St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

11 Rapport frå formannskapets spesialrepresentant for forhandlingar etter artikkel V i vedlegg 1-B i den allmenne rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina (Dayton-avtalen)

Forhandlingane etter artikkel V vart fullførde 18. juli 2001, då dei tjue deltakarstatane oppnådde konsensus om eit sluttdokument. Dette avslutta ein lang forhandlingsprosess. Vedtaket om å ta for seg artikkel V vart gjort på det sjette ministerrådsmøtet i København (1997), to år etter Dayton/Paris. Det tok endå eit år før ein oppnådde konsensus om eit mandat for forhandlingane.

Sluttdokumentet er mindre enn kva mange deltakarstatar såg for seg då forhandlingane byrja. Til dømes er det ikkje noko kopling, med omsyn til våpenkontroll, til landa nemnde i Dayton-avtalen artikkel IV. Dette speglar den endra politiske situasjonen i regionen, særleg opptaket av Republikken Jugoslavia i OSSE.

Sluttdokumentet inneheld ei rekkje frivillige tillits- og tryggleiksskapande tiltak, som for det meste byggjer på dei som er nemnde i Wien-dokumentet 1999. Desse er tilpassa regionale krav og kan sjåast på som ein større katalog med retningsliner, som deltakarstatane kan bruke i samsvar med sine eigne tryggingskrav.

Med tanke på vanskane med å finne felles posisjonar blant tjue statar som ofte har sprikande synspunkt, kan vedtakinga av sluttdokumentet for artikkel V-forhandlingane sjåast som ein stor suksess. Sluttdokumentet er ei klar melding frå det internasjonale samfunnet om kor viktig Søraust-Europa er. Dette er første gongen i historia at landa i denne regionen har inngått ein regional stabiliseringsavtale. Truverdet til denne avtalen vert styrkt av at fleire land utanfor regionen er involvert.

Gjennomføringa av føresegnene i artikkel V vil verte gjennomgådd kvart år av landa som deltek i kommisjonen som har vorte oppnemnd i sluttdokumentet.

Ettersom artikkel V omfattar omtrent dei same landa som Stabilitetspakta, er artikkelen fullt ut komplementær til Stabilitetspakta. Sidan dei har dei same målsetjingane, fungerer artikkel V i grunnen som det utøvande organet til undergruppa for forsvars- og tryggingssaker i arbeidsgruppe III.

Artikkel V vil spele ei positive rolle i regionen som ein del av ei omfattande ordning for å stabilisere Søraust-Europa.

Til forsida