St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

6 Middelhavspartnarane

Dei seks middelhavspartnarane er Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko og Tunisia. Bakgrunnen for samarbeidet med middelhavslanda kan ein finne i Sluttakta frå Helsingfors av 1975. Ho slår fast at tryggleik i Europa og tryggleik i middelhavsområdet er delar av eit heile, og at arbeidet med tryggingsspørsmål difor bør gjelde dette området òg.

Portugal, som påtroppande formannskap, hadde i 2001 formannskapet i kontaktgruppa med middelhavspartnarane i 2001. Kontaktgruppa møter kvar månad for mellom anna å verte opplyste om OSSE si verksemd. I juni vart det avvikla eit seminar i Wien for middelhavspartnarane og partnarlanda om «Utfordringar og opningar gjennom økonomisk utvikling». Det årlege middelhavsseminaret vart halde i Dubrovnik i Kroatia 30. - 31. oktober. Temaet for seminaret var «Gjennomføring av OSSE sine skyldnader innan økonomi- og miljødimensjonen: OSSE sine røynsler og relevansen av desse for Middelhavsområdet». Deltakarane var samde om at kontaktgruppa i Wien måtte utnyttast betre, og at økonomi- og miljøaspekt burde integrerast i dei jamlege diskusjonane for å tryggje oppfølging av seminaret.

Til forsida