Utval: Strategiutval for idrett

28. januar 2015 oppretta regjeringa eit strategiutval for idretten for å utforme ein idrettspolitikk for framtida. Arbeidet vart leidd av Jan Åge Fjørtoft som har med seg eit breidt samansett utval med mykje erfaring frå idretts- og samfunnslivet.

Utvalet hadde i oppdrag å kome med framlegg om korleis inaktive, funksjonshemma og andre grupper som tradisjonelt deltek lite i idrett kan bli stimulert til å drive med fysisk aktivitet. Samstundes skulle dei kome med tilrådingar til korleis ein etisk og fagleg basert toppidrett kan bli vidareutvikla. Rammevilkåra for frivilleg arbeid innanfor alle område i idretten skulle vere sentrale element i utvalet sitt arbeid.

Utvalet presenterte sine tilrådingar i to rapportar. 

Første rapport: Statlig idrettspolitikk inn i en ny tid. Avlevert 8. juni 2016.

Andre rapport: Den norske idrettsmodellen inn i en ny tid. Avlevert 5. januar 2017.

Mandat for strategiutvalet for idrett (.pdf)

Medlemmane i utvalet 

Jan Åge Fjørtoft (fødd 1967) (utvalsleiar)

Fjørtoft er sjølvstendig næringsdrivande og arbeider for fleire selskap og organisasjonar i Norge og i utlandet. Han er rådgjevar for det norske herrelandslaget i fotball og vore med i prosjektet ”Handshake for Peace” frå starten.  Jan Åge er tidlegare profesjonell fotballspelar og har mellom anna spelt i Premier League og tysk Bundesliga. Han har spelt 71 landskampar for Noreg. Fjørtoft kjem frå Gursken på Sunnmøre, og bur i Asker. 

Anneli Nesteng (fødd 1978)

Anneli Nesteng er kraftverkssjef for Norsk Hydro i Sogn. Ho har vore aktiv i ei rekkje eigenorganiserte idrettar, mellom anna fjell- og isklatring, padling og jollesegling. Ho har og drive med downhill-sykling, langrenn og maraton. I 2013 blei Nesteng kåra av E24 til eit av dei ti beste unge leiartalenta her i landet. Nesteng kjem fra Østfold, og bur i Sogndal.  

Mikael Oguz (fødd 1976)

Då Mikael Oguz blei kåra til årets trenarforbilde i 2012 framheva juryen dei gode haldningane og verdiane hans. Oguz er leiar for Grorud Taekwondoklubb, som vart starta av faren hans. Han har sjølv vore aktiv i klubben i 15 år. Mikael Oguz jobbar i dag som assisterande landslagstrenar i taekwondo for Norges Kampsportforbund.  

Aase Kristin H. Abrahamsen (fødd 1962)

Aase Kristin H. Abrahamsen er rådgjevar for idrett og fysisk aktivitet i Alta kommune. Ho har særskildt god kunnskap om dei utfordringane kommunesektoren har på idrettsområdet, ikkje minst når det gjeld idrettsanlegg. Ho kjem frå Ålesund og har budd i Alta sidan 1988.

Cato Zahl Pedersen (fødd 1959)

Cato Zahl Pedersen har som toppidrettsutøvar tatt 13 gull- og ein sølvmedalje i fire Paralympics-meisterskap. Han har tatt medaljar i langrenn, alpint og friidrett. I sine ”Unarmed-ekspedisjonar” har han nådd Sydpolen og bestige fleire av dei høgste fjella i verda. Zahl Pedersen har hatt mange posisjonar og verv innanfor idretten. Han har jobba mest med idrett for funksjonshemma – sist som fagkonsulent for paralympiske idrettar ved Olympiatoppen. Han er prosjektleiar ved Reaktorskolen og bur på Nesodden i Akershus. 

Jorid Degerstrøm (fødd 1973)

Jorid Degerstrøm er lege ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg og medisinsk ansvarleg for herrelandslaget i fotball. Ho har tidlegare arbeidd med toppidrett gjennom Olympiatoppen. Degerstrøm bur i Tromsø. 

Øyvind Sandbakk (fødd 1981)

Øyvind Sandbakk er forskingskoordinator ved Senter for toppidrettsforsking ved NTNU. Han er leiar for forskning og utvikling ved Olympiatoppen Midt-Noreg. Han har også ulike verv og engasjement i langrennsidretten. Sandbakk bur i Trondheim. 

Ingrid Tollånes (fødd 1965)

Ingrid Tollånes er leiar for avdelinga for samfunn og gave og nasjonale prosjekter i Gjensidigestiftelsen. Ho har lang erfaring frå arbeid med idrett på ulike plan, mellom anna som generalsekretær i Oslo idrettskrets i ei årrekkje. Tollånes har vore med i Markarådet. Ho har og vore styremedlem i Forskingsrådet sitt program for idrett, samfunn og frivillig organisering. Tollånes er frå Skien, og bur i Oslo. 

Magnus Sverdrup (fødd 1975)

Magnus Sverdrup er spesialrådgjevar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komitè (NIF). Han har hatt ulike posisjonar i NIF sidan 2002. Sverdrup kjem frå Kristiansand, og bur i Oslo.