St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

7 Tilhøvet til Japan, Sør-Korea og Thailand som partnarland i OSSE

Japan og Sør-Korea vert begge omtala som partnarland til OSSE, men har i røynda ulik status. Thailand vart teke opp som partnarland i OSSE i 2000. Det vart samstundes vedteke å utarbeide retningsliner for opptak av nye partnarland i framtida.

Samarbeidet med Japan kom i gang etter eit vedtak som vart gjort på toppmøtet i Helsingfors i 1992. Som følgje av japansk interesse for OSSE-saker og at landet deler prinsippa og måla til organisasjonen og er aktivt engasjert i europeisk samarbeid i relevante organisasjonar, har det utvikla seg eit etter måten tett samarbeid. Japan har fått observatørstatus og har rett til å vere til stades på alle OSSE-møta. Balkan har stått i fokus for samarbeidet. Japan har sekondert personell til sendelaga i Skopje, Kroatia og Bosnia-Hercegovina og har dessutan gjeve store økonomiske tilskot.

Sør-Korea vart invitert til toppmøtet i Budapest i 1994. Det var første gongen landet deltok på eit OSSE-møte. Sidan 1995 har Sør-Korea delteke på relevante OSSE-møte, mellom anna toppmøte, ministermøte, tilsynskonferansar og seminar. Sør-Korea har òg delteke i OSSE-aktivitetar, til dømes valobservasjon i Bosnia-Hercegovina, og har dessutan gjeve økonomisk stønad til avvikling av val.

OSSE og Sør-Korea arrangerte i fellesskap ein konferanse i Seoul 19. - 21. mars med temaet «Mogleg bruk av OSSE sine tillits- og tryggleiksskapande tiltak (CSBM) i Nordaust-Asia».

Til forsida