Fiskerisamarbeidet med Russland
Artikkel | Sist oppdatert: 21.11.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Bestandane av nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, lodde, blåkveite og snabeluer i Barentshavet blir forvalta som fellesbestandar av Noreg og Russland. Dette krev eit nært samarbeid som sikrar ei rasjonell ressursforvaltning. Samarbeidet gjeld økonomisk viktige ressursar, til dømes er førstehandsverdien av torskekvotane 8,4 milliardar kroner.
Noreg og Russland har samarbeidd om fiskeriforsking sidan tidleg på 1900-talet, og på 1950-talet vart samarbeidet meir organisert. I åra som har gått er det utvikla eit omfattande og godt fiskerisamarbeid. I internasjonal samanheng står det norsk- russiske samarbeidet om fiskeriforvaltninga fram som svært vellukka. Det byggjer på eit breidt avtaleverk og er formalisert gjennom to avtalar underskrivne i 1975 og 1976. Dei to avtalane er gjensidige og balanserte avtalar om regulering av felles fiskebestandar og byte av kvotar på nasjonale bestandar.
Kommisjonen fastset kvotane
Den blanda norsk-russisk fiskerikommisjonen møtest årleg og fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Dei avtalar også gjensidig fiske i kvarandre sine soner og byter kvotar innanfor både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Russiske forskarar er mellombels suspenderte frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Kvoteråda dei siste åra for dei fellesbestandane vi forvaltar saman med Russland, er difor utarbeidde i ei bilateral arbeidsgruppe mellom Havforskingsinstituttet og det russiske forskingsinstituttet VNIRO. Arbeidsgruppa har følgt metodikken og rammeverket til ICES for bestandsvurdering og rådgjeving.
Russiske forskarar er mellombels suspenderte frå Det internasjonale rådet for havforsking ICES. Kvoteråda for 2024 for dei bestandane vi forvaltar saman med Russland er derfor i år utarbeidt i ei bilateral arbeidsgruppe mellom Havforskningsinstituttet og det russiske forskingsinstituttet VNIRO Arbeidsgruppa har følgt ICES metodikk og rammeverk for bestandsvurdering og rådgiving.
Noreg og Russland innleia i 1992 eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål gjennom Fiskerikommisjonen, og oppretta i 1993 "Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren". Det er sett i verk ei rekkje konkrete tiltak for å betre kontrollen med ressursane både på sjø og land. Det er innført rutinar for betre samarbeid mellom kystvaktene og kontrollstyresmaktene i dei to landa, medrekna å utveksle informasjon om fangst- og landingsdata og å utveksle landingsinspektørar og kystvaktobservatørar.
Kven er med i den norske delegasjonen?
Den norske delegasjonen består av representantar frå embetsverket i Nærings- og fiskeridepartementet og Utenriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, forskarar frå Havforskningsinstituttet, Kystvakten, Troms- og Finnmark statsadvokatembete, Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Sjømat Noreg, KS, Sametinget, samt tolkar. Delegasjonsleiar er departementsråd i Nærings- og fiskeridepartementet Mette I. Wikborg.
Kven deltek frå russisk side?
Det er tilsvarande motpartar i den russiske delegasjonen, som ved tidlegare forhandlingar.
Delegasjonslistene for både den norske og russiske delegasjonen blir lagd ut saman med pressemeldinga når forhandlingane er over, slik det blir gjort kvart år.
Forvaltningsreglar
Resultata frå det langvarige havforskingssamarbeidet dannar grunnlaget for dei årslege forvaltningsvedtaka, og dei får på den måten avgjerande verdi for forvaltninga av felles fiskebestandar i Barentshavet. Det er særleg viktig å få til ei rasjonell skatning av torskebestanden. Kvotefastsetjinga er basert på omforente og langsiktige haustingsreglar. Første generasjon av haustingsreglane for torsk, hyse og lodde kom på byrjinga av 2000-talet og desse har seinare vorte vidareutvikla og revidert. Noreg og Russland er samde om å halde frem arbeidet med ein forvaltingsplan for reker, blåkveite og snabeluer og med revidering av forvaltingsplan for lodde.
Gjennom dei årlege kvoteavtalane blir det også fastsett viktige regulerings- og kontrolltiltak som skal sikre ei berekraftig og forsvarleg ressursforvaltning.
Kampen mot overfiske har saman med felles forvaltningsstrategiar og samarbeid om ressurskontroll hatt stor betydning for at bestandssituasjonen i Barentshavet no er svært god og unik i global samanheng. Dette gir grunnlag for eit rikt fiskeri for norske og russiske fiskarar.