§ 8-1: Møteplikt og deltaking i fleire møte samtidig

Forståinga av kommunelova når det gjeld deltaking i fleire møte i folkevalde organ på same tid

18. januar 2022

Svar på spørsmål om møteplikt og deltaking i fleire møte samtidig

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til e-post 21. desember 2021 frå Vestland fylkeskommune ved Silje Lyngstad. De har spørsmål om forståinga av kommunelova når det gjeld deltaking i fleire møte samtidig i folkevalde organ kor representantane møter digitalt gjennom skjerm. De ber også om departementet sitt syn på kva konsekvensar det vil ha, mellom anna for om eit vedtak er lovleg, om ein folkevald deltek på to møte samtidig.

Departementet tek ikkje stilling til den konkrete saka, men kan gi uttrykk for den generelle forståinga vår av kommunelova.

Kommunelova § 8-1 første ledd slår fast at medlemer av eit fylkeskommunalt folkevald organ har møteplikt. Dette gjeld sjølvsagt både for fysiske møte og for fjernmøte. Departementet legg til grunn at plikta til å møte er nokså streng. Folkevalde har samtykt til å la seg velje til verv og har då plikt til å ta på seg vervet og til å delta i møte. Kommunelova § 8-1 presiserer at det berre er i tilfelle kor medlemen har "gyldig forfall" at dei ikkje har møteplikt.

Dersom ein folkevald er medlem av to ulike folkevalde organ som har møte på same tid, for eksempel i kommunestyret og i fylkestinget, har vedkommande i utgangspunktet møteplikt i begge organ etter kommunelova § 8-1. Kommunelova skil ikkje mellom fylkeskommunale eller kommunale verv. Dei er i utgangspunktet likestilte. I samsvar med tidlegare tolkingsutsegn legg departementet til grunn at møteplikt i eit folkevald organ er gyldig forfall i eit anna folkevald organ der same person har møteplikt samtidig. Den folkevalde kan då sjølv avgjere kva organ han eller ho skal møte i.

Departementet viser til at det ved fysiske møte ikkje vil vere praktisk mogeleg å delta på fleire møte på same tid. Ved fysiske møte som går parallelt vil alternativet berre vere å søkje fritak frå eitt av møta, som skildra i sist avsnitt. Spørsmålet blir då om dette stiller seg ulikt ved fjernmøte etter kommunelova § 11-7.

Departementet legg til grunn at plikta til å delta i møtet etter kommunelova § 8-1 gjeld tilsvarande ved fjernmøte, med den presiseringa som følgjer av § 11-7 andre ledd første setning om at medlemene ikkje pliktar å møte opp fysisk og sitje i same lokale. Prinsippet i kommunelova er at det er dei same reglane som gjeld for fjernmøte som for fysiske møte. Formålet med møteplikta er også den same. Møteplikta skal sikre at dei folkevalde varetek verva sine gjennom at dei er til stade, deltek i sakshandsaminga og stemmer når dei skal gjere vedtak om noko. Den skal også sikre at dei folkevalde høyrer same informasjon og dermed får felles grunnlag for å gjere vedtak. Desse formåla vil ikkje vere sikra om det var høve for folkevalde å delta i fleire møte i folkevalde organ på same tid. Samanhengen i regelverket tilseier at det må vere like regler ved fjernmøte som ved fysiske møte. Departementet har derfor kome til at det ikkje er høve for folkevalde å delta på fleire møte samtidig.

Departementet meiner det same må gjelde også for andre møte der den folkevalde ikkje har møteplikt etter kommunelova. Vi viser her til at det normalt skal mykje til for at vanleg arbeid blir rekna som gyldig forfall frå plikta i lova til å delta i møta til eit folkevald organ. Dette er også årsaka til at den som taper inntekter som følgje av eit kommunalt tillitsverv har krav på erstatning for tapt inntekt, jf. kommunelova § 8-3 tredje ledd og at ein har krav på fri frå sitt arbeid for å oppfylle møteplikta, jf. kommunelova § 8-2 første ledd. På same måte som at ein ikkje kan delta på møte i to ulike folkevalde organ på same tid, kan det derfor ikkje vere tvil om at møteplikta etter § 8-1 i kommunelova er til hinder for deltaking i andre møte samstundes som det er møte i eit folkevald organ.

Til slutt i brevet ber de om departementet sitt syn på kva konsekvensar det vil ha, mellom anna for om eit vedtak er lovleg, om ein folkevald bryt møteplikta i kommunelova § 8-1. Departementet kan ikkje gje eit eintydig svar på det. Om eit vedtak er lovleg eller ikkje, må vurderast heilt konkret. Vi viser og til dei allmenne forvaltningsrettslege prinsippa om ugyldigheit, kor ein mellom anna tar stilling til om det ligg føre ei handsamingsfeil som kan ha verka bestemmande på innhaldet i vedtaket.

Med helsing

Siri Halvorsen (e.f.)
avdelingsdirektør

Siri Sand Kaastad
seniorrådgjevar