St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

9 Nye utfordringar

I tillegg til dei tradisjonelle oppgåvene vart arbeidet i OSSE i 2001 prega av to nye hovudsaker; styrking eller reform av OSSE og organisasjonen si rolle i kampen mot terrorisme. Drøftingane om reform hadde stått på dagsordenen i lengre tid, medan debatten om terrorisme kom i gang etter åtaka på USA 11. september. Arbeidet med OSSE sitt tilskot til den internasjonale kampen mot terrorisme gav retning og innhald i reformdrøftingane fram mot ministermøtet i Bucuresti.

9.1 Reform av organisasjonen

Russisk misnøye med organisasjonen, som mellom anna hadde hatt ein negativ innverknad på resultatet frå ministermøtet i Wien i 2000, utgjorde eit bakteppe for drøftingane om styrking eller reform av organisasjonen. Russland var ein pådrivar i desse drøftingane. Russland ønskte betre balanse i OSSE sitt arbeid, både geografisk og mellom dei tre dimensjonane. Etter russisk oppfatning la ein i OSSE for stor vekt på den menneskelege dimensjonen og for liten vekt på politiske drøftingar og på den økonomiske dimensjonen. Dei sentralasiatiske landa gav òg uttrykk for slike synspunkt. Det var etter ministermøtet i Wien tydeleg at ein måtte ta tak i dette problemkomplekset for å kome russarane og andre SUS-land i møte, og i så stor grad som mogleg tryggje konstruktiv russisk deltaking i OSSE sitt arbeid vidare framover.

Det rumenske formannskapet tok initiativ til drøftingar om reform av organisasjonen i juni med sikte på å kome fram til semje om ei reformpakke på ministermøtet i Bucuresti i desember. Formannskapet fekk allmenn oppslutning om å starte ein serie møte om reform for å få idéar og tankar på bordet og for å leggje grunnlag for naudsynt semje før Bucuresti-møtet. Fleire land deltok aktivt i drøftingane. Tyskland og Nederland la vekt på større bruk av arbeidsgrupper i tillegg til å trekkje hovudstadene tettare inn i dialogen. Storbritannia gjorde framlegg om å opprette underkomitéar under Det faste rådet som tilsvara dei tre dimensjonane i OSSE. Tanken var at dette skulle syte for ein betre balanse i OSSE sitt arbeid og tryggje at alle saker vart godt førebudde.

Russland spela ei aktiv og engasjert rolle i desse møta, slik dei hadde gjort i møta til den såkalla tryggingsmodellkomitéen fram mot vedtaket av Pakta for europeisk tryggleik på toppmøtet i Istanbul. Russland la fram seks ulike utkast til reform av organisasjonen. Desse handla om djuptgripande reform både av forma på den politiske dialogen i OSSE og av måten organisasjonen vart driven på. Blant dei russiske argumenta for reform var geografisk ubalanse i OSSE sitt arbeid og faren for å redusere OSSE til ein organisasjon som berre yter tenester for andre organisasjonar. USA ønskte minst mogleg reform. Frå amerikansk side var ein uroleg for at vidtrekkande reformer kunne skade fleksibiliteten til organisasjonen. EU inntok ein mellomposisjon. Det britiske framlegget om underkomitéar fekk relativt brei støtte. Noreg peika i debatten på at ein måtte klargjere målet med reform av OSSE. Integrasjon og kjensle av eigarskap til organisasjonen måtte vere retningsgjevande. Noreg tok til orde for å gjere den politiske dialogen djupare og meir inkluderande, å styrkje posisjonane til sekretariatet og Generalsekretæren, for å opprette eit kontor for kontakt med NATO i Brussel og for å opprette ei høgare politirådgjevarstilling.

Trass i dei breie drøftingane og dei til dels omfattande framlegga som hadde vorte fremja under prosessen, var likevel ikkje vedtaka frå ministermøtet i Bucuresti særleg vidtgåande. På russisk initiativ vedtok ministermøtet å opprette ei arbeidsgruppe som skulle føre vidare reformdiskusjonen i 2002. Det viktigaste reformvedtaket frå ministermøtet var å opprette ein underkomité under Det faste rådet for den økonomiske og økologiske dimensjonen. Ei viss endring av Forumet for tryggingsamarbeid vart òg vedteken. Eit meir omfattande endringsframlegg om administrative endringar av organisasjonen, mellom anna budsjettprosessen, vart det likevel ikkje semje om. Noreg arbeidde under ministermøtet for ein underkomité under Det faste rådet for den menneskelege dimensjonen, men det var ikkje mogleg å få konsensus om dette.

9.2 Kampen mot terrorisme

Terroråtaka i USA 11. september 2001 gav tryggingsutfordringar i OSSE eit nytt og langt meir aktuelt innhald. Det rumenske formannskapet oppnemnde alt i slutten av september ei arbeidsgruppe om terrorisme, under leiing av den danske OSSE-ambassadøren. Arbeidsgruppa utarbeidde utkast til eit vedtak og ein handlingsplan mot terrorisme som begge vart vedtekne på ministerrådsmøtet i Bucuresti.

Den danske ambassadøren la i sluttrapporten sin vekt på to hovudpunkt som retningsgjevande for gruppa sitt arbeid. For det første skulle sluttresultatet forsterke Plattforma for kooperativ tryggleik og plasserast trygt inn under FN, som er den normative ramma for den internasjonale kampen mot terrorisme. For det andre måtte handlingsplanen vere breitt grunna og dra nytte av det breie tryggingskonseptet, som er eineståande for OSSE, og som gjev OSSE eit svært godt utgangspunkt for det vidare arbeidet i kampen mot terrorisme.

På bakgrunn av handlingsplanen er det truleg på det politirelaterte område at OSSE kan gje sitt viktigaste tilskot. Planen slår fast at organisasjonen skal kunne gje medlemslanda råd, opplæring og anna praktisk hjelp for å byggje opp eit meir effektivt politi- og rettsapparat. Dei områda som peikar seg særleg ut, er både allmenn politiopplæring og opplæring av meir spesialisert karakter for å kjempe mot korrupsjon, organisert kriminalitet og handel med menneske, narkotika og handvåpen. Dette er felt der OSSE har komparative føremoner på grunn av si breie verksemd og røynsle.

Eit anna viktig område der OSSE er godt stilt for å styrke innsatsen, er oppbygging og styrking av demokratiske og moderne styresett og institusjonar som krevst for å gje medlemslanda større motstandskraft mot terrorisme og ekstremisme.

Geografisk sett vil mykje av OSSE-aktivitetane etter alt å dømme verte retta mot landa i Sentral-Asia. Nærleiken til Afghanistan gjer dei særleg utsette både for terroraktivitetar og for den organiserte kriminaliteten, som skaper eit økonomisk grunnlag for terroristane. Alt ti dagar etter ministermøtet i Bucuresti kom det første utslaget av denne nyorienteringa, i form av ein konferanse om tryggleik og terrorisme i Sentral-Asia. Konferansen vart halden i Bisjkek 13. - 14. desember 2001 i regi av OSSE og FNs kontor for narkotikakontroll og kriminalitetsførebygging (UNODCCP). Konferansen utarbeidde eit handlingsprogram mot terrorisme som ei oppfølging av sentrale element frå Bucuresti-planen.

Når det gjeld den vidare oppfølginga av handlingsplanen mot terrorisme, er dei ulike institusjonane i OSSE pålagde å leggje fram eit «vegkart» for Det faste rådet for gjennomføring av fastlagde oppgåver. Vegkartet skal omfatte ein timeplan, ressursimplikasjonar og ei vurdering av kva slags aktivitetar som krev fleire vedtak i Det faste rådet.

Til forsida