Fiskerisamarbeidet med Russland

Bestandane av nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, lodde, blåkveite og snabeluer i Barentshavet blir forvalta som fellesbestandar av Noreg og Russland. Dette krev eit nært samarbeid som sikrar ei rasjonell ressursforvaltning. Samarbeidet gjeld økonomisk viktige ressursar, til dømes er førstehandsverdien av torske- og hysekvotane godt over 10 milliardar kroner.

Noreg og Russland har samarbeidd om fiskeriforsking sidan tidleg på 1900-talet, og på 1950-talet vart samarbeidet meir organisert. I åra som har gått er det utvikla eit omfattande og godt fiskerisamarbeid. I internasjonal samanheng står det norsk- russiske samarbeidet om fiskeriforvaltninga fram som svært vellukka. Det byggjer på eit breidt avtaleverk og er formalisert gjennom to avtalar underskrivne i 1975 og 1976. Dei to avtalane er gjensidige og balanserte avtalar om regulering av felles fiskebestandar og byte av kvotar på nasjonale bestandar.

Kommisjonen fastset kvotane

Den blanda norsk-russisk fiskerikommisjonen møtest årleg og fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Dei avtalar også gjensidig fiske i kvarandre sine soner og byter kvotar innanfor både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Totalkvotane som Noreg og Russland fastset i Fiskerikommisjonen er baserte på tilrådingar frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES), der både norske og russiske forskarar er med.

Noreg og Russland innleia i 1992 eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål gjennom Fiskerikommisjonen, og oppretta i 1993 "Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren". Det er sett i verk ei rekkje konkrete tiltak for å betre kontrollen med ressursane både på sjø og land. Det er innført rutinar for betre samarbeid mellom kystvaktene og kontrollstyresmaktene i dei to landa, medrekna å utveksle informasjon om fangst- og landingsdata og å utveksle landingsinspektørar og kystvaktobservatørar.

 

Forvaltningsreglar

Resultata frå det langvarige havforskingssamarbeidet dannar grunnlaget for dei årslege forvaltningsvedtaka, og dei får på den måten avgjerande verdi for forvaltninga av felles fiskebestandar i Barentshavet. Det er særleg viktig å få til ei rasjonell skatning av torskebestanden. . Kvotefastsetjinga er basert på omforente og langsiktige haustingsreglar. Første generasjon av haustingsreglane for torsk, hyse og lodde kom på byrjinga av 2000-talet og desse har seinare vorte vidareutvikla og revidert.

Gjennom dei årlege kvoteavtalane blir det også fastsett viktige regulerings- og kontrolltiltak som skal sikre ei berekraftig og forsvarleg ressursforvaltning.

Kampen mot overfiske har saman med felles forvaltningsstrategiar og samarbeid om ressurskontroll hatt stor betydning for at bestandssituasjonen i Barentshavet no er svært god og unik i global samanheng. Dette gir grunnlag for eit rikt fiskeri for norske og russiske fiskarar.