Pensjonsavdelinga

Pensjonsavdelinga har det overordna ansvaret for pensjonspolitikken, inkludert arbeidet med pensjonsreforma.

Avdelinga har ansvaret for folketrygda sitt pensjonssystem, dei offentlege tenestepensjonsordningane, avtalefesta pensjon, ulike lovfesta tidlegpensjonsordningar, personskadetrygdene og samordningsregelverket. I tillegg har avdelinga ansvaret for folketrygda sine yrkesskadeytingar, juridiske problemstillingar som gjeld folketrygda og internasjonale trygderettslege spørsmål. Avdelinga har etatsstyringsansvar for Statens pensjonskasse og Maritim pensjonskasse (MPK).

Avdelinga har følgande seksjonar:

Budsjett- og etatsstyringsseksjonen (BES)

Seksjonen har ansvaret for koordinering av avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet og for etatsstyringa av avdelinga sine to underliggjande verksemder: Statens pensjonskasse og Maritim pensjonskasse. Seksjonen koordinerer også avdelinga sitt arbeid knytt til departementet si etatsstyring av Arbeids- og velferdsdirektoratet. BES har også ansvaret for avdelinga sitt internbudsjett og for koordinering av høyringssaker.

Avdelingsdirektør Else Staven

Internasjonal og juridisk seksjon (IJS)

Seksjonen har ansvaret for medlemskap i folketrygda, gjennomføring i norsk rett av folkerettslege trygdekoordineringsforpliktingar, internasjonale føresegner om lovval, framforhandling av , bilaterale trygdeavtalar og dei forvaltningsmessige føresegna i folketrygdlova, blant anna regelverk knytt til trygdemisbruk. 

Avdelingsdirektør Erik Dæhli

Pensjonsfagleg seksjon (PFS)

Seksjonen har ansvaret for folketrygda sin alderspensjon, ytingar til attlevande ektefelle og barn, yrkesskadereglane i folketrygda, regelverket for dei offentlege tenestepensjonsordningane, reglane om statstilskot til avtalefesta pensjon, reglane om samordning av pensjons- og trygdeytingar, pensjonsordning for sjukepleiarar, pensjonstrygd for arbeidstakarar til sjøs, pensjonstrygda for fiskarar, krigspensjon og gravferdsstønad.

Avdelingsdirektør Biørn Bogstad

Økonomi- og utgreiingsseksjonen (ØUS)

Seksjonen har ansvaret for å greie ut økonomiske, fordelingsmessige og andre samfunnsmessige konsekvensar innanfor avdelinga sine fagområde. Seksjonen har utgreiingsoppgåver knytt til arbeidet med pensjonsreforma.

Avdelingsdirektør Silje Aslaksen

Ansvarsområde 

Pensjonspolitikken skal sikre inntekt i alderdommen og leggje til rette for ein fleksibel og gradvis overgang frå arbeid til pensjon. Det nye pensjonssystemet er retta mot fire hovudmål. Det skal vere økonomisk og sosialt berekraftig, gje god motivasjon til arbeid, ha god fordelings- og likestillingsprofil og byggje på enkle hovudprinsipp.