St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

5 Brev frå det rumenske formannskapet

Dykkar Eksellense

Som formann i Det faste rådet har eg æra av å gje Dykk ein rapport om framdrifta i aktivitetane til den uformelle Arbeidsgruppa for OSSEs rettslege handleevne og for privilegium og immunitet.

Som nemnt i rapporten frå Det faste rådet til ministerrådsmøtet i Wien i november 2000 vart Det faste rådet oppmoda til å halde fram innsatsen sin og byggje på arbeid som hadde vorte gjort tidlegare om OSSEs rettslege handleevne og om privilegium og immunitet. Det faste rådet gjer dette gjennom arbeidsgruppa, som vert godt leidd av dr. Helmut Tichy frå Austerrike.

I 2001 heldt arbeidsgruppa fram med arbeidet sitt og gjorde store framsteg når det gjaldt utarbeidinga av mange tekniske føresegner. Men leiaren av arbeidsgruppa har opplyst at det framleis er ei rekkje spørsmål som må løysast på politisk nivå. Desse spørsmåla er:

  • Spørsmålet om kva type dokument det skal vere. Eit stort fleirtal i arbeidsgruppa er for ein konvensjon.

  • Spørsmålet om OSSE skal vere eit internasjonalt rettssubjekt. Eit stort fleirtal i arbeidsgruppa meiner at OSSE bør få ei slik stilling.

  • Spørsmålet om omfanget av konvensjonen, dvs. bør han skape eit rettsleg grunnlag for arbeidet til dei ulike komponentane i OSSE? Eit stort fleirtal i arbeidsgruppa er mot dette.

  • Spørsmålet om lik eller ulik handsaming av komponentane i OSSE. Eit fleirtal i arbeidsgruppa synest å vere for å gje alle komponentane i OSSE same privilegium og immunitet.

Arbeidsgruppa og leiaren har arbeidd iherdig med denne saka, men det har ikkje vore mogeleg å finne ei løysing på dei ovannemnde spørsmåla enno. Så snart ein kjem fram til ei fullgod klargjering med omsyn til desse aspekta, bør arbeidsgruppa halde fram det viktige arbeidet sitt med sikte på å kome fram til ei løysing på denne saka om OSSEs rettslege handleevne samt privilegium og immunitet.

Liviu Bota

Ambassadør

H.E. Mircea Dan Geoana¸

Sitjande formann i OSSE

Til forsida