettare samarbeid med andre internasjonale organisasjonar vakse, slik at ein kan samordne aktivitetane og unngå dobbeltarbeid. Samarbeidet er tett med FN og FN sine underorganisasjonar, med NATO, Europarådet og EU, samt med Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Kvart år sidan 1993 har det vorte halde eit høgnivåmøte mellom OSSE, Europarådet og FN-organisasjonane i Genève, for betre å kunne samordne arbeidet mellom organisasjonane. Dei siste åra har òg Europakommisjonen, Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) og Den internasjonale raudekrosskomiteen (ICRC) vore med. Møtet i år fokuserte på fred og stabilitet i Søraust-Europa, og då særleg i Jugoslavia og i Kaukasus. Som følgje av krisa i Makedonia har OSSE sitt samarbeid med EU, NATO og Europarådet vorte styrkt for å kunne samordne gjennomføringa av rammeavtalen frå august 2001.

Etter at toppmøtet i Helsingfors i 1992 erklærte at KSSE er eit regionalt samarbeidsarrangement etter kap. VIII i FN-pakta, har det vore eit særleg tett tilhøve til FN. Dei to organisasjonane har eit formalisert samarbeid i samsvar med ein avtale av 26. mai 1993. Avtalen gjev heimel for jamlege samråd mellom OSSE-formannen og FNs generalsekretær. OSSE samarbeider med ei rekkje FN-organisasjonar i felten, mellom andre UNHCR og UNHCHR. Dette gjeld særleg i Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Albania, Makedonia, Tadsjikistan og Georgia. OSSE samarbeider tett med FN i Kosovo innanfor ramma av den FN-leidde og integrerte operasjonen UNMIK.

Innanfor den menneskelege dimensjonen samarbeider OSSE og Europarådet for å kunne utnytte ressursane sine best mogleg i felten. Etter ein avtale som kom i stand i 2001, har Europarådet menneskerettssakkunnige og juridisk sakkunnige ved OSSE-kontora i Baku og Jerevan. Europarådet sekonderer òg sakkunnige til OSSE-sendelaget i Kosovo. HCNM samarbeider tett med sakkunnige frå Europarådet. Formannen og generalsekretæren i OSSE og formannen og generalsekretæren i Europarådets ministerkomité kjem saman til høgnivåmøte ein gong i året. I 2001 deltok òg presidentane for dei to organisasjonane sine parlamentarikarforsamlingar på møtet. Ved utgangen av kvart halvår møter dei to organisasjonane på høgt embetsmannsnivå òg. Byråa for dei to parlamentarikarforsamlingane møter dessutan periodisk for å utveksle synspunkt på saker av felles interesse og for å vurdere samarbeidet mellom dei to forsamlingane.

OSSE og NATO har i dei siste åra samarbeidd tett, ikkje minst i Kosovo og Bosnia-Hercegovina. I 2001 førde gjennomføringa av tillitsskapande tiltak i Sør-Serbia, gjennomføringa av valet i Kosovo og krisa i Makedonia til at samarbeidet mellom OSSE og NATO vart meir aktivt enn i tidlegare år. Dei NATO-leidde militære styrkane stør sivilt arbeid som vert utført av mellom andre OSSE. Sekretariata i dei to organisasjonane har jamlege samråd, der òg medlemmer av OSSE-troikaen deltek på embetsmannsnivå.

Samarbeidet mellom OSSE og EU vart utvida i 2001. EU har lagt meir vekt på krisehandtering, og dette er eit område som vert stadig viktigare for dette samarbeidet. Felles innsats i samanheng med situasjonar i Serbia og Den føderale republikken Jugoslavia er døme på dette samarbeidet. I tillegg spelar OSSE ei positiv rolle, gjennom ODIHR, HCNM og medierepresentanten, når det gjeld å førebu EU-søkjarland på medlemskap i unionen.

2.6 Budsjettarbeidet

2001 vart prega av lange og tunge forhandlingar om sentrale sider ved drifta av og strukturen til organisasjonen, særleg gjennom budsjettet for 2002, men òg gjennom det finansielle regelverket, dei personalpolitiske retningslinene og nøkkelen for medlemslanda sine tilskot til OSSE.

Det lukkast ikkje det rumenske formannskap å kome i mål på desse områda før utgangen av året. Problemstillingar som har samanheng med OSSEs rettsevne (som er emne for separate forhandlingar) sette ein stoppar for forhandlingane om eit nytt finansielt regelverk og nye personalpolitiske retningsliner. Hovudproblema låg i i kva grad Generalsekretæren skulle ha styringsmakt over OSSE-institusjonane og kva status finanskomiteen skulle ha.

I april 2001 vedtok Det faste rådet ein revisjon av fordelingsnøkkelen for sendelag og prosjekt med eit budsjett større enn NOK 104 millionar (EUR 13 mill). USA og somme andre land pliktar etter dette vedtaket å betale ein større del enn tidlegare. Vedtaket skulle gjelde mellombels fram til 31. desember 2004. Då ville det verte vedteke ein ny fordelingsnøkkel grunna på mellom anna kriteria som FN nyttar i utrekningane sine. Samstundes vart det oppnemnt ei arbeidsgruppe som skulle sjå på spørsmål knytt til fordelingsnøkkelen, vedteken i Helsingfors 1992, som gjeld for sendelag og andre aktivitetar med budsjett mindre enn NOK 104 millionar. Arbeidsgruppa hadde fleire møte i 2001, men heldt ikkje fristen for å kome til semje om revisjon av nøkkelen innan utgangen av året.

Problemet med Helsingfors-nøkkelen vart ei stor sak i parallelle møte, som vart haldne under ministermøtet i Bucuresti. 10 SUS-land, som alle meinte dei fortente ein reduksjon i sin del, varsla at dei ikkje kunne gå med på å vedta budsjettet for 2002, med mindre ein først vedtok å revidere Helsingfors-nøkkelen.

Intense forhandlingar leidde før jul til at ei handfull EU-land, og i tillegg Sveits og Noreg, sa seg villige til ei mindre auke av sine delar for å kome i møte dei 10 SUS-landa sine ønskemål om lågare tilskot. Usbekistan kom deretter med ytterlegare krav om reduksjon. Det var på det tidspunktet for seint å få andre land til å auke sin prosentdel slik at ein kunne dekkje inn gapet som vart skapt av dette siste innspelet.

Difor var situasjonen ved årsskiftet at organisasjonen ikkje hadde vedteke eit budsjett for aktivitetane i 2002, i påvente av semje om ein revisjon av Helsingfors-nøkkelen.

Budsjettforhandlingane i 2001 vart i seg sjølve karakteriserte som dei vanskelegaste som organisasjonen nokon gong hadde stått overfor. Tidleg i forhandlingane kravde Russland og fleire andre SUS-land nullvekst i budsjettet frå 2001 til 2002. Etter politisk tungt fordøyelege vedtak i Rådet i andre halvdel av desember, kravde Russland at ein sette eit tak på budsjettet for 2002. Taket var så mykje lågare enn det budsjettframlegget sekretariatet hadde lagt fram at ein måtte kome til kompromiss om eit budsjettvolum som låg noko høgare enn det russiske framlegget. Det vart oppnådd prinsipiell semje om eit budsjett for 2002 på NOK 1,4 milliardar, mot NOK 1,5 milliardar dei to tidlegare åra.

Generalsekretæren fekk i oppgåve å presentere eit nytt budsjettframlegg innan midten av januar med dei naudsynte nedskjeringane for å kome ned i NOK 1,4 milliardar. Ved utgangen av året var det difor eit ope spørsmål om det ville verte semje om sekretariatet sitt framlegg til nedskjeringar. Uvissa var knytt både til vedtaking av budsjettet for 2002 og til revidert fordelingsnøkkel.

2.7 OSSE si rettsevne

Det har ikkje lukkast å kome til semje om å regulere OSSEs rettsevne, privilegium og immunitet. Det rumenske formannskapet leidde i 2001 arbeidet med forhandlingane, etter det austerrikske formannskapet. Sjølv om det er oppnådd framsteg i forhandlingane om ei tekst, står det framleis att å avklare sentrale spørsmål mellom medlemslanda. Det har òg gjort seg gjeldande ulike syn på om OSSE treng å ha rettsevne i det heile.

Tidlegare er det skissert tre alternativ for å løyse problemet med OSSEs rettsevne, privilegium og immunitet. Det første er ei unilateral løysing grunna på vedtak frå ministermøtet i Roma i 1993, som vert iverksett i nasjonal lovgjeving; det andre er ei multilateral løysing med ein konvensjon som vert ratifisert av medlemsstatane, og det tredje er ei bilateral løysing med ein modellavtale for bilaterale avtalar mellom kvart einskilt medlemsland og OSSE, som gjev OSSE rettsevne, privilegium og immunitet.

Gjennom forhandlingane i 2001 har det multilaterale alternativet vakse fram som den typen rettsleg dokument som størstedelen av medlemslanda ønskjer. Det rumenske formannskapet utarbeidde våren 2001 eit framlegg til konvensjonsdokument, som har vore til diskusjon mellom medlemslanda. Dette konvensjonsdokumentet tek utgangspunkt i Roma-vedtaket frå 1993 om rettsleg status for OSSE-institusjonane. Med ein slik konvensjon vil ei unik tekst gjelde for alle medlemsland, og OSSE vil verte garantert lik immunitet og like privilegium. I tillegg må medlemslanda stå til rette for kvarandre når det gjeld å etterleve skyldnadene i konvensjonen. Ein konvensjon er òg den mest vanlege måten å gje rettsevne, privilegium og immunitet til ein internasjonal organisasjon på. Ei slik løysing vil vere enkel, klar og heilskapleg.

Forhandlingane om avtaleteksta har førebels stranda på sentrale underliggjande spørsmål. Det er ikkje full semje om kva slags dokument som skal veljast. Nokre få land er mot ei løysing som byggjer på ein konvensjon. Nokre få land ønskjer heller ikkje at OSSE skal få full folkerettsleg rettsevne. Desse har uttrykt preferanse for bilaterale modellavtalar. Det er heller ikkje semje om den eventuelle konvensjonen sitt omfang eller bruksområde. Det har frå nokre medlemsland vorte uttrykt ønskemål om at ein eventuell konvensjon skal utgjere ei rettsleg ramme for funksjonsdelinga mellom OSSE sine ulike organ, institusjonar og sendelag.

Det portugisiske formannskapet skal i 2002 leie arbeidet i arbeidsgruppa for rettsleg status for OSSE. Det portugisiske formannskapet har sagt at dette arbeidet skal prioriterast.

Til forsida