Spørsmål om valg av medlemmer til arbeidsmiljøutvalget II

Om kommunedirektøren kan peke ut folkevalgte til å være medlemmer i arbeidsmiljøutvalget, eller om disse må komme fra administrasjonen.

Brevdato: 16. februar 2022

Svar på spørsmål om val av medlemmer til arbeidsmiljøutvalet

Vi viser til e-post frå Sykkylven kommune 10. november 2021 og vårt foreløpige svar 17. desember 2021.

I e-posten viser de til departementet si fråsegn i sak 20/741 1, der det er lagt til grunn at det er kommunedirektøren som har ansvaret for å peike ut arbeidsgivars representantar til arbeidsmiljøutvalet. De ber om ei ytterligare presisering av tolkinga, og spør om desse representantane må kome frå administrasjonen eller om kommunedirektøren også kan peike ut politikarar frå kommunestyret, som til dømes ordførar.

Departementet vil først vise til at kommunedirektøren er leiar for den kommunale administrasjonen, jf. kommunelova § 13-1. Stillinga gir ikkje kommunedirektøren mynde til å påleggje folkevalde å sitje i arbeidsmiljøutvalet.

Det neste spørsmålet blir difor om kommunedirektøren kan peike ut folkevalde, viss dei samtykker.

I fråsegna i sak 20/741-1 la departementet til grunn at arbeidsmiljøutvalet er eit administrativt organ, i motsetnad til eit folkevald organ. Det blei i den samanhengen peika på at den nye kommunelova gjer skiljet mellom administrative og folkevalde organ enda tydelegare. Dette skiljet er eit grunnleggjande trekk med kommunelova og pregar gjennomgåande heile systematikken til lova.

Departementet meiner etter dette at kommunedirektøren berre kan peike ut tilsette i kommunen til å representere arbeidsgivar i arbeidsmiljøutvalet.

Med hilsen

Siri Halvorsen (e.f.)
avdelingsdirektør

Erland Aamodt
fagdirektør