Fiskerisamarbeidet med EU og Storbritannia
Artikkel | Sist oppdatert: 14.10.2021 | Nærings- og fiskeridepartementet
Noreg har god dialog med både EU og Storbritannia om det framtidige samarbeidet om fiskeri. Fellesbestandar som til og med 2020 har vært forvalta av Noreg og EU i fellesskap, er no eit trilateralt spørsmål som Noreg, EU og Storbritannia må samarbeide om.
Fleire av bestandane i Nordsjøen vandrar mellom fiskerisoner i Noreg, EU og Storbritannia. Bestandar som tidlegare vart forvalta i fellesskap mellom EU og Noreg, må no forvaltast mellom Noreg, EU og Storbritannia. Dette samarbeidet bør, slik Noreg ser det, formaliserast i ein overordna rammeavtale mellom dei tre partane.
Den bilaterale fiskeriavtalen mellom Noreg og EU
Noreg og EU har sidan 1978 inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vestom Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Dei årlege kvoteavtaleane har grunnlag i ein bilateral rammeavale som tredde i kraft i 1980. Avtalen inneheld føresegner om forvalting av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis i mange år hatt eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, men dette ansvaret ligg no, som tidlegare nemnt, på alle tre partar, inklusive Storbritannia.
Eit viktig element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vestom Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.
Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dette har no endra seg då mykje av dei kvotane Noreg bytta til seg frå EU, blei fiska i britisk farvatn. Når britane no ikkje lenger er ein del av EU endrar karakteren på bytet seg noko.
Bilateral avtale mellom Noreg og Storbritannia
Noreg og Storbritannia inngjekk i 2020 ei overordna rammeavtale om fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan inngå avtalar om sonetilgang og kvotebyte, og vidare inneheld rammeavtalen føresegner om berekraftig ressursutnytting, samarbeid om forsking, kontroll og lisensiering.
Forholdet mellom Noreg og Storbritannia på fiskeriområdet er godt. Vi har tidlegare samarbeidd om kontroll av norske og britiske fartøy som fiskar i statanes respektive jurisdiksjonsområder. Langt på veg deler òg Noreg og Storbritannia synet på overordna prinsipp for fiskeriforvaltning, som no kjem til uttrykk i den nye rammeavtalen.
Etter at Storbritannia tredde ut av EU og frå 1. januar 2021 ikkje lenger var omfatta av EUs felles fiskeripolitikk (EU Common Fisheries Policy, CFP), har landet blitt ein viktig kyststat for bestandar som er delt mellom Noreg, Storbritannia og andre kyststatar i Nordaust-Atlanteren. Tradisjonelt har tilgang til å fiske i farvatn som no er britiske jurisdiksjonsområder vore viktig for Noreg.
Svensk fiske i Norges økonomiske sone (NØS)
Utvidelsen av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fikk også betydning for svenske fiskere som hadde hatt et tradisjonelt fiske i Nordsjøen i områder som etter 1977 inngikk i Norges økonomiske sone. Disse fiskerne hadde få muligheter til alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Norge tilbød Sverige en såkalt nabolandsavtale om fiskerier, som sikret svenske fiskere retten til å fortsette fisket i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskere tildeles kvoter på torsk, hyse, hvitting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk.