St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

4 Erklæring frå ministerrådsmøtet i Bucuresti

Bucuresti, 4. desember 2001

1. Vi, medlemmene i OSSEs ministerråd, har kome saman i Bucuresti i ei verd som er djupt påverka av det grufulle åtaket i USA, som vart utført av internasjonale terroristar. Desse hendingane har forsterka viljen til deltakarstatane, i heile OSSE-området, til å styrkje og utvide samarbeidet mellom seg.

2. Vi fordømmer resolutt alle terrorismehandlingar. Terrorisme, same kva han vert grunngjeve med eller kva opphav han har, kan ikkje forsvarast. Ikkje noko sak kan rettferdiggjere åtak på uskuldige menneske. I kampen mot terrorisme kan ingen vere nøytral.

3. Som ei spegling av OSSEs solidaritet har Ministerrådet i dag gjort eit vedtak om og vedteke ein handlingsplan mot terrorisme. Vi stadfestar på ny at kampen mot terrorisme ikkje er ein krig mot religionar eller folk. Vi stadfestar vår forplikting til å verne om menneskerettar og grunnleggjande fridomar.

4. Vi er oppsette på å verne borgarane våre mot nye utfordringar med omsyn til tryggleiken deira samtidig som vi skal sikre rettstryggleiken, einskildmennesket sine fridomar, og lik rett etter lova. Organisert kriminalitet, ulovleg narkotika- og våpenhandel, og menneskehandel påverkar tryggleiken, økonomien og den sosiale strukturen til alle deltakarstatane. Ministerrådet støttar større innsats og meir internasjonalt samarbeid for å kjempe mot desse utfordringane, og ber deltakarstatane som enno ikkje er det, om å verte partar i FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og protokollane til denne.

5. Vi helsar med glede gjennomgangen av strukturane i OSSE, som vart gjort på initiativ frå det rumenske formannskapet med sikte på å gjere OSSE meir effektiv, og at det i dag vert gjort vedtak om å styrkje rolla til OSSE som eit forum for politisk dialog omkring spørsmålet om tryggleik og samarbeid i Europa. Dette styrkjer fastleiken vår til å gjere meir effektiv bruk av OSSE sine middel og mekanismar for å svare på truslar og utfordringar med omsyn til tryggleiken og stabiliteten i OSSE-området. Særleg har vi vedteke å styrkje samarbeidet vårt i den økonomiske og miljømessige dimensjonen og å styrkje OSSE si rolle i politirelaterte aktivitetar; Det faste rådet har gjort vedtak om naudsynte tiltak slik at OSSE kan fremje og støtte desse. Ministerrådet gjev Det faste rådet, gjennom ei arbeidsgruppe for reform av OSSE, i oppgåve å halde fram med å vurdere spørsmål som gjeld reform av OSSE, og å leggje fram rapport på neste ministerrådsmøte.

6. Vi stadfestar på ny vår fulle tilslutning til FN-pakta og til Sluttakta frå Helsingfors, Paris-pakta, Tryggingspakta for Europa og alle andre OSSE-dokument vi har vedteke. Vi stadfestar at vi til rett tid og utan unntak vil oppfylle alle OSSE-forpliktingane våre.

7. Vi ser framleis med uro på at det enno finst konfliktar i ulike regionar i OSSE-området som truar etterlevinga av prinsippa i Sluttakta frå Helsingfors i fleire deltakarstatar og samtidig kan true freden og stabiliteten i OSSE-området. Vi verdset OSSEs viktige rolle når det gjeld tidleg varsling, konfliktførebygging, krisehandtering, og atterreising etter konflikt. Vi heidrar særskilt dei kvinnene og mennene som gjer teneste i OSSE sine institusjonar og feltoperasjonar, og rosar dei for deira engasjement og harde arbeid.

8. Vi stadfestar at vi vil ta for oss truslar mot tryggleik og stabilitet på 2000-talet. Vi ber om at Det faste rådet utviklar ein strategi slik at OSSE kan gjere sin del for å svare på desse truslane. Vi ber Forumet for tryggingssamarbeid om å kome med sitt eige tilskot, innanfor sin kompetanse og sitt mandat.

9. Vi understrekar at våpenkontroll og tillits- og tryggleiksskapande tiltak framleis er eit kjerneelement i OSSEs overordna tilnærming til tryggleik. Vi er oppsette på å gjere ytterlegare innsatsar innanfor Forumet for tryggingssamarbeid når det gjeld å ta opp deltakarstatane sine felles tryggleiksproblem og å forfølgje OSSE-omgrepet full og udeleleg tryggleik i den politiske og militære dimensjonen.

10. Vi merkar oss at Avtalen om opne luftrom tok til å gjelde 1. januar 2002. Vi ser fram til at statspartane gjennomfører avtalen.

11. Saman kan vi møte utfordringane vi står overfor i dag. Vi fornyar forpliktinga vår til nært samarbeid mellom oss sjølve, individuelt og innan organisasjonen, og med samarbeidspartnarane våre i middelhavsområdet og med Japan, Republikken Korea og Thailand, samt mellom OSSE og andre internasjonale organisasjonar, institusjonar og subregionale grupper, i samsvar med Plattforma for kooperativ tryggleik.

12. Vi fornyar òg forpliktinga vår til relasjonar grunna på suveren jamlikskap, gjensidig respekt, samarbeid og støtte til demokrati. Vi er oppsette på å byggje relasjonane våre på prinsippet om felles og full tryggleik, i ei ånd av partnarskap, solidaritet og openskap. Vi er framleis forplikta til eit OSSE-samfunn frå Vancouver til Vladivostok, heilt, fritt og i fred, som svarar på utfordringar med omsyn til fred og stabilitet gjennom samordna innsats.

Til forsida